Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next
Chapter 17
Job NorSMB 17:1  Mi ånd er knekt, mitt liv er sløkt, no hev eg berre gravi att.
Job NorSMB 17:2  Eg hæding finn på kvar ein kant, ved deira tråss lyt auga dvelja.
Job NorSMB 17:3  Å, set eit pant for meg hjå deg! Kven elles skal meg handslag gjeva?
Job NorSMB 17:4  Du stengde deira sjæl for skyn; difor vil du ikkje lyfta deim.
Job NorSMB 17:5  Den som gjev vener burt til plundring, hans søner sloknar augo på.
Job NorSMB 17:6  Eg er for folk til ordtak sett, som ein dei sputtar beint i syni.
Job NorSMB 17:7  Mitt auga sjukt av sorger er, og mine lemer er ein skugge.
Job NorSMB 17:8  Dei rettvise støkk yver slikt, og skuldfri harmast på ugudleg.
Job NorSMB 17:9  Men rettvis mann sin veg gjeng fram, og magti veks hjå reinhendt mann.
Job NorSMB 17:10  Men de - kom berre alle att! Eg ingen vismann finn hjå dykk.
Job NorSMB 17:11  Og mine dagar dei kvarv burt; og mine planar slitna sund, dei som mitt hjarta emna på.
Job NorSMB 17:12  Men dei gjer natti um til dag, som ljos var næmare enn myrkrer.
Job NorSMB 17:13  Eit hus i helheim er mi von, i myrkret reider eg mi seng.
Job NorSMB 17:14  Til gravi ropar eg: «Min far!» til makken: «Mor mi! Syster mi!»
Job NorSMB 17:15  Kvar vert det då av voni mi? Mi von, kven augnar henne då?
Job NorSMB 17:16  Til helheims bommar fer ho ned, når eg til kvile gjeng i moldi.»