Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 18
Prov NorSMB 18:1  Einstødingen søkjer det han sjølv er huga på, mot alle kloke råder glefser han.
Prov NorSMB 18:2  Dåren bryr seg ikkje um å vera vitug, men vil berre visa kva som bur i honom.
Prov NorSMB 18:3  Kjem ein ugudleg, so kjem og vanvyrdnad, og med skam fylgjer spott.
Prov NorSMB 18:4  Ordi i ein manns munn er djupe vatn, fløymande bekkjer, visdoms kjelda.
Prov NorSMB 18:5  D’er ’kje godt når ein gjev den gudlause medhald og rengjer rettferdig manns rett.
Prov NorSMB 18:6  Dåre-lippor kjem uppi trætta, og munnen hans ropar etter slag.
Prov NorSMB 18:7  Dåre-munn er til ulukka for han sjølv, og lipporne er ei snara for hans sjæl.
Prov NorSMB 18:8  Baktalar-ord er som lostemat, dei glid so godt ned i livet.
Prov NorSMB 18:9  Den som er lat i arbeidet sitt, han er og bror til øydaren.
Prov NorSMB 18:10  Herrens namn er eit tårn so sterkt, der flyg den rettferdige inn og vert berga.
Prov NorSMB 18:11  Rikmanns eiga er hans faste by, som høge muren i hans eigne tankar.
Prov NorSMB 18:12  Fyre fall er mannsens hjarta stolt, men fyre æra gjeng audmykt.
Prov NorSMB 18:13  Um nokon svarar fyrr han høyrer, vert det til narreskap og til skam for honom.
Prov NorSMB 18:14  Manns mod ber uppe i sjukdom, men brote mod, kven kann bera det?
Prov NorSMB 18:15  Vitug manns hjarta kjøper kunnskap, og øyra åt vismenner søkjer kunnskap.
Prov NorSMB 18:16  Gåva opnar mannen veg og fører han fram til storfolk.
Prov NorSMB 18:17  Den som fyrst legg fram si sak, fær rett, men so kjem motparten og granskar honom.
Prov NorSMB 18:18  Lutkasting endar trettor og skil millom megtige menner.
Prov NorSMB 18:19  Hev ein bror lide urett, er han verre å vinna enn ein festningsby, og trættor er som stengsa for eit slott.
Prov NorSMB 18:20  Mannen fær magen sin mett av frukti or munnen sin, av grøda frå lipporne vert han mett.
Prov NorSMB 18:21  Tunga hev daude og liv i sitt vald, dei som elskar henne, skal eta hennar frukt.
Prov NorSMB 18:22  Den som hev funne ei kona, hev funne lukka og hev fenge ei nådegåva av Herren.
Prov NorSMB 18:23  Den fatige bed og barmar seg, men den rike svarar med harde ord.
Prov NorSMB 18:24  Ein mann med mange vener gjeng det ille, men ven kann vera trugnare enn nokon bror.