Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next
Chapter 35
Job NorSMB 35:2  «Seg, trur du vel at slikt er rett, so du meir rettvis er enn Gud,
Job NorSMB 35:3  når djervt du spør: «Kva gagn hev eg, kva løn um eg frå syndi flyr?»
Job NorSMB 35:4  På dette vil eg svara deg og likeins venerne med deg.
Job NorSMB 35:5  Ditt auga du mot himmelen snu, og sjå på skyerne der uppe!
Job NorSMB 35:6  Di synd, kann ho vel skade honom? Lid han, um dine brot er mange?
Job NorSMB 35:7  Er du rettvis, kva gjev du honom? Kva fær han då utav di hand?
Job NorSMB 35:8  Di synd vedkjem ein mann som deg, di rettferd gjeld eit menneskje.
Job NorSMB 35:9  Dei klagar yver urett stor og skrik um hjelp mot valdsmenns arm;
Job NorSMB 35:10  men spør ’kje: «Kvar er Gud, min skapar, som let ved natt lovsongar tona,
Job NorSMB 35:11  gjev oss meir vit enn dyr på mark og meir forstand enn fugl i luft?»
Job NorSMB 35:12  Der ropar dei - han svarar ikkje - um hjelp mot ovmod hjå dei vonde.
Job NorSMB 35:13  Gud høyrer ei på tome ord, slikt agtar Allvald ikkje på.
Job NorSMB 35:14  Um enn du segjer du ei ser han, han ser han nok saki, bi på honom!
Job NorSMB 35:15  Og no, når vreiden hans ei refser, tru han ei kjenner dårskapen?
Job NorSMB 35:16  Men Job let upp sin munn til fåfengd, uvitugt talar han so mykje.»