Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next
Chapter 18
Job NorSMB 18:2  «Kor lenge driv de jagt på ord? Gjev gaum, lat oss so talast ved!
Job NorSMB 18:3  Kvi skal me reknast liksom fe, som ureine i dykkar augo?
Job NorSMB 18:4  Å, du som riv deg sund i sinne, skal jordi øydast for di skuld? Skal fjellet flytjast frå sin stad?
Job NorSMB 18:5  Men sløkt vert ljoset for den vonde, og hans åre-eld skal ikkje skina.
Job NorSMB 18:6  I tjeldet hans vert ljoset myrkt, og lampa sloknar yver han.
Job NorSMB 18:7  Hans sterke stig vert snævra inn; han snåvar yver sine planar.
Job NorSMB 18:8  Hans fot vert fløkt i garnet inn, og upp i netet ferdast han;
Job NorSMB 18:9  og snara triv um hælen hans, og gildra tek på honom fat.
Job NorSMB 18:10  I jordi løynde gildror lurer, og fellor ventar på hans veg.
Job NorSMB 18:11  Og rædslor trugar rundt ikring og skræmer han for kvart eit stig.
Job NorSMB 18:12  Ulukka hungrar etter han, og vondt vil føra han til fall,
Job NorSMB 18:13  vil eta kvar ein led og lem, ja, det vil daudens eldste son.
Job NorSMB 18:14  Hans trygd er rivi frå hans tjeld; du sender han til rædsle-kongen.
Job NorSMB 18:15  I huset hans bur framande, det vert strått svåvel på hans bustad.
Job NorSMB 18:16  Hans rot i grunnen turkar ut; den høge kruna visnar burt.
Job NorSMB 18:17  Hans minne kverv frå jordi burt, og namnlaus vert han vidt og breidt.
Job NorSMB 18:18  Frå ljos til myrker driv dei honom og jagar han frå landi burt.
Job NorSMB 18:19  Han barnlaus vert i eige folk; i heimen hans slepp ingen undan.
Job NorSMB 18:20  Og vestmenn støkk for dagen hans, og austmenn vert av rædsla slegne.
Job NorSMB 18:21  Just soleis gjeng det nidings hus, den heim der ingen kjenner Gud.»