Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MARK
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next
Chapter 3
Mark NorSMB 3:1  Då Jesus ein annan gong gjekk inn i ei synagoga, var der ein mann som hadde ei nomi hand,
Mark NorSMB 3:2  og dei gjætte på honom um han vilde lækja mannen på kviledagen, so dei kunde få noko å klaga honom for.
Mark NorSMB 3:3  Då sagde han til mannen med den nomne handi: «Reis deg upp og kom fram!»
Mark NorSMB 3:4  Og til dei andre sagde han: «Er det rett å gjera godt på kviledagen eller å gjera vondt - berga eit liv eller drepa?» Dei tagde.
Mark NorSMB 3:5  Då såg han rundt ikring på deim, både harm og sorgfull for di dei var so harde og stride. So sagde han til mannen: «Rett fram handi!» Då rette han henne fram, og handi hans vart like god att.
Mark NorSMB 3:6  Men farisæarane gjekk ut og tok straks til å samråda seg med Herodes-mennerne korleis dei skulde få gjort ende på honom.
Mark NorSMB 3:7  So for Jesus med læresveinarne sine burt til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilæa fylgde med; og frå Judaland
Mark NorSMB 3:8  og Jerusalem og Idumea og bygderne på hi sida Jordan og kring Tyrus og Sidon kom dei til honom i flokketal, då dei høyrde um alt det han gjorde.
Mark NorSMB 3:9  Då sagde han til læresveinarne at det skulde liggja ein båt ferdig til honom for folkemengdi skuld, so dei ikkje skulde trengja honom;
Mark NorSMB 3:10  for han lækte mange, so alle som hadde eikor plåga, trengde seg innpå honom, og vilde få taka i honom.
Mark NorSMB 3:11  Og kvar gong dei ureine ånderne såg honom, kasta dei seg ned for føterne hans og ropa: «Du er Guds Son!»
Mark NorSMB 3:12  Men han forbaud deim både tidt og strengt å gjera honom kjend.
Mark NorSMB 3:13  So gjekk han upp i fjellet, og kalla til seg deim han sjølv vilde, og dei kom til honom.
Mark NorSMB 3:14  Og han valde ut tolv som skulde vera med honom, og som han vilde senda ut til å tala for folket,
Mark NorSMB 3:17  og Jakob, son åt Sebedæus, og Johannes, bror hans Jakob - deim kalla han Boanerges, det er Toresveinarne -
Mark NorSMB 3:18  og Andreas og Filip og Bartolomæus og Mattæus og Tomas og Jakob, son åt Alfæus, og Taddæus og Simon Kananæus
Mark NorSMB 3:20  Med det same han kom heim, samla folket seg i hop att, so dei kunde ikkje ein gong få seg mat.
Mark NorSMB 3:21  Då hans eige folk fekk høyra det, for dei heimantil og vilde få tak i honom; «han må vera frå vitet!» sagde dei.
Mark NorSMB 3:22  Men dei skriftlærde som var komne ned frå Jerusalem, sagde: «Be’elsebul hev fare i honom! og: «Det er djevlehovdingen sjølv som hjelper honom til å driva ut djevlar.»
Mark NorSMB 3:23  Då kalla han deim til seg og tala til deim i likningar: «Korleis kann Satan driva ut Satan?»
Mark NorSMB 3:24  Kjem eit rike i strid med seg sjølv, so kann det riket ikkje standa,
Mark NorSMB 3:25  og kjem eit hus i strid med seg sjølv, so stend det huset ikkje med lag.
Mark NorSMB 3:26  Set no Satan seg upp mot seg sjølv og kjem i strid med seg sjølv, so kann han ikkje standa seg; då er det ute med honom.
Mark NorSMB 3:27  Men ingen kann ganga inn i huset til ei kjempa og rana eignaluterne hans, hev han ikkje fyrst lagt kjempa i band; då kann han plundra huset.
Mark NorSMB 3:28  Det segjer eg dykk for sant: Alt skal tilgjevast menneskjeborni, både synder og spottord, kor mykje dei spottar;
Mark NorSMB 3:29  men den som spottar den Heilage Ande, fær i all æva ikkje tilgjeving; han er saka i ei æveleg synd» -
Mark NorSMB 3:30  det var for di dei sagde: «Han hev ei urein ånd i seg.»
Mark NorSMB 3:31  So kom mor hans og brørne hans; dei vart standande utanfor, og sende bod til honom um han vilde koma ut.
Mark NorSMB 3:32  Det sat ein stor flokk kringum honom, og dei sagde til honom: «Sjå, mor di og brørne dine stend utanfor og spør etter deg!»
Mark NorSMB 3:34  So såg han rundt på deim som sat i ein ring kringum honom, og sagde: «Sjå det er mor mi og brørne mine!
Mark NorSMB 3:35  Den som gjer det Gud vil, han er bror min og syster mi og mor mi.»