Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next
Chapter 27
Prov NorSMB 27:1  Rosa deg ikkje av morgondagen, for du veit ikkje kva ein dag ber i fang.
Prov NorSMB 27:2  Lat ein annan rosa deg; ikkje din eigen munn, ein framand og ei dine eigne lippor!
Prov NorSMB 27:3  Stein er tung, og sand veg mykje, men tyngre enn båe er dåreharm.
Prov NorSMB 27:4  Sinne er fælslegt, og vreide ein flaum, men kven kann standa seg mot åbryskap?
Prov NorSMB 27:5  Betre er openberrleg refsing enn kjærleik som held seg duld.
Prov NorSMB 27:6  Trugne er slag av venehand, og mange er uvens kyssar.
Prov NorSMB 27:7  Den mette trakkar på honning, men den svoltne tykkjer alt beiskt er søtt.
Prov NorSMB 27:8  Som ein fugl som rømer frå reiret sitt, er ein mann som rømer frå heimen sin.
Prov NorSMB 27:9  Olje og røykjelse hjarta gled, og søte venar-ord frå rådvis sjæl.
Prov NorSMB 27:10  Slepp ikkje frå deg venen din og far din’s ven, so du lyt heim til bror din når du er i naud! Ein granne nær attmed er betre enn ein bror langt burte.
Prov NorSMB 27:11  Vert vis, min son, og gled mitt hjarta, so eg kann svara den som spottar meg!
Prov NorSMB 27:12  Den kloke ser fåren, gøymer seg; fåmingar renner fram og lyt bøta for det.
Prov NorSMB 27:13  Tak klædi hans, for han hev borga for ein annan, og panta honom for ei framand kvinna!
Prov NorSMB 27:14  Den som høgmælt signar sin ven um morgonen tidleg, han skal få det tilrekna som ei forbanning.
Prov NorSMB 27:15  Si-drop frå taket ein regndag og ei trættekjær kvinna likjest kvarandre.
Prov NorSMB 27:16  Den som held på henne, held på vind, og handi hans triv i olje.
Prov NorSMB 27:17  Jarn sliper jarn, og den eine mannen sliper den andre.
Prov NorSMB 27:18  Den som agtar fiketreet sitt, fær eta frukti av det, den som tek vare på sin herre, skal få æra.
Prov NorSMB 27:19  Som andlit seg speglar mot andlit i vatnet, so menneskjehjarta mot menneskje.
Prov NorSMB 27:20  Helheim og avgrunn vert ikkje mette, og menneskjeaugo vert ikkje mette.
Prov NorSMB 27:21  Diglen røyner sylvet og omnen gullet, og ein mann vert røynd av sin ros.
Prov NorSMB 27:22  Um du støyte uvitingen i mortelen med støytaren i hop med gryn, so vilde ikkje vitløysa vika ifrå han.
Prov NorSMB 27:23  God greide lyt du hava på koss sauerne dine ser ut, og agta vel på buskapen din!
Prov NorSMB 27:24  For velstand varer ikkje æveleg, og ikkje ei kruna frå ætt til ætt.
Prov NorSMB 27:25  Men er høyet burte og håi kjem att, og fjellgras vert sanka i hop,
Prov NorSMB 27:26  då hev du lamb til klæde, og bukkar til å kjøpa deg åker for,
Prov NorSMB 27:27  og geitemjølk nok til mat for deg, til mat for huset ditt og til livsupphald for gjentorne dine.