I CHRONICLES
Chapter 7
I Ch | NorSMB | 7:2 | Sønerne hans Tola var Uzzi og Refaja, Jeriel, Jahmai, Jibsam og Samuel, hovdingar for ættgreinerne sine, som var ætta frå Tola, stridsføre hermenner, uppskrivne etter sine ætter. Talet på deim var i Davids tid tvo og tjuge tusund og seks hundrad. | |
I Ch | NorSMB | 7:3 | Sønerne åt Uzzi var Jizrahja, og sønerne åt Jisrahja var Mikael og Obadja og Joel og Jissia, ættarhovdingar alle fem. | |
I Ch | NorSMB | 7:4 | Og med deim fylgde herbudde flokker, seks og tretti tusund mann, etter sine ætter og ættgreiner; for dei hadde mange konor og born. | |
I Ch | NorSMB | 7:5 | Og frendarne deira i alle Issakars-ætterne var stridsføre hermenner; i alt var dei sju og åtteti tusund mann som var uppskrivne i ættarlista deira. | |
I Ch | NorSMB | 7:7 | Og sønerne hans Bela var Esbon og Uzzi, Uzziel, Jerimot og Iri, fem i talet, ættarhovdingar, stridsføre hermenner, og i ættarlista deira stod det tvo og tjuge tusund og fire og tretti. | |
I Ch | NorSMB | 7:8 | Sønerne hans Beker var Zemira og Joas, Eliezer og Eljoenai, Omri og Jeremot, Abia og Anatot og Alemet; dei var søner åt Beker alle i hop. | |
I Ch | NorSMB | 7:9 | I ættarlista deira etter ætterne, ættarhovdingarne og stridsføre hermenner, var dei tjuge tusund og tvo hundrad mann. | |
I Ch | NorSMB | 7:10 | Sønerne åt Jediael var Bilhan, og sønerne hans Bilhan var Je’is og Benjamin og Ehud, Kena’ana og Zetan, Tarsis og Ahisahar. | |
I Ch | NorSMB | 7:11 | Alle desse var søner åt Jediael, uppskrivne etter hovdingarne for ættgreinerne sine, stridsføre hermenner, syttan tusund og tvo hundrad våpnføre menner. | |
I Ch | NorSMB | 7:14 | Sønerne åt Manasse: Asriel som kvinna åtte; den syriske fylgjekona hans åtte Makir, far hans Gilead. | |
I Ch | NorSMB | 7:15 | Og Makir tok ut kona åt Huppim og Suppim. Syster hans heitte Ma’aka. Og den andre heitte Selofhad. Og Selofhad hadde døtter. | |
I Ch | NorSMB | 7:16 | Og Ma’aka, kona hans Makir, åtte ein son og gav honom namnet Peres, og hans bror heitte Seres. Sønerne hans var Ulam og Rekem. | |
I Ch | NorSMB | 7:20 | Og sønerne åt Efraim var Sutelah - hans son var Bered, hans son Tahat, hans son Elada, hans son Tahat, | |
I Ch | NorSMB | 7:21 | hans son Zabad, og hans son Sutelah - og so Ezer og Elad. Og menner frå Gat, som var heimefolket der i landet, drap deim, for di dei hadde fare ned og vilde rana feet deira. | |
I Ch | NorSMB | 7:22 | Då syrgde Efraim, far deira, i lang tid, og brørne hans kom og vilde trøysta honom. | |
I Ch | NorSMB | 7:23 | Og han gjekk inn til kona si, og ho vart med barn og åtte ein son, som han kalla Beria, for di dette hende i ei ulukketid for huset hans. | |
I Ch | NorSMB | 7:28 | Og odelslandet og bustaderne deira var Betel med bygderne ikring, og i aust Na’aran, i vest Gezer med bygderne ikring og Sikem med bygderne ikring alt til Gaza med bygderne ikring. | |
I Ch | NorSMB | 7:29 | Men Manasse-sønerne hadde Bet-Sean med bygderne ikring, Ta’anak med bygderne ikring, Megiddo med bygderne ikring, Dor med bygderne ikring. I desse budde sønerne åt Josef Israelsson. | |