Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
GENESIS
Prev Up Next
Chapter 21
Gene NorSMB 21:1  Og Herren såg til Sara, som han hadde sagt, og Herren gjorde for Sara det som han hadde lova.
Gene NorSMB 21:2  Og Sara vart med barn, og fekk ein son med Abraham på hans gamle dagar, den tid som Gud hadde nemnt.
Gene NorSMB 21:3  Og Abraham kalla son sin, den som Sara hadde fenge, Isak.
Gene NorSMB 21:4  Og Abraham umskar Isak, son sin, då han var åtte dagar gamall, som Gud hadde sagt honom fyre.
Gene NorSMB 21:5  Abraham var hundrad år gamall, då Isak, son hans, kom til verdi.
Gene NorSMB 21:6  Og Sara sagde: «Gud hev laga det, so eg lyt læ; og alle som høyrer det, kjem til å læ åt meg.
Gene NorSMB 21:7  Kven skulde vel tenkt seg og sagt det med Abraham, at Sara skulde leggja eit barn til brjostet?» sagde ho, «og no på hans gamle dagar hev eg fenge ein son!»
Gene NorSMB 21:8  Og sveinen voks upp, og ho vande honom av, og Abraham gjorde eit stort gjestebod den dagen Isak vart avvand.
Gene NorSMB 21:9  Og Sara såg at son åt Hagar frå Egyptarland, han som ho hadde fenge med Abraham, ståka og log.
Gene NorSMB 21:10  Då sagde ho med Abraham: «Du skal jaga den terna der og son hennar! For ikkje skal son åt denne terna erva i hop med min son, med Isak.»
Gene NorSMB 21:11  Dei ordi gjorde Abraham hjarteleg ilt for sonen skuld.
Gene NorSMB 21:12  Men Gud sagde til Abraham: «Du skal ikkje hava hugilt for sveinen skuld eller terna skuld! Lyd du Sara i alt ho segjer til deg. For etter Isak skal ætti di heita.
Gene NorSMB 21:13  Og sonen åt terna vil eg og gjera til eit heilt folk, etter di han er ditt barn.»
Gene NorSMB 21:14  Morgonen etter reis Abraham tidleg upp, og tok fram brød og ei hit med vatn; det gav han Hagar, og lagde det på herdarne hennar; og han let henne få sveinen, og bad henne fara. So gjekk ho sin veg, og vingla umkring i Be’erseba-heidi.
Gene NorSMB 21:15  Og vatnet traut i hiti. Då lagde ho sveinen ned under ein runne,
Gene NorSMB 21:16  og sjølv gjekk ho eit stykke burt, som eit bogeskot på lag, og sette seg der. «Eg vil ikkje sjå på at sveinen døyr,» tenkte ho; difor sette ho seg eit stykke ifrå, og ho brast i og gret.
Gene NorSMB 21:17  Men Gud høyrde sveinen øya seg, og Guds engel ropa frå himmelen til Hagar og sagde til henne: «Kva vantar deg, Hagar? Du tarv ikkje ottast! For Gud høyrde sveinen øya seg der han er.
Gene NorSMB 21:18  Reis deg, lyft sveinen upp, og haldt honom fast i handi; eg vil gjera honom til eit stort folk.»
Gene NorSMB 21:19  Og Gud opna augo hennar, so ho såg ein brunn; so gjekk ho dit, og fyllte hiti med vatn, og gav sveinen drikka.
Gene NorSMB 21:20  Og Gud var med sveinen, og han voks upp, og budde i øydemarki, og då han tok til å mannast, vart han bogeskyttar.
Gene NorSMB 21:21  Han slo seg ned i Paranheidi, og mor hans fann ei kona åt honom frå Egyptarland.
Gene NorSMB 21:22  I same tidi hende det at Abimelek og Pikol, som var hovding yver heren hans, kom og sagde med Abraham: «Gud er med deg i alt det du gjer.
Gene NorSMB 21:23  So sver meg no her ved Gud, at du ikkje vil fara med svik mot meg eller mot borni og barneborni mine: liksom eg hev gjort vel imot deg, so skal du gjera vel imot meg og mot det landet du hev fenge tilhald i.»
Gene NorSMB 21:24  Og Abraham sagde: «Ja, det skal eg sverja på!»
Gene NorSMB 21:25  Og Abraham kjærde seg for Abimelek yver den brunnen som drengjerne hans Abimelek hadde rana til seg.
Gene NorSMB 21:26  Då sagde Abimelek: «Eg veit ikkje kven som hev gjort dette. Ikkje hev du sagt meg det, og ikkje hev eg høyrt det heller fyrr no i dag.»
Gene NorSMB 21:27  So tok Abraham både sauer og naut og gav Abimelek, og dei gjorde ei semja seg imillom.
Gene NorSMB 21:28  Og Abraham sette sju gimberlamb av fenaden for seg sjølve.
Gene NorSMB 21:29  Då sagde Abimelek med Abraham: «Kva tyder det at du hev sett desse sju lambi for seg sjølve?»
Gene NorSMB 21:30  «Desse sju lambi skal du hava av meg,» svara han; «det skal vera til vitnemål for meg, at eg hev grave denne brunnen.»
Gene NorSMB 21:31  Difor kalla dei den staden Be’erseba. For der gjorde dei båe eiden.
Gene NorSMB 21:32  So gjorde dei då ei semja i Be’erseba. Og Abimelek og Pikol, hovdingen yver heren hans, tok ut og for heim att til Filistarlandet.
Gene NorSMB 21:33  Og Abraham sette ei tamariska i Be’erseba, og der kalla han på Herren, ævordoms Gud.