Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
GENESIS
Prev Up Next
Chapter 11
Gene NorSMB 11:1  Og heile verdi hadde eitt tungemål og same ordi.
Gene NorSMB 11:2  Og det bar so til, då dei for austigjenom, at dei fann ei slette i Sinearlandet, og der slo dei seg ned.
Gene NorSMB 11:3  Og dei sagde seg imillom: «Kom, lat oss gjera tigl og brenna det vel!» Og so bruka dei tiglet til murstein, og i staden for kalk bruka dei jordbik.
Gene NorSMB 11:4  So sagde dei: «Kom, lat oss byggja oss ein by, med eit tårn som når upp i himmelen, og gjera oss namngjetne, so me ikkje vert spreidde utyver all jordi!»
Gene NorSMB 11:5  Då steig Herren ned og vilde sjå byen og tårnet som manneborni bygde.
Gene NorSMB 11:6  Og Herren sagde: «Sjå dei er eitt folk, og alle hev dei eit tungemål, og dette er det fyrste dei tek seg fyre! No vert ikkje noko umogelegt for deim, kva dei so finn på å gjera.
Gene NorSMB 11:7  Lat oss då stiga ned der og vildra målet deira, so den eine ikkje skynar kva den andre segjer.»
Gene NorSMB 11:8  So spreidde Herren deim derifrå ut yver heile jordi, og dei heldt upp å byggja på byen.
Gene NorSMB 11:9  Difor kallar dei den byen Babel; for der vildra Herren målet for heile verdi, og derifrå spreidde Herren deim ut yver all jordi.
Gene NorSMB 11:10  Dette er soga um Sems-ætti: Då Sem var hundrad år gamall, fekk han sonen Arpaksad, tvo år etter storflodi.
Gene NorSMB 11:11  Og etter han hadde fenge Arpaksad, livde han endå i fem hundrad år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 11:12  Då Arpaksad var fem og tretti år gamall, fekk han sonen Salah.
Gene NorSMB 11:13  Og etter han hadde fenge Salah, livde han endå fire hundrad og tri år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 11:14  Då Salah var tretti år gamall, fekk han sonen Eber.
Gene NorSMB 11:15  Og etter han hadde fenge Eber, livde han endå fire hundrad og tri år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 11:16  Då Eber var fire og tretti år gamall, fekk han sonen Peleg.
Gene NorSMB 11:17  Og etter han hadde fenge Peleg, livde han endå fire hundrad og tretti år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 11:18  Då Peleg var tretti år gamall, fekk han sonen Re’u.
Gene NorSMB 11:19  Og etter han hadde fenge Re’u, livde han endå tvo hundrad og ni år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 11:20  Då Re’u var tvo og tretti år gamall, fekk han sonen Serug.
Gene NorSMB 11:21  Og etter han hadde fenge Serug, livde han endå tvo hundrad og sju år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 11:22  Då Serug var tretti år gamall, fekk han sonen Nahor.
Gene NorSMB 11:23  Og etter han hadde fenge Nahor, livde han endå tvo hundrad år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 11:24  Då Nahor var ni og tjuge år gamall, fekk han sonen Tarah.
Gene NorSMB 11:25  Og etter han hadde fenge Tarah, livde han endå hundrad og nittan år, og fekk søner og døtter.
Gene NorSMB 11:26  Då Tarah hadde fyllt sytti år, fekk han sønerne Abram og Nahor og Haran.
Gene NorSMB 11:27  Dette er soga um Tarah og ætti hans: Tarah fekk sønerne Abram og Nahor og Haran. Og Haran fekk sonen Lot.
Gene NorSMB 11:28  Og Haran døydde for augo åt Tarah, far sin, i fødesheimen sin, i Ur i Kaldæa.
Gene NorSMB 11:29  Og Abram og Nahor tok seg konor. Kona hans Abram heitte Saraj, og kona hans Nahor heitte Milka, og var dotter åt Haran, far åt Milka og Jiska.
Gene NorSMB 11:30  Men Saraj var barnlaus; ho hadde aldri ått barn.
Gene NorSMB 11:31  Og Tarah tok med seg Abram, son sin, og Lot Haransson, soneson sin, og Saraj, sonekona si, kona hans Abram, og dei tok ut saman frå Ur i Kaldæa, og vilde fara til Kana’ans-land. Og dei kom til Kharan, og vart buande der.
Gene NorSMB 11:32  Og dagarne hans Tarah vart tvo hundrad og fem år. So døydde Tarah i Kharan.