Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MARK
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 12
Mark NorSMB 12:1  So tok han til å tala til deim i likningar: «Det var ein mann som laga seg ein vingard, og sette gjerde kringum, og grov ei vinpersa, og bygde eit tårn; so leigde han hagen burt til brukarar og for utanlands.
Mark NorSMB 12:2  Då tidi kom, sende han ein svein til brukarane, og vilde få noko av det som var avla i vingarden.
Mark NorSMB 12:3  Men brukarane greip sveinen og dengde honom, og sende honom burt med tome hender.
Mark NorSMB 12:4  So sende han ein annan svein til deim; den slo dei i hovudet og hædde honom.
Mark NorSMB 12:5  Og han sende ein til; honom slo dei i hel. Og mange fleire: sume skamslo dei, og sume drap dei.
Mark NorSMB 12:6  No hadde han berre ein att, ein son, som han heldt hjarteleg av. Til slutt sende han honom og til brukarane; «Dei hev no vel age for son min!» tenkte han.
Mark NorSMB 12:7  Men brukarane sagde seg imillom: «Der er ervingen! Kom, lat oss slå honom i hel, so fær me arven!»
Mark NorSMB 12:8  So tok dei honom og slo honom i hel og kasta honom ut or vingarden.
Mark NorSMB 12:9  Kva skal han no gjera, han som eig vinhagen? Han skal koma og gjera ende på brukarane og lata andre få vingarden.
Mark NorSMB 12:10  Hev de ’kje lese dette skriftordet heller: «Den steinen byggjarane vanda, Den var det som vart hyrnestein;
Mark NorSMB 12:11  D’er Herren sjølv som so hev gjort det; For oss er det eit under stort?»»
Mark NorSMB 12:12  Då vilde dei ha gripe honom, for dei skyna at det var deim han hadde meint med likningi si. Men dei torde ikkje for folket. So let dei honom vera og gjekk sin veg.
Mark NorSMB 12:13  Sidan sende dei nokre av farisæarane og Herodes-mennerne, som skulde fanga honom i ord.
Mark NorSMB 12:14  Dei kom og sagde til honom: «Meister, me veit du er ærleg og ikkje bryr deg um nokon; for du gjer ikkje skil på folk, men lærer oss sanningi um Guds veg - er det rett å svara skatt til keisaren, eller ikkje? Skal me gjera det, eller skal me lata vera?
Mark NorSMB 12:15  Men skyna vel hyklingi deira og sagde: «Kvi freistar de meg? Kom med ei sylvmynt, og lat meg få sjå henne!»
Mark NorSMB 12:16  So kom dei med ei, og han spurde: «Kva er dette for eit bilæte og namn?» «Det er keisarens,» svara dei.
Mark NorSMB 12:17  Då sagde han til deim: Gjev keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!» Og dei undrast mykje yver honom.
Mark NorSMB 12:18  So kom det nokre sadducæarar til honom - det er dei som segjer at det ikkje er noko uppstoda - dei tok til å spyrja honom og sagde:
Mark NorSMB 12:19  «Meister, Moses hev skrive den lovi for oss at når bror åt ein mann døyr barnlaus, og kona liver etter, då skal broren taka enkja og halda uppe ætti åt bror sin.
Mark NorSMB 12:20  No var det var ein gong sju brør. Den fyrste tok seg ei kona; han døydde, og det var ’kje born etter honom.
Mark NorSMB 12:21  So tok den andre enkja; han og døydde barnlaus. Like eins den tridje,
Mark NorSMB 12:22  og alle sju; ingen av deim hadde born etter seg. Sist av alle døydde kona.
Mark NorSMB 12:23  Kven av deim skal ho vera kona åt i eit anna liv, når dei hev stade upp att? For alle sju hev havt henne til kona.»
Mark NorSMB 12:24  «Syner ’kje dette at de fer vilt, og ikkje kjenner skrifterne og ikkje Guds magt?» svara Jesus.
Mark NorSMB 12:25  «Når dei hev stade upp frå dei daude, gifter dei seg ikkje, og vert ikkje burtgifte; dei er som englarne i himmelen.
Mark NorSMB 12:26  Men um dei avlidne - at dei skal standa upp att - hev de ’kje lese i boki åt Moses, i soga um klungeren, korleis Gud sagde til honom: «Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud?»
Mark NorSMB 12:27  Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei livande. De tek storleg i mist.»
Mark NorSMB 12:28  Ein skriftlærd, som lydde på ordskiftet deira, og skyna at Jesus hadde svara deim godt, kom og spurde honom: «Kva for eit bod er det fyrste av alle?»
Mark NorSMB 12:29  Jesus svara: «Det fyrste er: «Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er ein.
Mark NorSMB 12:30  Og du skal elska Herren, din Gud, av alt ditt hjarta og av all din hug og av alt ditt vit og av all di magt! Det er det fyrste bodet.»
Mark NorSMB 12:31  Det andre er dette: Du skal elska grannen din som deg sjølv! Det finst ikkje noko anna bod som er større enn desse.»
Mark NorSMB 12:32  «Vel tala du, meister,» sagde den skriftlærde, «og sant er det som du sagde, at han er ein og det finst ingen annan Gud enn han.
Mark NorSMB 12:33  Å elska honom av alt sitt hjarta og av alt sitt vit og av all si magt, og elska grannen sin som seg sjølv, det er meir enn alle brennoffer og slagtoffer.»
Mark NorSMB 12:34  Då Jesus høyrde kor visleg han svara, sagde han til honom: «Du er ikkje langt frå Guds rike.» Sidan torde ingen spyrja honom meir.
Mark NorSMB 12:35  Medan Jesus lærde folket i heilagdomen, tok han ein gong soleis til ords: «Korleis kann dei skriftlærde segja at Messias er Davids son?
Mark NorSMB 12:36  Sjølv sagde David - han fekk det frå den Heilage Ande -: «Herren sa til herren min: «Sit ved høgre handi mi, Til eg dine fiendar Fær for dine føter lagt!»»
Mark NorSMB 12:37  David kallar honom sjølv herre; korleis kann han då vera son hans?» Ålmugen høyrde gjerne på Jesus.
Mark NorSMB 12:38  Millom anna som han lærde deim, sagde han: «Tak dykk i vare for dei skriftlærde, som likar å ganga i lange kjolar, og vil helsast på torgi
Mark NorSMB 12:39  og hava dei fremste sessarne i synagogorne og høgste sæti i gjestebod;
Mark NorSMB 12:40  dei som et upp huset for enkjor og held lange bøner for syns skuld. Dei skal få so mykje strengare dom.»
Mark NorSMB 12:41  Ein gong sette han seg midt imot tempelkista, og såg på med folk lagde pengar i kista; og mange rike lagde mykje.
Mark NorSMB 12:42  So kom det ei fatig enkja og lagde tvo skjervar, det er so mykje som ein øyre.
Mark NorSMB 12:43  Då kalla han læresveinarne til seg og sagde: «Det segjer eg dykk for sant: Denne fatige enkja hev lagt meir enn alle dei som lagde i kista.
Mark NorSMB 12:44  For dei gav alle av nøgdi si; men ho gav av si fatige råd alt det ho åtte, alt ho hadde til å livberga seg med.»