Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ROMANS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 9
Roma NorSMB 9:1  Eg segjer sanning i Kristus, eg lyg ikkje, samvitet mitt vitnar med meg i den Heilage Ande,
Roma NorSMB 9:2  at eg hev ei stor sorg og en stendig verk i hjarta mitt.
Roma NorSMB 9:3  For eg skulde ynskja at eg sjølv var bannstøytt burt frå Kristus for brørne mine, samættingarne mine etter kjøtet,
Roma NorSMB 9:4  dei som er israelitar, som hev barnekåret og herlegdomen og pakterne og lovgjevingi og gudstenesta og lovnaderne,
Roma NorSMB 9:5  dei som federne høyrer til og som Kristus er ætta frå etter kjøtet, han som er Gud yver alle ting, velsigna i all æva. Amen.
Roma NorSMB 9:6  Men det er ikkje so at Guds ord hev vorte til inkjes; for ikkje alle dei som er ætta frå Israel, er Israel;
Roma NorSMB 9:7  og ikkje heller er alle Abrahams born for di um dei er hans ætt; men: «Etter Isak som skal ætta di heita,»
Roma NorSMB 9:8  det vil segja: ikkje borni etter kjøtet er Guds born, men borni etter lovnaden vert rekna til ætti.
Roma NorSMB 9:9  For dette er eit lovnadsord: «Ved dette bilet kjem eg att, og då skal Sara hava ein son.»
Roma NorSMB 9:10  Og ikkje berre det, men so var det og med Rebekka, ho som var med born ved ein, det er Isak, far vår.
Roma NorSMB 9:11  For då dei endå var ufødde, og ikkje endå hadde gjort korkje godt eller vondt - for at Guds rådgjerd etter hans utveljing skulde standa ved lag, ikkje ved gjerningar, men ved honom som kallar -
Roma NorSMB 9:12  då vart det sagt til henne: «Den eldste skal tena den yngste,»
Roma NorSMB 9:13  som skrive stend: «Jakob elska eg, men Esau hata eg.»
Roma NorSMB 9:14  Kva skal me då segja? Skulde det finnast urettferd hjå Gud? Langt ifrå!
Roma NorSMB 9:15  For han segjer til Moses: «Eg vil miskunna den som eg miskunnar, og ynka den som eg ynkar.»
Roma NorSMB 9:16  So stend det då ikkje til den som vil, og ikkje heller til den som renner, men til Gud som gjer miskunn.
Roma NorSMB 9:17  For Skrifti segjer til Farao: «Just til dette reiste eg deg upp, at eg kunde syna magti mi på deg, og at namnet mitt kunde verta kunngjort yver all jordi.»
Roma NorSMB 9:18  So miskunnar han då kven han vil, og gjer kven han vil hard.
Roma NorSMB 9:19  So vil du vel segja til meg: «Kva hev han so endå å klaga for? For kven stend vel imot viljen hans?»
Roma NorSMB 9:20  Men kven er då du, menneskje, som trættar imot Gud? Skal då verket segja til verkaren: «Kvi gjorde du meg so?»
Roma NorSMB 9:21  Eller hev ikkje krusmakaren vald yver leiret, so han av same deigi kann gjera det eine kjerald til æra og det andre til vanæra?
Roma NorSMB 9:22  Men um no Gud, endå han vilde syna vreiden sin og kunngjera si magt, like vel med stort langmod tolde dei vreide-kjerald som var laga til undergang,
Roma NorSMB 9:23  so han og kunde gjera sin herlegdoms rikdom yver miskunnskjeraldi som han fyreåt hadde laga til herlegdom?
Roma NorSMB 9:24  Og til slike kalla han oss og, ikkje berre av jødar, men og av heidningar,
Roma NorSMB 9:25  som han og segjer hjå Hosea: «Det som ei er mitt folk, vil eg kalla mitt folk, og kalla henne elska som ei var elska;
Roma NorSMB 9:26  og det skal ganga so, at på den staden det vart sagt til deim: «De er ikkje mitt folk,» der skal dei kallast den livande Guds born.»
Roma NorSMB 9:27  Og som Jesaja ropar ut yver Israel: «Um talet på Israels born er som havsens sand, so skal då berre leivningen frelsast.
Roma NorSMB 9:28  For ordet sitt skal Herren setja i verk og snøgt fullføra på jordi.»
Roma NorSMB 9:29  Og som Jesaja fyrr hev sagt: «Hadde ikkje Herren Sebaot leivt oss eit sæde, so hadde me vorte som Sodoma og vorte like Gomorra.»
Roma NorSMB 9:30  Kva skal me då segja? At heidningarne som ikkje søkte rettferd, dei vann rettferd, men det var rettferdi av tru.
Roma NorSMB 9:31  Men Israel, som søkte rettferdslov, dei vann ikkje fram til denne lovi.
Roma NorSMB 9:32  Kvifor so? For di dei ikkje søkte henne med tru, men med gjerningar, for dei støytte seg på støytesteinen,
Roma NorSMB 9:33  som skrive stend: «Sjå, eg legg i Sion ein stein til støyt og eit berg til stygg; den som trur på honom, skal ikkje verta til skammar.»