Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 2
Prov NorSMB 2:1  Son min! tek du imot mine ord og gøymer bodi mine hjå deg,
Prov NorSMB 2:2  so du vender øyra til visdomen, bøygjer hjarta til vitet,
Prov NorSMB 2:3  ja, når du kallar på skynet og ropar høgt på vitet,
Prov NorSMB 2:4  leitar du etter det som vore det sylv, og grev som vore det løynde skattar,
Prov NorSMB 2:5  då skal du skyna otte for Herren, og Guds-kunnskap skal du finna.
Prov NorSMB 2:6  For Herren er den som gjev visdom, frå hans munn kjem kunnskap og vit.
Prov NorSMB 2:7  Han gøymer frelsa for dei ærlege, han er ein skjold for dei som fer ulastande,
Prov NorSMB 2:8  med di for han vaktar stigarne åt retten og varar vegen vel for sine trugne.
Prov NorSMB 2:9  Då skal du skyna rettferd og rett og rettvisa, ja, kvar god veg.
Prov NorSMB 2:10  For visdom koma skal i hjarta ditt, og kunnskap vera hugleg for di sjæl,
Prov NorSMB 2:11  yver deg skal ettertanke halda vakt, vit skal vara deg
Prov NorSMB 2:12  og fria deg ifrå den vonde åtferd, frå folk som talar fals,
Prov NorSMB 2:13  dei som gjeng frå dei rette stigar og vil vandra på myrke vegar,
Prov NorSMB 2:14  dei som gled seg med å gjera vondt, og fegnast yver rangt og vondt,
Prov NorSMB 2:15  dei som gjeng på kroke-stigar og fer på range vegar. -
Prov NorSMB 2:16  Han skal fria deg frå annanmanns kona, frå framand kvinna med sleipe ord,
Prov NorSMB 2:17  som hev svike sin ungdoms ven og si Guds-pakt hev gløymt.
Prov NorSMB 2:18  For ho sig ned til dauden med sitt hus, og ned til daudingarne hennar vegar ber.
Prov NorSMB 2:19  Ingen som gjeng inn til henne, kjem attende, og dei når ikkje livsens stigar.
Prov NorSMB 2:20  Han vil du skal ganga den vegen dei gode gjeng, og halda deg på dei stigane der rettferdige ferdast;
Prov NorSMB 2:21  for dei ærlege skal bu i landet, og dei ulastelege der skal verta att,
Prov NorSMB 2:22  men dei ugudlege skal rydjast ut or landet, og svikarane skal verta rivne burt frå det.