Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next
Chapter 16
Job NorSMB 16:2  «Eg hev høyrt nok av dette slag; d’er brysam trøyst de alle gjev.
Job NorSMB 16:3  Vert det ’kje slutt på tome ord? Kva er det som til svar deg driv?
Job NorSMB 16:4  Eg skulde tala liksom de, i fall de var i staden min; eg sette ord i hop mot dykk, eg riste hovudet mot dykk;
Job NorSMB 16:5  eg skulde trøysta dykk med munnen og lindra dykk med lippemedynk.
Job NorSMB 16:6  Men tale lindrar ei min verk, og ikkje kverv han um eg tegjer.
Job NorSMB 16:7  Men no hev han meg trøytta ut, du hev øydt ut min heile huslyd.
Job NorSMB 16:8  Du klemde meg, til vitne vart det, mi liding reiste seg imot meg og vitna mot meg beint i syni.
Job NorSMB 16:9  Hans vreide reiv og elte meg; han gnistra tennerne imot meg; fiendar kveste augo på meg
Job NorSMB 16:10  og opna munnen sin imot meg og slo mi kinn med skjemdarslag og stima saman imot meg.
Job NorSMB 16:11  Til farkar Gud meg yverlet og kastar meg i brotsmenns vald.
Job NorSMB 16:12  Midt i min fred han skræmde meg, treiv meg i nakken, krasa meg, til skiva sette han meg upp.
Job NorSMB 16:13  Hans pilar svirrar kringum meg; bønlaust han kløyver mine nyro, mitt gall han tømer ut på jordi.
Job NorSMB 16:14  Han bryt meg sund med brot på brot og stormar mot meg som ei kjempa.
Job NorSMB 16:15  Sekk hev eg sytt um hudi mi og stukke hornet mitt i moldi.
Job NorSMB 16:16  Raudt er mitt andlit utav gråt, og myrkret tyngjer augneloki,
Job NorSMB 16:17  endå mi hand er rein for vald, og bøni mi er fri for svik.
Job NorSMB 16:18  Løyn ikkje blodet mitt, du jord! Legg ikkje klaga mi til kvile!
Job NorSMB 16:19  Alt no mitt vitne er i himmeln, min målsmann i det høge bur.
Job NorSMB 16:20  Når mine vener spottar meg; til Gud eg tårut auga vender.
Job NorSMB 16:21  Han døme millom Gud og mann og millom mannen og hans ven.
Job NorSMB 16:22  Og ikkje mange år det vert fyrr eg gjeng burt og kjem ’kje att.