Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MARK
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 13
Mark NorSMB 13:1  Då han gjekk ut or templet, sagde ein av læresveinarne til honom: «Meister, sjå for steinar og for bygningar!»
Mark NorSMB 13:2  «Ja, ser du desse store bygningarne!» svara Jesus. «Her ligg ikkje stein på stein som ikkje skal rivast laus.»
Mark NorSMB 13:3  Sidan, då han sat på Oljeberget midt imot templet, og det ikkje var nokon innmed, kom Peter og Jakob og Johannes og Andreas og spurde honom:
Mark NorSMB 13:4  «Seg oss: Når skal dette henda, og kva er teiknet me fær når alt dette er åt og skal koma?»
Mark NorSMB 13:5  Då tok Jesus soleis til ords: «Sjå dykk fyre, so ingen forvillar dykk!
Mark NorSMB 13:6  Mange skal taka mitt namn og segja: «Det er eg!» og føra mange på avveg.
Mark NorSMB 13:7  Men når de høyrer um ufred og tidend um ufred, so vert ikkje rædde! Dette lyt henda; men enden kjem ikkje endå.
Mark NorSMB 13:8  Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike; det skal vera jordskjelv kring i landi, det skal vera uår og upprør. Det er det fyrste av føderiderne.
Mark NorSMB 13:9  Men sjå dykk fyre! Dei kjem til å draga dykk for domstolarne og piska dykk i synagogorne, og for landshovdingar og kongar skal de førast fram for mi skuld, so de kann vitna for deim.
Mark NorSMB 13:10  Og fyrst lyt evangeliet berast ut til alle folkeslag.
Mark NorSMB 13:11  Men når dei fører dykk burt og gjev dykk yver til retten, so syt ikkje for kva de skal tala! Det som vert gjeve dykk i same stundi, det skal de tala; for det er ikkje de som talar, men den Heilage Ande.
Mark NorSMB 13:12  Bror skal senda bror i dauden, og faren barnet sitt, og born skal standa fram mot foreldri sine, og valda at dei lyt døy.
Mark NorSMB 13:13  Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld; men den som held ut til endes, han skal verta frelst.
Mark NorSMB 13:14  Men når de ser at den øydande styggedomen stend der han ikkje skulde» - agte vel på dette, du som les! - «då lyt dei som er i Judaland røma til fjells;
Mark NorSMB 13:15  den som er uppå taket, må ikkje stiga ned, og ikkje ganga inn og henta noko i huset sitt,
Mark NorSMB 13:16  og den som er utpå marki, må ikkje ganga heim etter kjolen sin!
Mark NorSMB 13:17  Stakkars deim som gjeng med barn eller gjev brjost i dei dagarne!
Mark NorSMB 13:19  For den tidi skal vera so hard at det aldri hev vore so hard ei tid frå upphavet åt skaparverket som Gud hev gjort, og til no, og vert ikkje sidan heller.
Mark NorSMB 13:20  Og gjorde ’kje Herren den tidi stutt, so vart ’kje eit liv berga; men for deira skuld som han valde seg ut, hev han gjort den tidi stutt.
Mark NorSMB 13:21  Um nokon då segjer med dykk: «Sjå her er Messias - Sjå der!» so må de ikkje tru det!
Mark NorSMB 13:22  For falske Messias’ar skal standa fram, og falske profetar, og gjera teikn og under for å forvilla dei utvalde, um det er råd.
Mark NorSMB 13:23  So sjå dykk fyre! Eg hev sagt dykk alt fyreåt.
Mark NorSMB 13:24  Men i dei dagarne, etter denne harde tidi, skal soli myrkjast, og månen missa sitt ljos;
Mark NorSMB 13:25  stjernorne skal falla ned frå himmelen, og himmelkrafterne skakast.
Mark NorSMB 13:26  Då skal dei sjå Menneskjesonen koma i skyi med stort velde og herlegdom,
Mark NorSMB 13:27  og då skal han senda ut englarne, og samla dei utvalde frå heimsens fire hyrno, frå ytste enden av jordi til ytste enden av himmelen.
Mark NorSMB 13:28  Lær ei likning av fiketreet: Når sevja hev kome i greinerne, og lauvet sprett, då veit de at sumaren er nær.
Mark NorSMB 13:29  Like eins når de ser dette hender, då veit de at han er utfor døri.
Mark NorSMB 13:30  Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt dette hev hendt.
Mark NorSMB 13:31  Himmel og jord skal forgangast; men mine ord skal ikkje forgangast.
Mark NorSMB 13:32  Men den dagen og timen veit ingen, ikkje englarne i himmelen, og ikkje Sonen - ingen utan Faderen.
Mark NorSMB 13:33  Sjå dykk fyre, og vak! For de veit ikkje når tidi kjem.
Mark NorSMB 13:34  Det er liksom med ein mann som drog utanlands. Då han for heimantil, sette han sveinarne sine til å styra for seg. Kvar fekk sitt å gjera, og til portnaren sagde han at han laut vaka.
Mark NorSMB 13:35  So vak då! For de veit ’kje når husbonden kjem - um kvelden, eller midnattsbil, eller i otta, eller i dagrenningi.
Mark NorSMB 13:36  Lat honom ikkje finna dykk sovande, um han skulde koma uventande på dykk!
Mark NorSMB 13:37  Men det eg segjer dykk, det segjer eg alle: Ver vakne!»