Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ROMANS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next
Chapter 11
Roma NorSMB 11:1  Difor segjer eg: Hev då Gud støytt frå seg folket sitt? Nei, langt ifrå; for eg er og ein israelit, av Abrahams ætt, av Benjamins ættgrein.
Roma NorSMB 11:2  Gud hev ikkje støytt frå seg folket sitt som han kjende fyreåt. Eller veit de ikkje kva Skrifti segjer der ho talar um Elia, korleis han stig fram for Gud imot Israel og segjer:
Roma NorSMB 11:3  «Herre! Profetarne dine drap dei, altari dine reiv dei ned, og eg vart åleine att, og dei stend meg etter livet.»
Roma NorSMB 11:4  Men kva segjer Guds svar til honom? «Eg leivde meg sju tusund mann som ikkje bøygde kne for Ba’al.»
Roma NorSMB 11:5  Soleis hev det då og i denne tid vorte att ein leivning etter nådens utveljing.
Roma NorSMB 11:6  Men er det av nåde, so er det ikkje lenger av gjerningar, elles vert nåden ikkje nåde lenger.
Roma NorSMB 11:7  Kva so? Det som Israel trår etter, det hev det ikkje nått, men dei utvalde hev nått det, dei hine hev vorte forherde,
Roma NorSMB 11:8  som skrive stend: «Gud gav deim ei dauvskapsånd, augo til å ikkje sjå og øyro til å ikkje høyra, alt til den dag i dag.»
Roma NorSMB 11:9  Og David segjer: «Lat bordet deira verta deim ei snara og ei gildra ei fella og ei attergjeld!
Roma NorSMB 11:10  Lat augo deira dimmast, so dei ikkje ser, og bøyg alltid ryggen deira!»
Roma NorSMB 11:11  Difor segjer eg: Hev dei då snåva for di at dei skulde falla? Nei, langt ifrå! men ved deira fall er frelsa komi til heidningarne, so det skal vekkja deim til kapphug.
Roma NorSMB 11:12  Men er deira fall ein rikdom for verdi, og deira skade ein rikdom for heidningar, kor mykje meir då deira fullending!
Roma NorSMB 11:13  For til dykk talar eg, de heidningar. So sant som eg er heidningapostel, ærar eg embættet mitt,
Roma NorSMB 11:14  um eg då kunde vekkja samættingarne mine til kapphug og få frelst nokre av deim.
Roma NorSMB 11:15  For hev verdi vorte forlikt med Gud med då dei var burtkasta, kva anna vert det då enn liv av daude, når dei vert mottekne?
Roma NorSMB 11:16  Men er fyrstegrøda heilag, so er deigi det og, og er roti heilag, so er greinerne det og.
Roma NorSMB 11:17  Um no like vel sume av greinerne vart avbrotne, og du, som var ein vill oljekvist, vart innpota imillom deim og vart samhavande med deim i roti og feita på oljetreet,
Roma NorSMB 11:18  so rosa deg ikkje imot greinerne! men um du rosar deg, so er det då ikkje du som ber roti, men roti som ber deg.
Roma NorSMB 11:19  So vil du vel segja: «Greinerne vart avbrotne for di at eg skulde verta innpota.»
Roma NorSMB 11:20  Ja vel! ved si vantru vart dei avbrotne, men du stend ved trui; ovmodast ikkje, men ottast!
Roma NorSMB 11:21  For sparde ikkje Gud dei naturlege greinerne, so vil han ikkje spara deg heller.
Roma NorSMB 11:22  Sjå då Guds godleik og strengleik: Strengleik imot deim som er falne, men godleik imot deg, so framt du held deg til godleiken, elles skal du og verta avhoggen.
Roma NorSMB 11:23  Men hine skal og verta innpota, dersom dei ikkje held fram i vantrui; for Gud er megtig til å pota deim inn att.
Roma NorSMB 11:24  For dersom du vart avhoggen av det oljetreet som er vilt av naturi, og imot naturi innpota i eit godt oljetre, kor mykje heller skal dei då verta innpota i sitt eige oljetre, dei som av naturi høyrer til der!
Roma NorSMB 11:25  For eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um denne løyndomen - so de ikkje skal tykkjast dykk sjølve kloke - at forherding til deils er komi yver Israel, til dess at fullnaden av heidningarne er komen inn,
Roma NorSMB 11:26  og so skal heile Israel verta frelst, som skrive stend: «Frå Sion skal frelsaren koma, rydja gudløysa burt frå Jakob,
Roma NorSMB 11:27  og når eg tek burt deira synder, er dette mi pakti med deim.»
Roma NorSMB 11:28  Etter evangeliet er dei fiendar for dykkar skuld, men etter utveljingi er dei elska for federne skuld;
Roma NorSMB 11:29  for Gud tregar ikkje på nådegåvorne sine og kallet sitt.
Roma NorSMB 11:30  For liksom de fyrr var ulyduge mot Gud, men no hev fenge miskunn ved deira ulydnad,
Roma NorSMB 11:31  so hev dei og no vore ulyduge for at dei og skal få miskunn med den miskunn som de hev fenge;
Roma NorSMB 11:32  for Gud hev gjeve deim alle yver til ulydnad, so han skulde kunna miskunna deim alle.
Roma NorSMB 11:33  Å, for djup av rikdom og visdom hjå Gud! Kor uransakelege domarne hans er, og kor urekkjande vegarne hans!
Roma NorSMB 11:34  For kven kjende Herrens hug? eller kven var rådgjevaren hans?
Roma NorSMB 11:35  Eller kven gav honom noko fyreåt, so han skulde få vederlag att?
Roma NorSMB 11:36  For av honom og ved honom og til honom er alle ting. Han skal hava æra i all æva! Amen.