Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ISAIAH
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 26
Isai NorSMB 26:1  På den dagen skal dei syngja denne songen i Judalandet: «Ein sterk by hev me. Frelsa set han til mur og vern.
Isai NorSMB 26:2  Lat upp portarne, so der må få ganga inn eit rettferdigt folk, som varar truskap.
Isai NorSMB 26:3  Åt den som er hugfast, varar du stendig fred; for på deg lit han.
Isai NorSMB 26:4  Lit då på Herren allstødt! For Herren, Herren er eit æveleg berg.
Isai NorSMB 26:5  For han gjer deim ringe som hev fest bu i høgddom, støyter ned den grunnfeste byen, sturtar han til jordi, heilt ned i moldi.
Isai NorSMB 26:6  Føter trakka honom ned, føter av vesalmenn, fet av armingar.
Isai NorSMB 26:7  Men vegen åt den rettferdige er jamn. Veg åt den rettferdige jamnar du.»
Isai NorSMB 26:8  På dine domars veg ventar me deg, Herre. Namnet ditt og minnet ditt dreg vår sjæl.
Isai NorSMB 26:9  Mi sjæl kjenner seg dregi til deg um natti; og åndi i meg leitar etter deg. For straks domarane dine råkar jordi, lærer jordbuarne rettferd.
Isai NorSMB 26:10  Fær den gudlause nåde, so lærer han ikkje rettferd. Då gjer han urett i det rettvisaste landet, og Herrens høgd ser han ikkje.
Isai NorSMB 26:11  Herre, høgt er handi di lyft, men dei ser det ikkje. Lat deim sjå brennhugen din for folket og skjemmast. Ja, eld øydde uvenerne dine!
Isai NorSMB 26:12  Herre, du skal hjelpa oss til fred. For alle verki våre hev du verka.
Isai NorSMB 26:13  Herre, vår Gud! Andre herrar enn du hev rådt yver oss. Einast ved deg prisar me namnet ditt.
Isai NorSMB 26:14  Daude livnar ikkje, skuggar stend ikkje upp. Difor heimsøkjer og øydelegg du deim og gjer til inkjes minnet um deim.
Isai NorSMB 26:15  Du auka folket, Herre! Du auka folket, og synte deg herleg. Du hev flytt alle grensesteinarne åt landet langt ut.
Isai NorSMB 26:16  Herre, i naudi leita dei etter deg. Dei sende upp stille bøner, då refsingi kom yver deim.
Isai NorSMB 26:17  Liksom ei kvinna som er med barn, vrid seg og skrik i riderne når ho skal føda, soleis gjekk det oss for din vreide skuld, Herre.
Isai NorSMB 26:18  Me var med barn, me hadde rider; då me fødde, var det vind. Berging har me ikkje til landet, og jordbuar vart ikkje fødde.
Isai NorSMB 26:19  Dine daude skal verta livande, mine lik skal standa upp. Vakna og fegnast, de som bur i moldi. For ei ljossens dogg er di dogg; og jordi føder daudingar av seg.
Isai NorSMB 26:20  Gakk då, mitt folk, inn i kovarne dine, og lat att dørerne etter deg! Gøym deg ein augneblink, til dess vreiden gjeng yver.
Isai NorSMB 26:21  For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin og vil heimsøkja jordbuarne for deira misgjerder skuld, og jordi skal syna fram sitt utrende blod og ikkje meir dylja sine drepne.