Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ISAIAH
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 33
Isai NorSMB 33:1  Usæl du tynar som ikkje sjølv hev vorte tynt, og du ransmann som ingen hev rana ifrå! Når du er ferdig med å tyna, skal du sjølv verta tynt; når du hev slutta med å rana, skal andre rana frå deg.
Isai NorSMB 33:2  Herre, ver oss nådig! Etter deg biar me; ver armen vår kvar morgon, ja vår frelsa i nauds tid!
Isai NorSMB 33:3  For torerøysti rømer folki; når du reiser deg, vert heidningarne spreidde.
Isai NorSMB 33:4  Fengdi dykkar vert sanka, liksom skavaren sankar; liksom engsprettorne spring, spring dei etter det.
Isai NorSMB 33:5  Upphøgd er Herren, for han bur i det høge; han fyller Sion med rett og rettferd.
Isai NorSMB 33:6  Trygge tider skal koma for deg, ein fullnad av frelsa, av visdom og kunnskap; otte for Herren skal vera skatten åt det.
Isai NorSMB 33:7  Høyr kjemporne deira skrik der ute, fredsbodi græt sårt.
Isai NorSMB 33:8  Ålmannvegarne er aude, ferdafolk er der ’kje meir - han hev brote pakti, vanvyrdt byarne, ikkje vyrdt noko menneskje.
Isai NorSMB 33:9  Landet folnar, visnar; Libanon stend skjemd, folnar burt; Saron er som den aude mark; og Basan og Karmel rister lauvet av seg.
Isai NorSMB 33:10  No vil eg standa upp, segjer Herren, no vil eg reisa meg, no vil eg gjera meg høg.
Isai NorSMB 33:11  De skal ganga umhender med strå og føda halm; dykkar frøsing er ein eld som skal øyda dykk.
Isai NorSMB 33:12  Og folkeslag skal verta brende til kalk - avskoren klunger som vert uppbrend med eld.
Isai NorSMB 33:13  Høyr, de som er langt undan, kva eg hev gjort, og de som er nær, kjenn min styrke!
Isai NorSMB 33:14  Syndarar skjelv på Sion, skjelte hev teke dei vanheilage: «Kven kann bu ved ein øydande eld? Kven kann bu ved ævelege bål?»
Isai NorSMB 33:15  Den som ferdast i rettferd og talar det som rett er, som ikkje vyrder urettferdig vinning, som held sine hender frå å taka mutor, stappar øyro att og vil ikkje høyra blodråd, og som let augo att og vil ikkje sjå på vondt,
Isai NorSMB 33:16  han skal bu på høge stader, fjellborger er hans vern; brødet vert gjeve honom, vatnet tryt ikkje for honom.
Isai NorSMB 33:17  Augo dine skal skoda kongen i hans fagerdom, dei skal sjå eit vidsveimt land.
Isai NorSMB 33:18  Hjarta ditt skal minnast rædsla: «Kvar er han som skreiv upp? Kvar er han som vog pengarne? Kvar er han som talde tårni?»
Isai NorSMB 33:19  Det ville folket skal du ikkje meir sjå, folket med det vande målet som ein ikkje kann skyna, med den stamande tunga som ein ikkje kann tyda.
Isai NorSMB 33:20  Sjå på Sion, byen for våre høgtidsstemnor! Augo dine skal i Jerusalem sjå ein trygg bustad, eit fjell som ikkje vert flutt; pålarne vert æveleg ikkje upprykte, og ikkje ei av snorerne vert sundslitne.
Isai NorSMB 33:21  Men der skal me hava ein veldug, Herren - i staden for breide åer og elvar; ingi rorskuta skal fara der, og ikkje noko veldugt langskip.
Isai NorSMB 33:22  For Herren er domaren vår, Herren er vår lovgjerar, Herren er kongen vår, han skal frelsa oss.
Isai NorSMB 33:23  Slakke heng togi dine, dei evlar ikkje stydja mastri, dei held ikkje seglet utspent - då vert herfang bytt i mengd, jamvel dei lame ranar ran.
Isai NorSMB 33:24  Og ingen ibuar skal segja: «Eg er sjuk.» Folket som bur der, hev fenge si misgjerd forlati.