GENESIS
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
Chapter 32
Gene | NorSMB | 32:2 | Då Jakob såg deim, sagde han: «Dette er Guds herlæger,» og han kalla den staden Mahanajim. | |
Gene | NorSMB | 32:3 | Og Jakob sende folk fyre seg til Se’irlandet, til Edomsmarki, med bod til Esau, bror sin. | |
Gene | NorSMB | 32:4 | Og han sagde deim fyre: «So skal de segja med herren min, Esau: «So segjer Jakob, tenaren din: «Eg hev halde til hjå Laban, og trøytt der til no. | |
Gene | NorSMB | 32:5 | Og eg hev fenge meg uksar og asen og småfe og drengjer og gjentor, og no var eg huga til å senda deg bod um dette, herre bror, um eg kunde gjera deg blid på meg.»»» | |
Gene | NorSMB | 32:6 | Og dei kom attende til Jakob og sagde: «Me råka Esau, bror din, og rett no kjem han sjølv til møtes med deg, og fire hundrad mann med honom.» | |
Gene | NorSMB | 32:7 | Då vart Jakob ovleg rædd, og det var so bringa hans vilde snøra seg i hop. Og han bytte folket som var med honom, og sauerne og nauti og kamelarne, i tvo hopar, | |
Gene | NorSMB | 32:8 | og sagde: «Um Esau kjem yver den eine hopen og slær honom ned, so kann den hopen som att er, få berga seg undan.» | |
Gene | NorSMB | 32:9 | Og Jakob sagde: «Du Gud åt Abraham, godfar min, du Gud åt Isak, far min, du Herre, som sagde til meg: «Far attende til landet ditt og fødesheimen din, og eg skal gjera vel imot deg» - | |
Gene | NorSMB | 32:10 | eg er ikkje verd all den miskunn og all den truskap du hev vist imot tenaren din; for med stav i hand gjekk eg yver denne Jordanelvi, og no er eg vorten til tvo store hopar. | |
Gene | NorSMB | 32:11 | Å, berga meg for Esau, bror min; for eg er so rædd honom; eg ottast han kann koma og slå i hel meg og mine, både mor og born. | |
Gene | NorSMB | 32:12 | Du hev då sjølv sagt: «Eg skal allstødt gjera vel imot deg og lata ætti di verta som havsens sand, som det ikkje er tal på.»» | |
Gene | NorSMB | 32:13 | So var han der um natti, og av alt det han åtte, tok han ut ei gåva til Esau, bror sin: | |
Gene | NorSMB | 32:15 | tretti mjølkekamelar med fyli deira, fyrti kvigor og ti vetrungsuksar, tjuge asenfyljur og ti asenfolar. | |
Gene | NorSMB | 32:16 | Og han let drengjerne sine fara i vegen med dette, kvar drift for seg, og sagde med deim: «Far de fyre meg, og lat det vera eit godt stykke millom kvar drift!» | |
Gene | NorSMB | 32:17 | So sagde han med den fyrste av deim: «Når Esau, bror min, møter deg, og han talar til deg og spør: «Kven høyrer du til, og kvar skal du av, og kven eig den bølingen, som du driv?» | |
Gene | NorSMB | 32:18 | då skal du segja: «Jakob, tenaren din; det er ei gåva han sender Esau, herren min, og snart kjem han sjølv etter.»» | |
Gene | NorSMB | 32:19 | Sameleis tala han til den andre og den tridje og til alle drivarane, og sagde: «De som eg no hev sagt, skal de segja med Esau, når de møter honom. | |
Gene | NorSMB | 32:20 | Og dette skal de og segja: «Snart kjem Jakob, tenaren din, etter.»» For han tenkte: «Eg vil blidka honom med denne gåva, som eg sender fyre meg, og sidan vil eg sjå honom i andlitet; kann henda han då tek vel imot meg.» | |
Gene | NorSMB | 32:22 | Same natti reis han upp, og tok båe konorne og båe ternorne sine og alle dei elleve sønerne sine og gjekk yver Jabbokvadet. | |
Gene | NorSMB | 32:24 | So var Jakob att åleine. Då kom det ein mann og drogst med honom radt til i dagingi. | |
Gene | NorSMB | 32:25 | Og då han såg at han ikkje kunde råda med honom, snart han mjødmeskåli hans, og mjødmi gjekk or led på Jakob, medan dei drogst. | |
Gene | NorSMB | 32:26 | Og han sagde: «Slepp meg, for no er det dagen.» Men Jakob sagde: «Eg slepper deg ikkje, utan du velsignar meg.» | |
Gene | NorSMB | 32:28 | Då sagde mannen: «Du skal ikkje lenger heita Jakob, men Israel. For du hev stridt med Gud og med menner, og vunne.» | |
Gene | NorSMB | 32:29 | Og Jakob spurde honom og sagde: «Kjære deg, seg meg namnet ditt!» Men han svara: «Kvi spør du etter namnet mitt?» Og han velsigna honom der. | |
Gene | NorSMB | 32:30 | Og Jakob kalla den staden Peniel; «for eg hev set Gud, andlit mot andlit,» sagde han, «og endå berga livet.» | |