Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 8
Job NorSMB 8:2  «Kor lenge vil du tala so og lata ordi storma fram?
Job NorSMB 8:3  Kann Gud vel rengja det som rett er? Kann Allvalds-Gud vel rengja rettferd?
Job NorSMB 8:4  Hev dine søner synda mot han, gav han deim deira synd i vald.
Job NorSMB 8:5  Um du søkja til din Gud, og beda Allvalds-Gud um nåde,
Job NorSMB 8:6  er du då rein og utan svik, då vil han vakna upp for deg og reisa nytt ditt rettferdshus,
Job NorSMB 8:7  Um og di fortid vesall var, so mykje større vert di framtid.
Job NorSMB 8:8  Ja, spør deg for hjå farne ætter, agt på kva federne fann ut.
Job NorSMB 8:9  - Me inkje veit, er frå i går; vårt liv ein skugge er på jordi -
Job NorSMB 8:10  dei skal deg læra, gjeva svar med ord ifrå sitt hjartedjup:
Job NorSMB 8:11  «Veks sevet vel på turre land? Trivst storren der som vatnet vantar?
Job NorSMB 8:12  Enn stend det grønt, vert ikkje skore, då visnar det fyrr anna gras.»
Job NorSMB 8:13  So gjeng det deim som gløymer Gud; og voni glepp for gudlaus mann.
Job NorSMB 8:14  Hans tillit sunderskori vert, hans tiltru vert til kongurvev;
Job NorSMB 8:15  Det hus han styd seg til, det dett; det som han triv til, stend ’kje fast.
Job NorSMB 8:16  Han saftfull veks, med soli skin; hans greiner yver hagen heng,
Job NorSMB 8:17  og roti kring steinrøysar smett, og smyg seg inn imillom steinar.
Job NorSMB 8:18  Men vert han riven frå sin stad, so hugsar staden han ei meir.
Job NorSMB 8:19  Sjå det er gleda på hans veg; or moldi skyt ein annan fram.
Job NorSMB 8:20  Men Gud vanvyrder ei den reine; dei vonde tek han ei i handi.
Job NorSMB 8:21  Han enn din munn med lått skal fylla og lipporne med gledesong;
Job NorSMB 8:22  men skammi klæda skal din fiend’; gudløysetjeld finst ikkje meir.»