Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next
Chapter 11
Job NorSMB 11:2  «Skal slik ei svalling ei få svar? Skal slik ein storpratar få rett?
Job NorSMB 11:3  Skal menner for din ordflaum tegja? Skal du få spotta utan skjemsla?
Job NorSMB 11:4  Du segjer: «Rein er læra mi, eg skuldfri er i dine augo.»
Job NorSMB 11:5  Men dersom berre Gud vil tala og opna munnen sin mot deg,
Job NorSMB 11:6  og syna deg sin løynde visdom, kor han eig vit i dobbelt mål! Då skulde du nok skyna at Gud gjev deg noko til av syndi.
Job NorSMB 11:7  Skal tru Guds tankedjup du kjenner? Hev du nått fram til Allvalds grensa?
Job NorSMB 11:8  Høgar’ enn himmelen - kva gjer du? Djupar’ enn helheimen - kva veit du?
Job NorSMB 11:9  Lenger enn jordi strekkjer seg og breidare enn havet sjølv.
Job NorSMB 11:10  Når han skrid fram og legg i lekkjor, stemnar til doms, kven stoggar honom?
Job NorSMB 11:11  Han kjenner deim som talar lygn; han ser den falske utan leiting.
Job NorSMB 11:12  Det tome hovud fær forstand, og asenfolen vert til mann.
Job NorSMB 11:13  Men vil du bu ditt hjarta rett og henderne mot honom breida
Job NorSMB 11:14  og halda svik frå handa di og urett burte frå ditt tjeld,
Job NorSMB 11:15  då kann du lyt’laust hovud lyfta, då stend du fast og ræddast ikkje;
Job NorSMB 11:16  då kann du gløyma all di møda, liksom ei elv som framum rann.
Job NorSMB 11:17  Klårar’ enn dagen stend ditt liv, og myrkret vert til morgongråe;
Job NorSMB 11:18  då er du trygg, då hev du von, du ottelaus til kvile gjeng.
Job NorSMB 11:19  Du ligg, og ingen upp deg skræmer, og mange vil deg gjerne tekkjast.
Job NorSMB 11:20  Men augo veiknar på dei vonde; dei hev ’kje nokor tilflugt meir, men ventar på å anda ut.»