Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I CORINTHIANS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 11
I Co NorSMB 11:1  Vert mine etterfylgjarar, liksom eg fylgjer etter Kristus!
I Co NorSMB 11:2  Eg rosar dykk, brør, at de minnest meg i alle ting, og at de held fast på mine fyreskrifter, so som eg gav dykk deim.
I Co NorSMB 11:3  Men eg vil de skal vita, at hovudet for kvar mann er Kristus, og hovudet for kvinna er mannen, og hovudet for Kristus er Gud.
I Co NorSMB 11:4  Kvar mann som bed eller talar profetord og då hev noko på hovudet, han vanærar hovudet sitt.
I Co NorSMB 11:5  Men kvar kvinna som bed eller talar profetord utan hovudbunad, ho vanærar hovudet sitt; for det er eitt og det same som ho var raka.
I Co NorSMB 11:6  For dersom ei kvinna ikkje brukar hovudbunad, so lat henne og klyppa av seg håret; men er det usømelegt for ei kvinna å klyppa eller raka av seg håret, so lat henne bruka hovudbunad!
I Co NorSMB 11:7  For ein mann skal ikkje hava noko på hovudet, då han er Guds bilæte og æra; men kvinna er mannsens æra.
I Co NorSMB 11:8  For mannen er ikkje av kvinna, men kvinna av mannen.
I Co NorSMB 11:9  For mannen vart ikkje heller skapt for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld.
I Co NorSMB 11:10  Difor skal kvinna hava lydskyldnads-merke på hovudet for englarne skuld.
I Co NorSMB 11:11  Men i Herren er korkje kvinna noko framfor mannen eller mannen noko framfor kvinna.
I Co NorSMB 11:12  For liksom kvinna er av mannen, so er og mannen ved kvinna; og alt er av Gud.
I Co NorSMB 11:13  Døm hjå dykk sjølve! Er det sømelegt at ei kvinna bed til Gud utan hovudbunad?
I Co NorSMB 11:14  Lærer ikkje sjølve naturi dykk, at um ein mann let håret veksa langt, er det honom til vanæra,
I Co NorSMB 11:15  men um ei kvinna let håret veksa langt, er det henne til æra? for det lange håret er gjeve henne til sveip.
I Co NorSMB 11:16  Men dersom nokon vil vera trættekjær, so hev ikkje me den sedvane, og ikkje Guds kyrkjelydar heller.
I Co NorSMB 11:17  Men når eg fyreskriv dette, rosar eg ikkje at de kjem saman, ikkje til det betre, men til det verre.
I Co NorSMB 11:18  For fyrst so høyrer eg, at når de kjem saman i kyrkjelyden, so er der usamnad hjå dykk, og eg trur det for ein deil.
I Co NorSMB 11:19  For det lyt vera serflokkar hjå dykk, so dei velrøynde kann verta openberre millom dykk.
I Co NorSMB 11:20  Når de so kjem saman, vert det ikkje Herrens nattverd det et.
I Co NorSMB 11:21  For når de et, so tek kvar fyrst sin eigen mat, og den eine hungrar, men den andre fyller seg.
I Co NorSMB 11:22  Hev de ikkje hus til å eta og drikka i? Eller vanvyrder de Guds kyrkja og vanærar deim som ingen ting hev? Kva skal eg segja dykk? Skal eg rosa dykk? I dette rosar eg dykk ikkje.
I Co NorSMB 11:23  For eg hev fenge frå Herren det som eg og hev yvergjeve dykk, at Herren Jesus, den natti han vart sviken, tok han eit brød,
I Co NorSMB 11:24  og takka og braut det og sagde: «Dette er min likam som er for dykk. Gjer dette til minne um meg!»
I Co NorSMB 11:25  Like eins tok han og kalken etter kveldverden og sagde: «Denne kalk er den nye pakt i mitt blod. So ofte som de drikk av han, so gjer dette til minne um meg!»
I Co NorSMB 11:26  For so ofte som de et dette brødet og drikk denne kalken, so forkynner de Herrens daude, til dess han kjem.
I Co NorSMB 11:27  Difor, den som et brødet og drikk Herrens kalk uverdigt, han vert skuldig i Herrens likam og blod.
I Co NorSMB 11:28  Men kvart menneskje prøve seg sjølv, og so ete han av brødet og drikke av kalken!
I Co NorSMB 11:29  For den som et og drikk, han et og drikk seg sjølv til dom, når han ikkje gjer skil på Herrens likam.
I Co NorSMB 11:30  Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og mange sovnar av.
I Co NorSMB 11:31  Men dersom me dømde oss sjølve, vart me ikkje dømde.
I Co NorSMB 11:32  Men når me vert dømde, vert me refste av Herren, so me ikkje skal verta fordømde saman med verdi.
I Co NorSMB 11:33  Difor, mine brør, når de kjem saman til å eta, so skift med kvarandre!
I Co NorSMB 11:34  Men dersom nokon hungrar, so ete han heime, so de ikkje skal koma saman til dom. Det andre skal eg fyreskriva når eg kjem.