Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
HEBREWS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13
Prev Up Next
Chapter 11
Hebr NorSMB 11:1  Men tru er full vissa um det som ein vonar, yvertyding um ting som ein ikkje ser.
Hebr NorSMB 11:2  For på grunn av henne fekk dei gamle godt vitnemål.
Hebr NorSMB 11:3  Ved tru skynar me at verdi er fullførd ved Guds ord, so det som vert set, ikkje vart til av det synlege.
Hebr NorSMB 11:4  Ved tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain; ved henne fekk han det vitnemål at han var rettferdig, med di Gud vitna um gåvorne hans, og ved henne talar han enno, etter han er daud.
Hebr NorSMB 11:5  Ved tru vart Enok burtrykt, so han ikkje skulde sjå dauden, «og han vart ikkje funnen, av di Gud hadde rykt honom burt.» For fyrr han vart burtrykt, fekk han det vitnemål at han tektest Gud;
Hebr NorSMB 11:6  men utan tru er det umogelegt å tekkjast Gud; for den som vil koma til Gud, må tru at han er til, og at han løner deim som søkjer honom.
Hebr NorSMB 11:7  Ved tru var det Noah, då Gud varsla honom um det som ein ikkje såg endå, med heilag otte bygde ei ark til frelsa for sitt hus; ved henne fordømde han verdi og vart erving til den rettferd som er av tru.
Hebr NorSMB 11:8  Ved tru var Abraham lydug då han vart kalla, so han gjekk til den staden han skulde få til arv; og han tok ut, endå han ikkje visste kvar han skulde koma.
Hebr NorSMB 11:9  Ved tru busette han seg som utlending i det landet som var honom lova, liksom i eit framandt land, og budde i tjeld saman med Isak og Jakob, som var medervingar til den same lovnaden;
Hebr NorSMB 11:10  for han venta på byen med dei faste grunnvollarne, som Gud er byggmeister og skapar til.
Hebr NorSMB 11:11  Ved tru fekk og Sara kraft til å grunnleggja ei ætt, og det trass i alderen sin, for ho heldt honom for trufast som hadde lova det.
Hebr NorSMB 11:12  Difor vart det og av ein, og det ein utlivd, avla so mange som stjernorne på himmelen og som sanden på havsens strand, som ingen kann telja.
Hebr NorSMB 11:13  I tru døydde alle desse, utan dei hadde nått det som var lova; men dei såg det langt burte, og helsa det og sanna at dei var framande og utlendingar på jordi.
Hebr NorSMB 11:14  For dei som segjer slikt, dei syner at dei søkjer eit fedreland.
Hebr NorSMB 11:15  Og dersom dei hadde tenkt på det som dei kom ifrå, so hadde dei havt tid til å fara dit att;
Hebr NorSMB 11:16  men no stundar dei etter eit betre, det er eit himmelsk; difor skjemmest ikkje Gud ved deim, ved å kallast deira Gud; for han hev bygt ein by ferdig åt deim.
Hebr NorSMB 11:17  Ved tru ofra Abraham Isak, då han vart freista, ja, sin einborne ofra han som hadde fenge lovnaderne,
Hebr NorSMB 11:18  han som det var sagt til: «Etter Isak skal ætti di heita.»
Hebr NorSMB 11:19  For han tenkte at Gud var megtig endå til å vekkja upp ifrå dei daude, og han fekk honom liksom att derifrå.
Hebr NorSMB 11:20  Ved tru velsigna Isak Jakob og Esau med syn på det som skulde koma.
Hebr NorSMB 11:21  Ved tru velsigna Jakob døyande kvar ein av Josefs søner og tilbad, bøygd yver knappen på staven sin.
Hebr NorSMB 11:22  Ved tru tala Josef på sitt siste um at Israels born skulde ganga ut, og gav påbod um beini sine.
Hebr NorSMB 11:23  Ved tru vart Moses, då han var fødd, gøymd av foreldri sine i tri månader, av di dei såg at det var so vænt eit barn, og dei var ikkje rædde for kongens bod.
Hebr NorSMB 11:24  Ved tru vilde Moses, då han vart stor, ikkje kallast dotterson til Farao,
Hebr NorSMB 11:25  og valde heller å lida vondt saman med Guds folk, enn å hava ei stuttvarug njoting av syndi,
Hebr NorSMB 11:26  då han heldt Kristi vanære for større rikdom enn Egyptarlands skattar; for han såg fram til løni.
Hebr NorSMB 11:27  Ved tru forlet han Egyptarland, urædd for kongens vreide; for han heldt ut som um han såg den usynlege.
Hebr NorSMB 11:28  Ved tru heldt han påsken med utrenning av blodet, so tynaren ikkje skulde røra deira fyrstefødde.
Hebr NorSMB 11:29  Ved tru gjekk dei gjenom Raudehavet liksom yver turt land; men då egyptarane freista på det same, drukna dei.
Hebr NorSMB 11:30  Ved tru fall Jerikos murar, då dei hadde gjenge kring deim i sju dagar.
Hebr NorSMB 11:31  Ved tru slapp skjøkja Rahab å ganga under med dei vantruande, då ho hadde teke imot spæjarane med fred.
Hebr NorSMB 11:32  Og kvi talar eg meir? Tidi vilde verta meg for stutt, um eg skulde fortelja um Gideon og Barak og Samson og Jefta, um David og Samuel og profetarne,
Hebr NorSMB 11:33  som ved tru sigra yver kongerike, heldt uppe rettferd, vann lovnader, tepte gapet på løvor,
Hebr NorSMB 11:34  sløkte elds magt, slapp undan sverds egg, vart sterke att etter sjukdom, vart velduge i strid, fekk fiendeherar til å vika.
Hebr NorSMB 11:35  Kvinnor fekk sine daude att med di dei stod upp; andre vart utspana til pinsla med di dei ikkje vilde taka imot utløysing, so dei kunde vinna ei herlegare uppstoda;
Hebr NorSMB 11:36  andre fekk røyna spotting og hudflengjing, ja endå til band og fengsel.
Hebr NorSMB 11:37  Dei vart steina, gjenomsaga, freista, dei vart drepne med sverd, dei flakka ikring i sauskinn og geitskinn, leid naud og trengsla og hard medferd -
Hebr NorSMB 11:38  dei som verdi ikkje var verd, drivande um i øydemarker og fjell og holor og jordklufter.
Hebr NorSMB 11:39  Og endå alle desse fekk vitnemål for si tru, nådde dei ikkje lovnaden,
Hebr NorSMB 11:40  etter di Gud fyreåt hadde set ut noko betre for oss, so dei ikkje skulde verta fullkomne utan oss.