Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOHN
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 19
John NorSMB 19:2  Og hermennerne fletta ein krans av klunger og sette på hovudet hans og kasta ei purpurkåpe um honom, og gjekk fram for honom og sagde:
John NorSMB 19:3  «Heil, konge yver jødarne!» og slo til honom i andlitet.
John NorSMB 19:4  Pilatus gjekk ut att og sagde til deim: «Her kjem eg ut til dykk med honom, so de skal vita at eg ikkje finn nokor skuld hjå honom.»
John NorSMB 19:5  So kom Jesus ut med klungerkransen på og purpurkåpa, og Pilatus segjer til deim: «Sjå det menneskjet!»
John NorSMB 19:6  Med det same dei fekk sjå honom, øvsteprestarne og sveinarne deira, skreik dei: «Krossfest, krossfest!» Pilatus segjer til deim: «Tak de og krossfest honom! Eg finn ingi skuld hjå honom.»
John NorSMB 19:7  Jødarne svara: «Me hev ei lov; etter den lyt han døy, for di han hev gjeve seg ut for Guds Son.»
John NorSMB 19:8  Då Pilatus høyrde det ordet, vart han endå ræddare;
John NorSMB 19:9  han gjekk inn att i borgi og spurde Jesus: «Kvar er du ifrå?» Men Jesus gav han ikkje noko svar.
John NorSMB 19:10  Pilatus segjer til honom: «Svarar du meg ikkje? Veit du ’kje at eg hev magt til å gjeva deg fri og hev magt til å krossfesta deg?»
John NorSMB 19:11  Jesus svara: «Du hadde ingi magt yver meg, var det ’kje gjeve deg ovantil. Difor hev han større synd den som gav meg yver til deg.»
John NorSMB 19:12  Frå den stundi vilde Pilatus gjerne gjeva honom fri. Men jødarne ropa: «Gjev du honom fri, er du ikkje ven med keisaren. Kvar den som gjer seg sjølv til konge, set seg upp imot keisaren.»
John NorSMB 19:13  Då Pilatus høyrde dei ordi, førde han Jesus ut og sette seg i domarsætet, på den staden dei kallar Tavletilet - på hebraisk heiter det Gabbata -.
John NorSMB 19:14  Det var då fyrebuingsdagen i påskehelgi, og var um lag den sette timen. So segjer han til jødarne: «Sjå her er kongen dykkar!»
John NorSMB 19:15  Då ropa dei: «Burt, burt med honom! Krossfest han!» «Skal eg krossfesta kongen dykkar?» segjer Pilatus. «Me hev ingen konge utan keisaren,» svara øvsteprestarne.
John NorSMB 19:16  Då gav han Jesus yver til deim, so han skulde krossfestast.
John NorSMB 19:17  So tok dei Jesus med seg. Han bar sjølv krossen sin, og gjekk ut til Skallestaden dei kallar - på hebraisk kallast det Golgata -.
John NorSMB 19:18  Der feste dei honom til krossen, og saman med honom tvo andre, ein på kvar sida, og Jesus midt imillom.
John NorSMB 19:19  Pilatus skreiv og ei innskrift og sette på krossen; ho lydde so: Jesus frå Nasaret, kongen yver jødarne.
John NorSMB 19:20  Den innskrifti las då mange av jødarne; for staden der Jesus vart krossfest, var tett utmed byen, og det var skrive på hebraisk og latin og gresk.
John NorSMB 19:21  Då sagde øvsteprestarne åt jødarne til Pilatus: «Skriv ikkje: Kongen yver jødarne, men: Han sagde: «Eg er konge yver jødarne!»»
John NorSMB 19:22  «Det eg hev skrive, hev eg skrive,» svara Pilatus.
John NorSMB 19:23  Då hermennerne hadde fest Jesus til krossen, tok dei klædi hans og skifte i fire luter, ein for kvar hermann. Kjolen tok dei og. Kjolen var usauma og heilvoven alt ovantil;
John NorSMB 19:24  difor sagde dei seg imillom: «Lat oss ikkje riva honom sund, men draga strå um kven som skal hava honom!» Soleis skulde skrifti sannast: «Dei skifte klædi mine millom seg, og kasta lut um kjolen min.» So gjorde no hermennerne.
John NorSMB 19:25  Men innmed krossen åt Jesus stod mor hans og morsyster hans, Maria, kona hans Klopas, og Maria Magdalena.
John NorSMB 19:26  Og då Jesus såg mor si, og såg at den læresveinen som han elska, stod der innmed, segjer han til mori: «Kvinna, der er son din!»
John NorSMB 19:27  So segjer han til læresveinen: «Der er mor di!» Og frå den stundi tok læresveinen henne heim til seg.
John NorSMB 19:28  Då visste Jesus at no var alt fullført, so skrifti skulde sannast; so segjer han: «Eg er tyrst.»
John NorSMB 19:29  Det stod eit kjer der som var fullt av vineddik; so fyllte dei ein svamp med den ediken, og sette honom på ein bergmynte-stylk og heldt honom upp til munnen hans.
John NorSMB 19:30  Då Jesus hadde fenge ediken, sagde han: «Det er fullført!» og han bøygde hovudet og gav andi si yver til Gud.
John NorSMB 19:31  Etter di det no var fyrebuingsdagen, og liki ikkje måtte verta hangande på krossen um kviledagen - for den kviledagen var storheilag - so bad jødarne Pilatus at beini måtte brjotast sund på deim, og at dei måtte takast ned.
John NorSMB 19:32  Då kom hermennerne og braut sund beini, både på den fyrste og den andre som hadde vorte krossfeste i hop med honom.
John NorSMB 19:33  Då dei kom til Jesus, og såg at han alt var slokna, braut dei ikkje hans bein sund;
John NorSMB 19:34  men ein av hermennerne stakk honom i sida med eit spjot, og straks kom det ut blod og vatn.
John NorSMB 19:35  Dette vitnar ein som hev set det, og vitnemålet hans er sætande; han veit sjølv at han segjer sant, so de og må tru.
John NorSMB 19:36  For dette hende av di Skrifti laut sannast: «Det skal ’kje brjotast sund eit bein på honom.»
John NorSMB 19:37  Og eit anna skriftord att lyder so: «Dei skal sjå burt på honom som dei hev gjenomstunge.»
John NorSMB 19:38  Sidan kom Josef frå Arimatæa, som var ein av læresveinarne åt Jesus, men dulde for det, av di han var rædd jødarne; han bad Pilatus um han måtte få taka likamen åt Jesus, og Pilatus gav honom lov til det. So kom han og henta likamen hans.
John NorSMB 19:39  Nikodemus, han som fyrst var komen til honom um natti, kom og, og hadde med seg ei blanding av myrra og aloe, um lag hundrad pund.
John NorSMB 19:40  So tok dei likamen åt Jesus og sveipte honom med lindar og lagde dei angande kryddorne imillom, soleis som jødarne hev for vis når dei bur ein til likferd.
John NorSMB 19:41  På den staden han vart krossfest var det ein hage, og i hagen ei ny grav, som det endå aldri hadde vorte sett ned nokon i.
John NorSMB 19:42  Der lagde dei då Jesus, av di det var fyrebuingsdagen åt jødarne, og gravi var nær innmed.