Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ISAIAH
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 7
Isai NorSMB 7:1  Og det bar til i dei dagarne då Ahaz, son åt Jotam, soneson åt Uzzia, var konge i Juda, at den syriske kongen, Resin, og Israels-kongen Pekah, son åt Remalja, drog upp mot Jerusalem og vilde hertaka byen, men dei greide det ikkje.
Isai NorSMB 7:2  Og då det vart meldt til Davids hus at syrarane hadde lægra seg i Efraim, so skalv hjarta hans og hjarta åt folket hans, liksom tre i skogen skjelv i vinden.
Isai NorSMB 7:3  Men Herren sagde til Jesaja: «Gakk ut med son din Sjear-Jasjub og møt Ahaz ved enden av vatsleidingi i den øvre dammen, på vegen til Bleikjevollen,
Isai NorSMB 7:4  og seg til honom: Tak deg vel i vare og haldt deg i ro! Ottast ikkje og ver ikkje hugfallen for desse tvo rjukande brandarne, for blodsinnet åt Resin og Syria og Remaljasonen!
Isai NorSMB 7:5  Etter di Syria med Efraim og Remaljasonen hev lagt upp vonde råder mot deg og sagt:
Isai NorSMB 7:6  «Me vil fara upp imot Juda og skjota det støkk i bringa og hertaka det og setja inn ein konge der, Tab’al-sonen,»
Isai NorSMB 7:7  difor segjer Herren, Herren: Det skal ikkje lukkast, det skal ikkje henda.
Isai NorSMB 7:8  For hovudet åt Syria er Damaskus, og hovudet åt Damaskus er Resin, og um fem og seksti år skal Efraim vera lagt i øyde, so det ikkje meir er eit folk.
Isai NorSMB 7:9  Og Efraims hovud er Samaria, og hovudet åt Samaria er Remaljasonen. Vil de ikkje tru, skal de ikkje trygt få bu.»
Isai NorSMB 7:11  «Krev deg eit teikn av Herren, din Gud, anten nedan or helheimsdjupet, eller ovan ifrå høgdi!»
Isai NorSMB 7:12  Men Ahaz svara: «Eg vil ikkje krevja noko, eg vil ikkje freista Herren.»
Isai NorSMB 7:13  Då sagde han: «So høyr då, du Davids hus: Er det dykk ikkje nok, at de set tolmodet åt menneskje på prøva? Vil de og prøva Guds tolmod?
Isai NorSMB 7:14  So skal då Herren sjølv gjeva dykk eit teikn: Sjå, møyi vert med barn og føder ein son, og ho gjev honom namnet Immanuel.
Isai NorSMB 7:15  Sur mjølk og honning skal vera maten hans ved det leitet då han skynar å vanda det vonde og velja det gode.
Isai NorSMB 7:16  For innan sveinen hev skyn på å vanda det vonde og velja det gode, so skal det verta audt for folk i landi åt dei tvo kongarne som no fær deg til å fæla.
Isai NorSMB 7:17  Og yver deg og yver folket ditt og yver farshuset ditt skal Herren lata dagar koma som det ikkje hev vore maken til alt ifrå den tid då Efraim skilde seg frå Juda: assyrarkongen.
Isai NorSMB 7:18  For på den tidi skal Herren blistra på fluga langt burte ved elvarne i Egyptarland og på bia i Assyrialandet;
Isai NorSMB 7:19  og dei skal koma og slå seg ned alle saman i dei aude dalarne og bergklufterne, i alle klungerrunnar og ved alle brynne-stader.
Isai NorSMB 7:20  På den dagen skal Herren med ein rakekniv, som er tinga på hi sida av elvi, med assyrarkongen, raka av alt hår både ovantil og nedantil, jamvel skjegget vert avskrapa.
Isai NorSMB 7:21  På den tidi skal ein mann føda ei kviga og tvo sauer.
Isai NorSMB 7:22  Men han skal få so mykje mjølk, at han kann leva av surmjølk; ja, alle som finst att i landet, skal liva av sur mjølk og honning.
Isai NorSMB 7:23  Og det skal verta soleis på den tidi, at der det no stend tusund vintre som er tusund sylvdalar verde, der skal det berre veksa torn og tistel.
Isai NorSMB 7:24  Med piler og bogar skal ein ganga dit; for alt landet ber torn og tistel.
Isai NorSMB 7:25  Og alle dei berg der dei no onnar med hakka, skal ingen meir setja sin fot på av otte for torn og tistel; dei skal verta hamnegangar åt uksar, og utmark som vert nedtrakka av sauer.»