Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
EPHESIANS
1 2 3 4 5 6
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 4
Ephe NorSMB 4:1  Eg legg dykk då på hjarta, eg den bundne i Herren, at de må ferdast so som verdigt er for det kallet som de vart kalla med,
Ephe NorSMB 4:2  med all audmykt og spaklynde, med langmod, so de toler kvarandre i kjærleik
Ephe NorSMB 4:3  og legg vinn på å halda Andens einskap i fredsens samband:
Ephe NorSMB 4:4  Ein likam og ein Ande, liksom de og er kalla med ei von i dykkar kall,
Ephe NorSMB 4:6  ein Gud og Fader til alle, han som er yver alle og gjenom alle og i alle.
Ephe NorSMB 4:7  Men kvar og ein av oss hev fenge nåden etter det målet som Kristi gåva vert mælt med.
Ephe NorSMB 4:8  Difor segjer Skrifti: «Han for upp i det høge og førde burt fangar og gav menneski gåvor.»
Ephe NorSMB 4:9  Men det at han for upp, kva er det, utan at han og fyrst for ned til lægderne på jordi?
Ephe NorSMB 4:10  Han som for ned, han er den same som for upp yver alle himlar, for at han skulde fylla alt.
Ephe NorSMB 4:11  Og det er han som gav oss sume til apostlar, sume til profetar, sume til evangelistar, sume til hyrdingar og lærarar,
Ephe NorSMB 4:12  so dei heilage kunde verta fullt tilbudde til å gjera tenesta, til å byggja upp Kristi likam,
Ephe NorSMB 4:13  til dess me alle saman når fram til einskapen i trui og i kjennskapen til Guds Son, til mogen manndom, til aldersmålet for Kristi fylla,
Ephe NorSMB 4:14  so me ikkje lenger skal vera umynduge og lata oss kasta og driva um av kvar lærdoms vind ved meinspel av menneski, ved sløgd i illråder som dei villfarande finn på,
Ephe NorSMB 4:15  men at me, true mot sanningi i kjærleik, i alle måtar skal veksa upp til honom som er hovudet, Kristus,
Ephe NorSMB 4:16  so heile likamen, samanknytt og samanfest ved kvart band som han gjev, veks sin vokster som likam ut ifrå honom til si uppbyggjing i kjærleik, alt etter den verksemd som er tilmælt kvar lem.
Ephe NorSMB 4:17  Dette segjer eg då og vitnar i Herren, at de ikkje lenger må ferdast som heidningarne ferdast i sin hugs fåfengd,
Ephe NorSMB 4:18  formyrkte i sin tanke, framande vortne for Guds liv ved den vankunna som er i deim for deira forherde hjarto skuld,
Ephe NorSMB 4:19  med di dei hev vorte tykkjelause og hev gjeve seg til ulivnad, til all ureinskaps gjerd med havesykja.
Ephe NorSMB 4:21  um de elles hev høyrt um honom og er upplærde i honom, so som sanning er i Jesus:
Ephe NorSMB 4:22  at de etter dykkar fyrre livsferd skal leggja av det gamle menneskje, som vert tynt ved dei dårande lyster,
Ephe NorSMB 4:24  og klæda dykk i det nye menneskje, som er skapt etter Gud med den rettferd og heilagdom som sanningi verkar.
Ephe NorSMB 4:25  Legg difor av lygni og tala sanning kvar med sin næste, av di me er kvarannans lemer.
Ephe NorSMB 4:26  Vert de vreide, so synda ikkje! Lat ikkje soli ganga ned yver dykkar harm!
Ephe NorSMB 4:28  Den som stal, stele ikkje lenger, men arbeide heller og gjere noko godt med sine hender, so han kann hava noko å gjeva til dei trengande.
Ephe NorSMB 4:29  Ingen roten tale koma ut or dykkar munn, men slik tale som er god til naudsynleg uppbyggjing, so det må vera til gagn for deim som høyrer på,
Ephe NorSMB 4:30  og gjer ikkje Guds Heilage Ande sorg, han som de hev fenge til innsigle til utløysingsdagen!
Ephe NorSMB 4:31  All illska og villska og vreide og skriking og spotting vere langt ifrå dykk liksom all vondskap!
Ephe NorSMB 4:32  Men ver gode mot kvarandre, miskunnsame, so de tilgjev kvarandre, liksom og Gud hev tilgjeve dykk i Kristus.