EXODUS
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
Chapter 37
Exod | NorSMB | 37:1 | So gjorde Besalel kista; ho var av akazietre, halvtridje aln lang og halvonnor aln breid og halvonnor aln høg. | |
Exod | NorSMB | 37:2 | Han klædde henne med skirt gull både innan og utan, og gjorde ein gullkrans på henne rundt ikring. | |
Exod | NorSMB | 37:3 | Og han støypte fire gullringar, som han feste i dei fire føterne på kista, tvo på den eine sida og tvo på den andre. | |
Exod | NorSMB | 37:8 | den eine keruben ytst på den eine enden og den andre ytst på hin enden; i eitt med loket gjorde han kerubarne, ein på kvar ende. | |
Exod | NorSMB | 37:9 | Kerubarne heldt vengjerne utbreidde og upplyfte, so dei tekte yver loket med vengjerne sine, og andliti deira snudde mot kvarandre; dei vende augo mot loket. | |
Exod | NorSMB | 37:10 | So gjorde han bordet; det var av akazietre, tvo alner langt og ei aln breidt og halvonnor aln høgt. | |
Exod | NorSMB | 37:12 | Ei løvdebreid list gjorde han rundt um det, og på listi sette han og ein gullkrans, som gjekk heilt ikring. | |
Exod | NorSMB | 37:15 | Stengerne gjorde han av akazietre, og klædde deim med gull; deim var det bordet skulde berast etter. | |
Exod | NorSMB | 37:16 | So gjorde han dei kjeraldi som skulde setjast på bordet, fati og skålerne som høyrde til, og bollarne og kannorne som skulde skjenkjast drykkoffer av, alt av skirt gull. | |
Exod | NorSMB | 37:17 | So gjorde han ljosestaken; den var av skirt gull, og drive arbeid var det, både hoven og leggen. På staken var det blomar, med knuppar og utsprotne blad, og dei var samgjorde med honom. | |
Exod | NorSMB | 37:19 | På den eine armen var det tri utsprotne mandelblomar, med knupp og blad, og på den andre armen var og tri utsprotne mandelblomar, med knupp og blad, og soleis på alle dei seks armarne som greina seg ut ifrå ljosestaken. | |
Exod | NorSMB | 37:21 | ein blomsterknupp under dei fyrste tvo armarne, og ein under dei næste tvo armarne, og ein under det tridje paret av dei seks armarne som greina seg ut ifrå ljosestaken. | |
Exod | NorSMB | 37:22 | Både blomsterknupparne og armarne var samsmidde med staken; alt var eit heilgjort arbeid av drive, skirt gull. | |
Exod | NorSMB | 37:23 | Sidan gjorde han lamporne til ljosestaken, sju i talet, og sakserne og saksplatorne som høyrde til, alt av skirt gull. | |
Exod | NorSMB | 37:25 | So gjorde han røykjelsealtaret av akazietre, ei aln langt og ei aln breidt, firkanta, og tvo alner høgt. Horni på det var i eitt med sjølve altaret. | |
Exod | NorSMB | 37:26 | Han klædde det med skirt gull, både ovanpå og rundt ikring på sidorne og på horni, og gjorde ein gullkrans på det, heilt ikring. | |
Exod | NorSMB | 37:27 | Nedanfor kransen på dei tvo sidorne sette han tvo gullringar, tvo på kvar sida, til å smøygja stenger inn i som altaret skulde berast etter. | |