Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MATTHEW
Prev Up Next
Chapter 19
Matt NorSMB 19:1  Då Jesus hadde tala desse ordi, bar det so til at han tok ut frå Galilæa og for til Juda-bygderne. Han lagde vegen gjenom landet på hi sida Jordan;
Matt NorSMB 19:2  mykje folk fylgde honom der, og han lækte deim.
Matt NorSMB 19:3  Då kom farisæarane til honom, og vilde freista honom og sagde: «Tru ein mann hev lov til å skilja seg frå kona si, kva orsak han tykkjest hava?»
Matt NorSMB 19:4  Han svara: «Hev de ’kje lese at skaparen alt ifrå det fyrste skapte deim mann og kvinna,
Matt NorSMB 19:5  og sagde: «Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt?»
Matt NorSMB 19:6  So er dei då ikkje lenger tvo, men eitt kjøt, og det som Gud hev bunde i hop, det skal ikkje menneskja skilja.»
Matt NorSMB 19:7  Segjer dei til honom: «Kvi sagde då Moses at mannen skulde gjeva kona skilsmålsbrev og senda henne frå seg?»
Matt NorSMB 19:8  «For dykkar harde hjarto skuld gav Moses dykk lov til å skiljast frå konorne dykkar,» svara han, «men frå det fyrste hev det ikkje vore so.
Matt NorSMB 19:9  Og det segjer eg dykk, at den som skil seg frå kona si for anna enn utruskap, og gifter seg med ei onnor, han gjer hor.»
Matt NorSMB 19:10  Då sagde læresveinarne til honom: «Er det den retten som gjeld millom mann og kona, då er det ikkje godt å gifta seg.»
Matt NorSMB 19:11  Han svara: «Det er noko som ikkje alle kann læra, men berre dei som hev fenge gåva til det;
Matt NorSMB 19:12  for det finst gjeldingar som er fødde so av morsliv, og det finst gjeldingar som folk hev gjeldt, og det finst gjeldingar som hev gjeldt seg sjølve for himmelriket skuld. Lat deim skyna det dei som kann!»
Matt NorSMB 19:13  So bar dei småborn til honom, og bad han vilde leggja henderne på deim og beda for deim. Læresveinarne truga deim,
Matt NorSMB 19:14  men Jesus sagde: «Lat småborni vera, og hindra deim ikkje å koma til meg! For himmelriket høyrer sovorne til.»
Matt NorSMB 19:15  Og han lagde henderne på deim, og for so derifrå.
Matt NorSMB 19:16  Då kom det ein til honom og sagde: «Meister, kva godt skal eg gjera so eg kann få eit æveleg liv?»
Matt NorSMB 19:17  «Kvi spør du meg um det som er godt?» svara han. «Det er berre ein som er god. Men vil du ganga inn til livet, so haldt bodi!»
Matt NorSMB 19:18  «Kva for bod?» spurde han. «Desse,» svara Jesus: «Du skal ikkje drepa! Du skal ikkje gjera hor! Du skal ikkje stela! Du skal ikkje vitna rangt!
Matt NorSMB 19:19  Du skal æra far din og mor di! Du skal elska grannen din som deg sjølv!»
Matt NorSMB 19:20  «Alt det hev eg halde,» segjer den unge mannen; «kva er det då som vantar meg?»
Matt NorSMB 19:21  Jesus svara: «Vil du vera fullkomen, so tak og sel det du eig, og gjev det til dei fatige! då skal du få ein skatt i himmelen; og kom so og fylg meg!»
Matt NorSMB 19:22  Då den unge mannen høyrde det, vart han ille ved, og gjekk burt; for han hadde mykje gods.
Matt NorSMB 19:23  Då sagde Jesus til læresveinarne sine: «Det segjer eg dykk for sant: Det er vandt for ein rik å koma inn i himmelriket.
Matt NorSMB 19:24  Ja, eg segjer dykk: Ein kamel kjem lettare gjenom eit nålauga enn ein rik kjem inn i Guds rike.»
Matt NorSMB 19:25  Då læresveinarne høyrde det, vart dei reint forfærde og sagde: «Kven kann då verta frelst?»
Matt NorSMB 19:26  Jesus såg på deim og sagde: «For menneskje er det umogelegt, men for Gud er alt mogelegt.»
Matt NorSMB 19:27  Då tok Peter til ords og sagde til honom: «Sjå, me hev gjeve ifrå oss alt og fylgt deg; kva skal då me få?»
Matt NorSMB 19:28  Og Jesus svara: «Det segjer eg dykk for sant: Når alt vert nytt, og Menneskjesonen sit i sin glimande kongsstol, då skal de og, som hev fylgt meg, sitja i tolv høgsete og styra dei tolv Israels-ætterne.
Matt NorSMB 19:29  Og kvar som hev skilt seg med hus eller brør eller syster eller far eller mor eller born eller gardar for mitt namn skuld, han skal få det att mange gonger og erva eit ævelegt liv.
Matt NorSMB 19:30  Men mange av dei fyrste skal vera dei siste, og mange av dei siste dei fyrste.