JOSHUA
Chapter 21
Josh | NorSMB | 21:1 | Medan dei var i Silo i Kana’ans-landet, gjekk ættefederne åt levitarne gjekk fram for Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og ættefederne åt Israels-sønerne, | |
Josh | NorSMB | 21:2 | og tala soleis til deim: «Moses kom med det bodet frå Herren at me skulde få byar til å bu i, med bumark ikring åt feet vårt.» | |
Josh | NorSMB | 21:3 | Og Israels-sønerne gjorde som Herren hadde sagt, og gav levitarne av sitt eige land dei byarne me snart skal nemna, med bumarki som låg ikring. | |
Josh | NorSMB | 21:4 | Då dei no drog strå, fall den fyrste luten på Kahats-sønerne; dei levitarne som var ætta frå Aron, øvstepresten, fekk trettan byar hjå Juda-ætti og Simeons-ætti og Benjamins-ætti, | |
Josh | NorSMB | 21:5 | og dei andre Kahats-sønerne fekk for sin lut ti byar hjå Efraims ættgreiner og Dans-ætti og den eine helvti av Manasse-ætti. | |
Josh | NorSMB | 21:6 | Gersons-sønerne fekk for sin lut trettan byar hjå Issakars ættgreiner og Assers-ætti og Naftali-ætti og den helvti av Manasse-ætti som var i Basan. | |
Josh | NorSMB | 21:7 | Merari-borni og ættgreinerne deira fekk tolv byar hjå Rubens-ætti og Gads-ætti og Sebulons-ætti. | |
Josh | NorSMB | 21:8 | Desse byarne, med bumarki som høyrde til, gav Israels-sønerne åt levitarne, soleis som Moses hadde sagt dei frå Herren, og let dei draga strå um deim. | |
Josh | NorSMB | 21:9 | I Judafylket og Simeonsfylket gav dei frå seg dei byarne som me no skal nemna ein for ein: | |
Josh | NorSMB | 21:10 | det var Arons-sønerne av Levi-ætti, Kahat-greini, som fekk dei; for deim fall den fyrste luten på. | |
Josh | NorSMB | 21:11 | Dei gav deim den byen på Judafjellet som heitte etter Arba, ættefaren åt anakitarne, og som me no kallar Hebron, med bumarki som låg rundt ikring; | |
Josh | NorSMB | 21:12 | men åkerlandet og gardarne som høyrde til byen, gav dei Kaleb Jefunneson til odel og eiga. | |
Josh | NorSMB | 21:13 | Dei som var ætta frå Aron, øvstepresten, fekk i desse tvo fylki både Hebron, som var fristad for dråpsmenner, og Libna | |
Josh | NorSMB | 21:20 | No skal me nemna dei byarne som fall på dei andre Kahats-sønerne, dei levitiske Kahats-ætterne: Dei fekk i Efraimsfylket | |
Josh | NorSMB | 21:25 | og i det eine halve Manassefylket Ta’anak og Gat-Rimmon, tvo byar, med bumarki som høyrde til. | |
Josh | NorSMB | 21:26 | Det var i alt ti byar med bumark attåt som dei hine greinerne av Kahats-ætti fekk. | |
Josh | NorSMB | 21:27 | Levitarne av Gersons-greini fekk i det andre halve Manassefylket Golan i Basan, ein av fristaderne for dråpsmenner, og Be’estera, tvo byar, med bumarki som høyrde til, | |
Josh | NorSMB | 21:32 | og i Naftalifylket Kedes i Galilæa, ein av fristaderne for dråpsmenner, og Hammot-Dor og Kartan, tri byar, med bumarki som høyrde til. | |
Josh | NorSMB | 21:33 | Soleis fekk gersonitarne og ættgreinerne deira i alt trettan byar med bumark attåt. | |
Josh | NorSMB | 21:34 | Dei som var att av levitarne, Merari-sønerne og ættgreinerne deira, fekk i Sebulonsfylket Jokneam og Karta | |
Josh | NorSMB | 21:40 | Det var i alt tolv byar som fall på dei siste Levi-ætterne, Merari-sønerne og ættgreinerne deira. | |
Josh | NorSMB | 21:41 | Alt i alt fekk levitarne i odelslandet åt Israels-sønerne åtte og fyrti byar, med bumark attåt. | |
Josh | NorSMB | 21:43 | Soleis gav Herren Israel heile det landet som han hadde lova at han vilde gjeva federne deira, og dei eigna det til seg og vart buande der. | |
Josh | NorSMB | 21:44 | Og Herren let deim hava fred på alle leder, heiltupp soleis som han hadde lova federne deira. Ingen av alle uvenerne deira kunde standa seg imot deim; Herren gav alle fiendar i deira hender. | |