MATTHEW
Chapter 7
Matt | NorSMB | 7:3 | Kvi ser du flisi i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga, den vert du ikkje var? | |
Matt | NorSMB | 7:4 | Eller korleis kann du segja til bror din: Kom, lat meg taka flisi ut or auga ditt! og sjå, det sit ein bjelke i ditt eige auga! | |
Matt | NorSMB | 7:5 | Din hyklar! Drag fyrst bjelken ut or ditt auga - då kann du sjå å taka flisi ut or auga åt bror din. | |
Matt | NorSMB | 7:6 | Gjev ikkje hundarne det som heilagt er, og kasta ikkje perlorne dykkar for svini! Dei kjem berre til å trøda deim under føterne, og snu seg og riva dykk sund. | |
Matt | NorSMB | 7:7 | Bed, so skal de få, leita, so skal de finna, banka på, so skal det verta upplate for dykk! | |
Matt | NorSMB | 7:8 | For kvar den som bed, han fær, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, vert det upplate for. | |
Matt | NorSMB | 7:11 | Når no de veit å gjeva borni dykkar gode gåvor, de som er vonde, kor mykje meir vil so ’kje far dykkar i himmelen gjeva noko godt til deim som bed honom! | |
Matt | NorSMB | 7:12 | Alt som de då vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de og gjera mot deim; for so er lovi og profetarne. | |
Matt | NorSMB | 7:13 | Gakk inn igjenom den tronge porten! For vid er den porten, og breid er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som gjeng inn der. | |
Matt | NorSMB | 7:14 | Men trong er den porten, og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn honom. | |
Matt | NorSMB | 7:15 | Tak dykk i vare for dei falske profetarne! Dei kjem til dykk i saueham, men innvertes er dei gråduge ulvar. | |
Matt | NorSMB | 7:16 | På frukterne deira skal de kjenna deim; kann ein hausta druvor av klunger eller fikor av tistlar? | |
Matt | NorSMB | 7:18 | eit godt tre kann ikkje bera vond frukt, og eit låkt tre kann ikkje bera god frukt. | |
Matt | NorSMB | 7:21 | Ikkje alle som segjer til meg: «Herre, herre!» skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det far min i himmelen vil. | |
Matt | NorSMB | 7:22 | På den dagen skal mange segja til meg: «Herre, herre, hev me ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut djevlar i ditt namn, og gjort mange under i ditt namn?» | |
Matt | NorSMB | 7:23 | Då skal eg segja deim beint ut: «Eg hev aldri kjent dykk. Gakk ifrå meg, de illgjerdsmenner!» | |
Matt | NorSMB | 7:24 | Den som no høyrer desse ordi mine og gjer etter deim, honom vil eg likna med ein vitug mann, som bygde huset sitt på berg. | |
Matt | NorSMB | 7:25 | Og regnet sila, og elvarne fløymde, og vindarne bles og sette mot huset; men det stod; for det var tufta på berg. | |
Matt | NorSMB | 7:26 | Og den som høyrer desse ordi mine og ikkje gjer etter deim, han kann liknast med ein fåvis mann, som bygde huset sitt på sand. | |
Matt | NorSMB | 7:27 | Og regnet sila, og elvarne fløymde, og vindarne bles og sette mot huset; då fall det, og fallet vart stort.» | |