MARK
Chapter 4
Mark | NorSMB | 4:1 | So tok han til å læra folket att ved sjøen; og det samla det seg ei uhorveleg mengd ikring honom, so han laut ganga ut i ein båt; den sat han i utpå vatnet, og heile folkehopen stod innpå land nedmed sjøen. | |
Mark | NorSMB | 4:2 | Då lærde han deim mangt og mykje i likningar, og med han soleis lærde deim, sagde han: | |
Mark | NorSMB | 4:4 | Då bar det seg so til med han sådde, at noko av kornet fall frammed vegen, og fuglarne kom og åt det upp. | |
Mark | NorSMB | 4:5 | Noko fall på steingrunn; der hadde det ikkje mykje jord, og det rann snøgt upp, av di der var so grunt; | |
Mark | NorSMB | 4:7 | Noko fall millom klunger, og klungeren voks upp og kjøvde det, og det gav ikkje grøda. | |
Mark | NorSMB | 4:8 | Noko fall i god jord; det rann upp og voks og gav grøda og bar upp til tretti og seksti og hundrad foll. | |
Mark | NorSMB | 4:10 | Då han vart åleine, kom dei tolv og dei andre som var med honom, og spurde honom um likningarne. | |
Mark | NorSMB | 4:11 | Han svara: «De fær vita løyndomen i Gudsriket, men til dei andre, som er utanfor, kjem allting i likningar, | |
Mark | NorSMB | 4:12 | so dei skal sjå, men ikkje skilja, og høyra, men ikkje skyna; elles kunde dei venda um og få tilgjeving. | |
Mark | NorSMB | 4:13 | Men skynar de ’kje denne likningi, sagde han, korleis kann de då greida alle dei andre likningarne? | |
Mark | NorSMB | 4:15 | Dei frammed vegen, det er dei som Guds ord vert sått i, men med same dei hev høyrt det, kjem Satan, og tek burt ordet som var sått i deim. | |
Mark | NorSMB | 4:16 | Sameleis dei som var sådde på steingrunn; det er dei som straks dei fær høyra Guds ord, tek imot det med gleda; | |
Mark | NorSMB | 4:17 | men dei hev ikkje rot i seg, og held ikkje ut langt bilet; kjem dei so i naud eller fåre for ordet skuld, leidest dei straks og fell ifrå. | |
Mark | NorSMB | 4:19 | men suterne for det timelege og den svikfulle rikdomen og fysna etter alle andre ting, trengjer seg inn og kjøver ordet, so det vert grødelaust. | |
Mark | NorSMB | 4:20 | Men dei som var sådde i god jord, det er dei som høyrer Guds ord og tek imot det, og gjev grøda i tretti og seksti og hundrad foll.» | |
Mark | NorSMB | 4:21 | Sidan sagde han til deim: «Når dei kjem inn med eit ljos, set dei det då under skjeppa eller sengi? set dei det ’kje i staken? | |
Mark | NorSMB | 4:22 | For ingen ting er dult utan det vert openberra, og ingen ting vart løynt utan det laut fram i ljoset. | |
Mark | NorSMB | 4:24 | So sagde han til deim: «Sjå dykk fyre kva de høyrer på! Det målet de mæler med, skal dei mæla åt dykk med, og endå skal de få noko attpå. | |
Mark | NorSMB | 4:25 | For den som hev, han skal få, men den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.» | |
Mark | NorSMB | 4:26 | Sidan sagde han: «Med Guds rike er det so som når ein mann hev sått kornet i jordi: | |
Mark | NorSMB | 4:27 | Han søv og ris upp, natt etter natt og dag etter dag, og frøet renn upp og veks - han veit ikkje korleis det gjeng til; | |
Mark | NorSMB | 4:30 | So sagde han: «Kva skal me likna Guds rike i hop med? kva bilæte skal me teikna det med? | |
Mark | NorSMB | 4:31 | Det er liksom senapskornet; når det vert lagt i jordi, er det mindre enn alle frøkorn i verdi. | |
Mark | NorSMB | 4:32 | Men etter det er sått, renn det upp og vert større enn alle hagevokstrar og fær store greiner, so fuglarne i lufti kann byggja reir i skuggen av det.» | |
Mark | NorSMB | 4:33 | I mange sovore likningar tala han Guds ord til deim, etter som dei var god til å skyna det. | |
Mark | NorSMB | 4:34 | Forutan likningar tala han ikkje til folket; men når han var åleine med læresveinarne sine, lagde han det ut alt saman for deim. | |
Mark | NorSMB | 4:35 | Då det leid til kvelds same dagen, sagde han til deim: «Lat oss fara yver til hi sida!» | |
Mark | NorSMB | 4:36 | So skildest dei med folket og tok honom med i båten, som han var. Og andre båtar fylgde og med. | |
Mark | NorSMB | 4:37 | Då vart det so hardt eit ver, at bårorne slo inn i båten, og han var nær på å fyllast. | |
Mark | NorSMB | 4:38 | Men Jesus låg og sov på høgjendet i bakskuten. Dei vekte honom og sagde: «Meister, er du like sæl um me gjeng under?» | |
Mark | NorSMB | 4:39 | So stod han upp og truga vinden og sagde til sjøen: «Teg, og ver still!» Då logna vinden, og det vart blikende stilt. | |