Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ISAIAH
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 60
Isai NorSMB 60:1  Statt upp, vert ljos! for ljoset ditt kjem, og Herrens herlegdom renn upp yver deg.
Isai NorSMB 60:2  Sjå, myrker ligg yver jordi, og skydimma yver folki, men yver deg renn Herren upp, yver deg hans herlegdom syner seg.
Isai NorSMB 60:3  Og folkeslag fer til ditt ljos, og kongar til din strålande glans.
Isai NorSMB 60:4  Lyft augo upp, og sjå deg ikring! Dei samlar seg alle, dei kjem til deg. Dine søner kjem langt burtanfrå, dine døtter vert borne på armen.
Isai NorSMB 60:5  Då skal du sjå det og stråla av gleda, og hjarta skal bivra og vida seg ut; for havsens rikdom skal venda seg til deg, folke-midelen koma til deg.
Isai NorSMB 60:6  Mengdi av kamelar skal dekkja deg, kamelfolar frå Midjan og Efa; alle skal dei koma frå Saba; gull og røykjelse skal dei bera, og forkynna Herrens pris.
Isai NorSMB 60:7  Alle sauer frå Kedar skal samlast til deg, verar frå Nebajot tena deg, dei stig som eg vil på mitt altar, og mitt herlege hus vil eg herleggjera.
Isai NorSMB 60:8  Kven er det som flyg som skyer, som duvor til sine hus?
Isai NorSMB 60:9  For øyland ventar på meg, og fremst gjeng Tarsis-skipi med borni dine langt burtanfrå, deira sylv og gull kjem med deim, for namnet åt Herren din Gud, for Israels Heilage, for han vil gjera deg herleg.
Isai NorSMB 60:10  Utlendingar skal dine murar byggja, deira kongar skal tena deg; for i min harm hev eg slege deg, men i min nåde miskunnar eg deg.
Isai NorSMB 60:11  Dine portar skal stødt standa opne, korkje dag eller natt skal dei stengjast, so eiga åt folki kann førast til deg, og kongarne deira i sigerferdi;
Isai NorSMB 60:12  For det folk og det rike som ikkje vil tena deg, skal ganga til grunns, og folki verta reint tynte.
Isai NorSMB 60:13  Libanons herlegdom skal koma til deg, cypressa, alm og gran i saman, til å pryda min heilagdoms stad, eg vil heilaggjera min fotstad.
Isai NorSMB 60:14  Bøygde kjem til deg borni åt trælkaran’ dine, dei som vanvyrde deg, skal kasta seg ned for føterne dine, og dei skal kalla deg «Herrens by», «Sion åt Israels Heilage».
Isai NorSMB 60:15  Medan du fyrr var forlati og hata, og ingi ferdsla hadde, vil eg gjera deg æveleg gild, til ei gleda frå ætt til ætt.
Isai NorSMB 60:16  Du skal suga mjølk ifrå folki, ja, kongebrjost skal du suga, du skal merka at Herren, eg, er din frelsar, og Jakobs Velduge din utløysar.
Isai NorSMB 60:17  Gull let eg koma i staden for kopar, sylv let eg koma i staden for jarn, kopar i staden for tre, og jarn i staden for steinar, fred set eg til styremagt yver deg, og rettferd til futar åt deg.
Isai NorSMB 60:18  Ikkje meir skal ein høyra um vald i ditt land, avøyding og snøyding innum grensorne dine. Du skal kalla frelsa murarne dine, og lovsong portarne dine.
Isai NorSMB 60:19  Ikkje skal soli lenger vera deg til ljos um dagen, og ikkje skal månen skina og lysa for deg; men Herren skal vera deg ævelegt ljos, og din Gud vera din herlegdom.
Isai NorSMB 60:20  Ikkje lenger skal soli di glada, og ikkje månen din missa sin glans; for Herren skal vera deg ævelegt ljos, dine syrgjedagar er enda.
Isai NorSMB 60:21  Og ditt folk, dei er alle rettferdige, æveleg skal dei landet eiga, dei er renningen av mi planting, verket av mine hender til mi æra.
Isai NorSMB 60:22  Den minste skal verta til tusund, den ringaste til eit veldugt folk. Eg er Herren, i si tid set eg det brått i verk.