Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOHN
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Prev Up Next
Chapter 13
John NorSMB 13:1  Det var straks fyre påskehøgtidi: Jesus visste at hans time var komen då han skulde fara burt frå denne verdi og heim til Faderen, og som han hadde elska sine eigne, som var i verdi, so elska han deim til enden.
John NorSMB 13:2  Då dei heldt kveldverd, og djevelen alt hadde skote det i hugen på Judas Simonsson Iskariot at han skulde svika honom,
John NorSMB 13:3  og då Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hender, og at han var komen frå Gud og gjekk til Gud,
John NorSMB 13:4  so reiser han seg frå bordet og legg av seg kjolen sin, og tek eit handklæde og batt um seg;
John NorSMB 13:5  so slær han vatn i vaskarfatet og tok til å två føterne åt læresveinarne og turka dei med handklædet som han hadde bunde kring livet.
John NorSMB 13:6  Han kjem då til Simon Peter, og han segjer til honom: «Herre, tvær du mine føter?»
John NorSMB 13:7  Jesus svara honom so: «Kva det er eg gjer, veit du ikkje no, men du skal skyna det sidan.»
John NorSMB 13:8  «Aldri i verdi skal du två mine føter,» segjer Peter. «Dersom eg ikkje tvær deg, hev du ingen ting i hop med meg,» svara Jesus.
John NorSMB 13:9  Simon Peter segjer til honom: «Herre, ikkje berre føterne, men henderne og hovudet med!»
John NorSMB 13:10  «Den som hev lauga seg, treng ikkje två anna enn føterne; elles er han heiltupp rein,» segjer Jesus; «og de er reine, men ikkje alle.»
John NorSMB 13:11  Han visste kven som skulde svika honom; difor var det han sagde: «De er ’kje reine alle.»
John NorSMB 13:12  Då han no hadde tvege føterne deira og teke på seg kjolen sin og sett seg til bords att, sagde han til deim: «Skynar de kva det er eg hev gjort med dykk?
John NorSMB 13:13  De kallar meg «Meister» og «Herre,» og det segjer sant; for det er eg.
John NorSMB 13:14  Hev no eg, herren og meisteren, tvege føterne dykkar, so lyt de og två føterne åt kvarandre.
John NorSMB 13:15  Det er eit mynster eg hev synt dykk; som eg gjorde med dykk, so skal de og gjera.
John NorSMB 13:16  Det segjer eg dykk for visst og sant: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein ærendsvein er ikkje større enn den som hev sendt honom.
John NorSMB 13:17  Veit de det, so er de sæle, so sant de gjer etter det.
John NorSMB 13:18  Eg talar ikkje um dykk alle; eg veit kven eg valde ut; men det var so Skrifti skulde sannast: «Den som et mitt brød, hev lyft sin hæl imot meg.»
John NorSMB 13:19  Eg segjer dykk det alt no, fyrr det hev hendt, so de, når det hender, skal tru at eg er den eg er.
John NorSMB 13:20  Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot den som sende meg.»
John NorSMB 13:21  Då Jesus hadde sagt det, vart han uppøst i åndi, og sagde sterkt og ålvorsamt: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Ein av dykk kjem til å svika meg!»
John NorSMB 13:22  Læresveinarne såg på kvarandre og kunde ikkje skyna kven det var han meinte.
John NorSMB 13:23  Ein av læresveinarne - den som Jesus elska - sat ved hans høgre sida.
John NorSMB 13:24  Honom gjer Simon Peter eit teikn til, og segjer til honom: «Seg kven det er han meiner!»
John NorSMB 13:25  Han bøygde seg då næmare innåt Jesus, og segjer til honom: «Herre, kven er det?»
John NorSMB 13:26  «Det er han som eg gjev den biten eg no duppar i fatet,» svara Jesus. So duppar han biten, og tek og gjev honom til Judas Simonsson Iskariot.
John NorSMB 13:27  Og då han hadde fenge biten, då for Satan i honom. So segjer Jesus til honom: «Gjer det snart, det du vil gjera!»
John NorSMB 13:28  Men ingen av deim som sat med til bords, skyna kva han meinte med det han sagde til honom.
John NorSMB 13:29  Sidan det var Judas som hadde kassa, tenkte sume at Jesus vilde segja som so: «Kjøp det me treng til høgtidi!» eller at han skulde gjeva noko til dei fatige.
John NorSMB 13:30  Med det same Judas hadde teke mot biten, gjekk han ut. Det var natt.
John NorSMB 13:31  Då han var gjengen, sagde Jesus: «No er Menneskjesonen herleggjord, og Gud er herleggjord i honom.
John NorSMB 13:32  Er Gud herleggjord i honom, so skal Gud og herleggjera honom i seg sjølv, og han skal herleggjera honom snart.
John NorSMB 13:33  Berre ei liti stund er eg endå hjå dykk, borni mine. De kjem til å leita etter meg, og som eg sagde til jødarne: «Dit eg gjeng, kann ikkje de koma,» so segjer eg no til dykk og.
John NorSMB 13:34  Eit nytt bod gjev eg dykk: at de skal elska kvarandre; liksom eg hev elska dykk, so skal de og elska kvarandre.
John NorSMB 13:35  På det skal alle skyna at de er mine læresveinar - på det at de hev kjærleik til kvarandre.»
John NorSMB 13:36  Simon Peter segjer til honom: «Herre, kvar gjeng du av?» Jesus svara: «Dit eg gjeng, kann du ikkje fylgja meg no, men du skal fylgja meg sidan.»
John NorSMB 13:37  «Kvi kann eg ikkje fylgja deg straks, Herre?» segjer Peter; «eg vil gjeva mitt liv for deg!»
John NorSMB 13:38  «Vil du gjeva ditt liv for meg?» svara Jesus; «det segjer eg deg for visst og sant: Hanen skal ikkje gala fyrr du hev avneitta meg tri gonger.»