Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MATTHEW
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 18
Matt NorSMB 18:1  I same bilet kom læresveinarne til Jesus og spurde: «Kven er no den største i himmelriket?»
Matt NorSMB 18:2  Då kalla han til seg eit lite barn, og sette det midt imillom deim
Matt NorSMB 18:3  og sagde: «Det segjer eg dykk for sant: Vender de ’kje um, og vert som borni, so kjem de aldri inn i himmelriket.
Matt NorSMB 18:4  Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket;
Matt NorSMB 18:5  og den som tek imot eitt sovore barn i mitt namn, han tek imot meg.
Matt NorSMB 18:6  Men den som freistar nokon av desse små som trur på meg, han var betre faren dei hadde hengt ein kvernstein um halsen på honom og søkkt honom ned i djupaste havet.
Matt NorSMB 18:7  Ve yver verdi for freistingarne hennar! Freistingar lyt det koma, men ve yver den som freistingi kjem frå!
Matt NorSMB 18:8  Um handi di eller foten din freistar deg, so hogg deim av og kasta deim frå deg! Det er betre for deg å ganga einhendt eller halt inn til livet enn å hava tvo hender og tvo føter og kastast i den ævelege elden.
Matt NorSMB 18:9  Og um auga ditt freistar deg, so riv det ut og kasta det frå deg! Det er betre for deg å ganga einøygd inn til livet enn å hava tvo augo og kastast i helveteselden.
Matt NorSMB 18:10  Agta dykk at de ikkje vanvyrder nokon av desse små! for eg segjer dykk at englarne deira i himmelen allstødt fær sjå åsyni åt far min i himmelen.
Matt NorSMB 18:11  For Menneskjesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
Matt NorSMB 18:12  Kva trur de? - Um ein mann hev hundrad sauer, og ein av deim villar seg burt, let han ’kje då dei ni og nitti ganga lause i fjellet og tek ut og leitar etter den som fer vilt?
Matt NorSMB 18:13  og hender det at han finn honom, då segjer eg dykk for visst: Han gleder seg meir yver honom enn yver dei ni og nitti som ikkje hev villa seg burt.
Matt NorSMB 18:14  Soleis vil ikkje heller far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal fortapast.
Matt NorSMB 18:15  Hev bror din synda imot deg, so gakk til honom og tala honom til rettes på tvomannshand! Høyrer han på deg, so hev du vunne bror din;
Matt NorSMB 18:16  men vil han ikkje høyra, so tak med deg endå ein eller tvo, so kvar ting kann provast med tvo eller tri manns vitnemål.
Matt NorSMB 18:17  Høyrer han ikkje på deim, so seg det til kyrkjelyden! Og høyrer han ikkje på kyrkjelyden heller, då skal han vera som ein heidning og tollmann for deg.
Matt NorSMB 18:18  Det segjer eg dykk for sant: Alt det de bind på jordi, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jordi, skal vera løyst i himmelen.
Matt NorSMB 18:19  Sameleis segjer eg dykk: Alt det som tvo av dykk her på jordi er samde um å beda um, det skal dei få av far min i himmelen.
Matt NorSMB 18:20  For der som tvo eller tri er samla i mitt namn, der er eg midt imillom deim.»
Matt NorSMB 18:21  Då gjekk Peter fram og sagde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgjeva bror min når han hev synda imot meg - so mykje som sju gonger?»
Matt NorSMB 18:22  Jesus svara: «Ikkje sju gonger, segjer eg deg, men sytti gonger sju gonger.»
Matt NorSMB 18:23  For himmelriket kann liknast med ein konge som vilde gjera upp rekneskapen med tenarane sine.
Matt NorSMB 18:24  Då han no tok til med uppgjerdi, førde dei fram for honom ein som var skuldig ti millionar dalar.
Matt NorSMB 18:25  Men han hadde ’kje noko å greida det med. So sagde herren hans at han skulde seljast, både han og kona hans og borni og alt det han åtte, so gjelda kunde greidast.
Matt NorSMB 18:26  Då fall tenaren på kne for honom og sagde: «Ver tolug med meg, so skal du få det alt saman!»
Matt NorSMB 18:27  Og herren tykte synd i tenaren sin og gav honom fri, og ettergav honom skuldi.
Matt NorSMB 18:28  Då den same tenaren kom ut att, møtte han ein av dei andre tenarane, som var skuldig honom tjuge dalar, og han greip honom og vilde strøypa honom, og sagde: «Kom med det du er skuldig!»
Matt NorSMB 18:29  Då fall den andre på kne og bad for seg og sagde: «Ver tolug med meg, so skal du få det!»
Matt NorSMB 18:30  Men han vilde ikkje; han tok og sette medtenaren sin i fengsel; der skulde han sitja til skuldi var greidd.
Matt NorSMB 18:31  Då dei andre tenarane såg kva som gjekk fyre seg, vart dei ille ved; og dei gjekk til herren sin, og fortalde honom alt det som var hendt.
Matt NorSMB 18:32  Då kalla herren honom fyre seg og sagde til honom: «Du vonde tenar! Heile den store skuldi di gav eg deg etter då du bad meg!
Matt NorSMB 18:33  Skulde so ’kje du og ha vore mild imot medtenaren din, som eg var imot deg!»
Matt NorSMB 18:34  Og herren hans vart harm og gav honom yver til fangevaktarane, so dei skulde pina honom til han hadde greidt all skuldi.
Matt NorSMB 18:35  So skal og far min i himmelen gjera med dykk, når de ikkje av hjarta tilgjev kvarandre.