Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
EXODUS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 21
Exod NorSMB 21:1  So er dei retterne du skal leggja fram for deim:
Exod NorSMB 21:2  Når du kjøper ein hebraisk tenestdreng, so skal han tena seks år; i det sjuande skal han sleppa or tenesta for inkje og vera fri mann.
Exod NorSMB 21:3  Var han einsleg då han kom, so skal han og fara sin veg einsleg; var han gift, so skal kona hans vera med honom.
Exod NorSMB 21:4  Hev han fenge ei kona av husbonden sin, og fær søner eller døtter med henne, so skal kona og borni høyra husbonden til, og sjølv skal han fara sin veg einsleg.
Exod NorSMB 21:5  Men segjer tenaren so: «Eg held av husbonden min og kona mi og borni mine; eg vil ikkje vera fri og fara min veg,»
Exod NorSMB 21:6  då skal husbonden føra honom fram for Gud; og leida honom innåt hurdi eller dørskii, og husbonden skal stinga ein syl gjenom øyra hans; sidan skal han tena honom all si tid.
Exod NorSMB 21:7  Når ein mann hev selt dotter si til tenestgjenta, so kann ikkje ho tena seg fri liksom drengjerne.
Exod NorSMB 21:8  Hev husbonden fest henne åt seg sjølv, og so ikkje likar henne, skal han lata henne få kjøpa seg fri; han skal ikkje hava rett til å selja henne til utlendingar, fyrst han ikkje held det han lova henne.
Exod NorSMB 21:9  Men hevhan fest henne åt son sin, so skal ho njota same retten som døtterne hans eigne.
Exod NorSMB 21:10  Tek han seg ei onnor attåt henne, so skal han ikkje lata den fyrste vanta kost eller klæde eller hjåsvæve.
Exod NorSMB 21:11  Dersom han ikkje let henne få sin rett i desse tri stykki, so skal ho sleppa fri for inkje; ho skal ’kje leggja pengar.
Exod NorSMB 21:12  Den som slær ein mann so han døyr, han skal lata livet.
Exod NorSMB 21:13  Men hev han ikkje lege etter honom, og hev Gud laga det so at hin laut falla for handi hans, so skal eg nemna deg ein fredstad som han kann røma til.
Exod NorSMB 21:14  Når ein mann er so gudlaus at han drep grannen sin med svik, då skal du taka honom, um det so er innmed altaret mitt: han skal døy.
Exod NorSMB 21:15  Den som slær far sin eller mor si, skal lata livet.
Exod NorSMB 21:16  Den som tek ein mann og sel honom eller held honom fanga, skal lata livet.
Exod NorSMB 21:17  Den som bannar far sin eller mor si, skal lata livet.
Exod NorSMB 21:18  Når tvo trættar, og den eine slær den andre med ein stein eller med neven, og hin ikkje døyr, men vert sengeliggjande,
Exod NorSMB 21:19  og sidan kjem upp att, og gjeng ute med stav, då skal den som slo vera saklaus. Men han skal halda den andre skadelaus for den tidi han var ufør til arbeid, og kosta full lækjedom på honom.
Exod NorSMB 21:20  Når ein mann slær drengen eller tenestgjenta si med ein stav, so dei døyr under henderne hans, då skal det hemnast.
Exod NorSMB 21:21  Men liver dei ein dag eller tvo etterpå, so skal det ikkje hemnast; for dei var hans eigedom.
Exod NorSMB 21:22  Når folk er i hop og slæst, og dei støyter til ei fremmeleg kvinna, so ho fer ille, men ikkje elles fær noko mein, so skal den som gjorde det gjeva i skadebot so mykje som mannen hennar legg på honom, eller og skal dei gjeva det under menner.
Exod NorSMB 21:23  Men er det nokon som fær mein, so skal du gjeva liv for liv,
Exod NorSMB 21:24  auga for auga, tonn for tonn, hand for hand, fot for fot,
Exod NorSMB 21:25  og taka brune for brune, sår for sår, flengja for flengja.
Exod NorSMB 21:26  Når ein mann slær drengen sin, eller tenestgjenta si, i auga, so det vert unytt, so skal han til bot for auga gjeva deim frie.
Exod NorSMB 21:27  Slær han ut ei tonn på deim, so skal han gjeva deim frie til bot for tonni.
Exod NorSMB 21:28  Når ein ukse stangar mann eller kona so dei døyr, då skal uksen steinast, og kjøtet må ikkje etast; eigarmannen er saklaus.
Exod NorSMB 21:29  Men hev uksen fyrr vore olm, og eigaren er vara um det, og endå ikkje agtar honom, og han sidan drep mann eller kona, so skal uksen steinast, og eigaren skal og lata livet.
Exod NorSMB 21:30  Vil dei taka bøter, so skal han gjeva i løysepening for livet sitt so mykje som dei legg på honom.
Exod NorSMB 21:31  Stangar uksen svein eller møy, so gjeld same retten.
Exod NorSMB 21:32  Stangar han dreng eller tenestgjenta, so skal eigaren bøta tretti sylvdalar til husbonden deira, og uksen skal steinast.
Exod NorSMB 21:33  Når ein mann let ein brunn standa open, eller grev ein brunn og ikkje tekkjer yver, og ukse eller asen dett ned i,
Exod NorSMB 21:34  då skal den som eig brunnen, gjera lika for det: han skal gjeva den som åtte dyret pengar att i staden, men den daude skrotten skal vera hans.
Exod NorSMB 21:35  Når uksen åt ein mann stangar i hel ein framand ukse, då skal eigarane selja den uksen som liver, og byta pengarne millom seg, og den daude uksen skal dei og byta.
Exod NorSMB 21:36  Men er det kunnigt at uksen var olm, og eigaren ikkje hev agta honom, so skal han gjeva ein ukse i staden, og sjølv hava den daude.