Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
NEHEMIAH
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13
Prev Up Next
Chapter 12
Nehe NorSMB 12:1  Dette er dei prestarne og levitarne som for heim med Zerubbabel Sealtielsson og Jesua: Seraja, Jirmeja, Ezra,
Nehe NorSMB 12:7  Sallu, Amok, Hilkia og Jedaja. Dette var hovdingarne for prestarne og for brørne sine på Jesuas tid.
Nehe NorSMB 12:8  Og levitarne var: Jesua, Binnui, Kadmiel, Serebja, Juda, Mattanja, som saman med brørne sine styrde med lovsongen,
Nehe NorSMB 12:9  medan Bakbukja og Unno, brørne deira, stod midt fyre deim etter vaktskift.
Nehe NorSMB 12:10  Jesua fekk sonen Jojakim, Jojakim fekk sonen Eljasib, og Eljasib Jojada.
Nehe NorSMB 12:12  På Jojakims tid var desse hovdingar for preste-ættarne: For Seraja Meraja, for Jeremia Hananja,
Nehe NorSMB 12:17  for Abia Zikri, for Minjamin, for Moadja Piltai,
Nehe NorSMB 12:22  I Eljasibs, i Jojada og Johanan og Jaddua si tid, vart hovdingarne for levitættgreinerne uppskrivne; like eins prestarne i styringstidi åt persaren Darius.
Nehe NorSMB 12:23  Levi-sønerne, ættarhovdingarne, er uppskrivne i krønikeboki heilt fram til dagarne hans Johanan Eljasibsson.
Nehe NorSMB 12:24  Levithovdingarne var: Hasabja, Serebja og Jesua Kadmielsson og brørne deira, som stod midt imot deim og song lovsongen og takkesongen, etter som gudsmannen David hadde bode, ein songarflokk attmed hin.
Nehe NorSMB 12:25  Mattanja, Bakbukja, Obadja, Mesullam, Talmon og Akkub var portvaktarar og heldt vakt ved upplagsromi ved portarne.
Nehe NorSMB 12:26  Dette var ættarhovdingarne i dagarne hans Jojakim, son åt Jesua Josadaksson, og i jarlen Nehemia og den skriftlærde presten Ezra si tid.
Nehe NorSMB 12:27  Då muren kring Jerusalem skulde verta vigd, henta dei levitarne frå alle bustaderne deira og førde deim til Jerusalem, til å halda vigsla og gledehøgtid med lov og song, med cymblar og harpor og cithrar.
Nehe NorSMB 12:28  Då samla songar-sønerne seg frå kverven kring Jerusalem og frå netofatitgardarne,
Nehe NorSMB 12:29  frå Bet-Haggilgal og frå landet kring Geba og Azmavet; songarane hadde bygt seg gardar rundt ikring Jerusalem.
Nehe NorSMB 12:30  Prestarne og levitarne reinsa seg, og dei reinsa folket og portarne og muren.
Nehe NorSMB 12:31  Eg let hovdingarne i Juda stiga upp på muren. So skipa eg tvo store songkorar og festferder. Den eine gjekk til høgre uppå muren fram mot Møkporten.
Nehe NorSMB 12:32  Etter dei gjekk Hosaja og den eine helvti av Juda-hovdingarne,
Nehe NorSMB 12:35  like eins nokre av prestesønerne med lurar; dinæst Zakarja, son åt Jonatan, son åt Semaja, son åt Mattanja, son åt Mikaja, son åt Zakkur, son åt Asaf,
Nehe NorSMB 12:36  og so brørne hans: Semaja, Azarel, Milalai, Gilalai, Ma’ai, Netanel, Juda, og Hanani med spelgognerne åt gudsmannen David. Den skriftlærde Ezra gjekk fyre deim.
Nehe NorSMB 12:37  Dei gjekk yver Kjeldeporten og beint upp tropperne til Davidsbyen, der ein stig upp på muren ovanfor Davidshuset, heilt fram til Vatsporten i aust.
Nehe NorSMB 12:38  Den andre songkoren gjekk til vinstre, og der fylgde eg og den andre helvti av folket uppå muren, yver Omnstårnet burt til den breide muren,
Nehe NorSMB 12:39  yver Efraimsporten, Gamleporten og Fiskeporten, gjenom Hananeltårnet og Hammeatårnet, heilt fram til Saueporten. Dei stana ved Fengselsporten.
Nehe NorSMB 12:40  So stelte dei seg upp i Guds hus båe songkorarne; like eins eg og helvti av formennerne med meg,
Nehe NorSMB 12:41  og prestarne Eljakim, Ma’aseja, Minjamin, Mikaja, Eljoenai, Zakarja og Hananja med lurar,
Nehe NorSMB 12:42  og Ma’aseja, Semaja, Eleazar, Uzzi, Johanan, Malkia, Elam og Ezer. Og songarane let songen ljoma, og føraren deira var Jizrahja.
Nehe NorSMB 12:43  Dei ofra den dagen store offer og gledde seg; for Gud hadde kveikt gleda hjå folket; ogso kvinnorne og borni gledde seg. Og gleda frå Jerusalem høyrdest langan leid.
Nehe NorSMB 12:44  Samstundes vart det uppnemt menner til å hava tilsyn med upplagsromi for reidorne, fyrstegrøda og tiendi, til å gøyma der det som lovi heimla prestarne og levitarne frå bymarkerne. Dei var fegne i Juda for at prestarne og levitarne gjorde tenesta.
Nehe NorSMB 12:45  Og dei tok vare på det som var til å taka vare på ved gudstenesta og reinsingarne. Like eins gjorde songarane og portvaktarane sine tenestor, soleis som David og Salomo, son hans, hadde bode;
Nehe NorSMB 12:46  for alt i gamall tid, i Davids dagar, og songarhovdingen Asafs dagar, ljoda lovsongar og takkesongar til Gud.
Nehe NorSMB 12:47  Og i Zerubbabels og Nehemias dagar gav heile Israel songarane og portvaktarane dei reidorne dei skulde hava frå dag til annan. Levitarne fekk sine heilage gåvor, og dei reidde ut heilage gåvor til Arons-sønerne.