LUKE
Chapter 15
Luke | NorSMB | 15:2 | Men farisæarane og dei skriftlærde murra og sagde seg imillom: «Den mannen tek imot syndarar, og et i lag med deim!» | |
Luke | NorSMB | 15:4 | Um ein av dykk hev hundrad sauer og misser ein av deim, let han ’kje då dei ni og nitti vera att i beitemarki, og gjeng av og leitar etter den han hev mist, til han finn honom? | |
Luke | NorSMB | 15:6 | og med same han kjem heim, kallar han i hop vener og grannar, og segjer til deim: «Gled dykk med meg! Eg hev funne sauen eg hadde mist. | |
Luke | NorSMB | 15:7 | Eg segjer dykk: Soleis er det gleda i himmelen yver ein syndar som vender um, meir enn yver ni og nitti rettferdige som ikkje treng umvending. | |
Luke | NorSMB | 15:8 | Eller um ei kvinna hev ti sylvpeningar, og misser ein av deim, kveikjer ho ’kje då ljos og sopar huset og leitar trottugt, til dess ho finn honom? | |
Luke | NorSMB | 15:9 | Og når ho hev funne honom, kallar ho i hop vener og grannkonor og segjer: «Gled dykk med meg! Eg hev funne peningen eg hadde mist.» | |
Luke | NorSMB | 15:10 | Soleis, segjer eg dykk, vert det gleda på Guds englar yver ein syndar som vender um.» | |
Luke | NorSMB | 15:12 | Den yngste av deim sagde til faren: «Far, lat meg få den luten av buet som fell på meg!» So skifte han midelen millom deim. | |
Luke | NorSMB | 15:13 | Det var ’kje mange dagarne lidne, so samla den yngste sonen alt sitt og for langt burt til eit anna land. Der gav han seg i ulivnad, og øydde upp det han åtte. | |
Luke | NorSMB | 15:14 | Då han hadde sett til alt, vart det uår og svolt der i landet, og han tok til å lida naud. | |
Luke | NorSMB | 15:15 | So tydde han seg til ein av mennerne i landet, og han sende honom ut på markerne sine; der skulde han gjæta svin. | |
Luke | NorSMB | 15:16 | Og han var huga til å fylla buken sin med skolmerne som svini åt av, og ingen gav honom noko. | |
Luke | NorSMB | 15:17 | Då gjekk han i seg sjølv og sagde: «Kor mange leigekarar heime hjå far min hev ikkje fullt upp av mat, med eg held på å svelta i hel her! | |
Luke | NorSMB | 15:18 | Eg vil taka i veg og ganga heim til far min og segja til honom: «Far, eg hev synda mot himmelen og mot deg! | |
Luke | NorSMB | 15:19 | Eg er ’kje verd å kallast son din lenger; lat meg få vera som ein av leigekararne dine!»» | |
Luke | NorSMB | 15:20 | So tok han i vegen og gjekk heim til far sin. Med han endå var langt burte, vart far hans var honom, og ynkast inderleg; han sprang imot honom og kasta seg um halsen på honom og kysste honom. | |
Luke | NorSMB | 15:21 | Og sonen sagde: «Far, eg hev synda mot himmelen og mot deg; eg er ikkje verd å kallast son din lenger!» | |
Luke | NorSMB | 15:22 | Men faren sagde til tenararne sine: «Kom snøgt med ein klædning, den gildaste her er, og hav på honom, og lat han få ring på fingeren og skor på føterne! | |
Luke | NorSMB | 15:23 | Henta so den gjødde kalven, og slagta honom, so vil me halda måltid og vera glade! | |
Luke | NorSMB | 15:24 | For denne sonen min var daud og hev livna upp att, var burtkomen og er attfunnen.» So tok dei til å halda gaman. | |
Luke | NorSMB | 15:25 | Den eldste sonen var utpå marki. Då han gjekk heimetter og kom burtimot huset, høyrde han spel og dans. | |
Luke | NorSMB | 15:27 | «Bror din er komen,» svara drengen, «og far din hev slagta den gjødde kalven, for di han fekk honom frisk heim att. | |
Luke | NorSMB | 15:28 | Då vart han harm og vilde ikkje ganga inn. Far hans kom ut og tala blidt til honom; | |
Luke | NorSMB | 15:29 | men han svara far sin so: «No hev eg tent deg so mange år og aldri gjort imot ditt ord, og meg hev du aldri gjeve so mykje som eit kid, so eg kunde gleda meg i hop med venerne mine. | |
Luke | NorSMB | 15:30 | Men når han kjem denne son din, som hev ete upp midelen din i lag med skjøkjor, då slagtar du gjødkalven åt honom.» | |
Luke | NorSMB | 15:31 | «Du er allstødt hjå meg, barnet mitt,» svara faren, «og alt som mitt er, er ditt.» | |