Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next
Chapter 7
Prov NorSMB 7:1  Son min, tak vare på ordi mine, og gøym mine bodord hjå deg!
Prov NorSMB 7:2  Tak vare på bodordi mine, so skal du liva, og på læra mi som din augnestein!
Prov NorSMB 7:3  Bitt deim på fingrarne dine, skriv deim på hjartetavla!
Prov NorSMB 7:4  Seg til visdomen: «Du er mi syster», og kalla vitet din ven,
Prov NorSMB 7:5  so dei kann deg vara frå annanmanns kona, frå ei framand kvinna med sleipe ord.
Prov NorSMB 7:6  For gjenom vindauga mitt, gjenom rimarne glytte eg ut.
Prov NorSMB 7:7  Då såg eg millom dei fåkunnige, eg gådde ein uviting millom dei unge,
Prov NorSMB 7:8  som smaug um hyrna på gata, tok vegen til hennar hus,
Prov NorSMB 7:9  i skumings-stundi, mot kvelden, i kolmyrke svarte natti.
Prov NorSMB 7:10  Då kom kvinna imot han i skjøkjebunad og innful i hjarta -
Prov NorSMB 7:11  bråkande er ho og vill, heime hev ho ’kje ro.
Prov NorSMB 7:12  Snart på gata, snart på torgi, med kvart hyrna stend ho på lur -
Prov NorSMB 7:13  Ho tok fat på han og kysste han, og med ubljug uppsyn sagde ho til han:
Prov NorSMB 7:14  «Eg hev på meg eit gilde-offer, og eg held min lovnad i dag.
Prov NorSMB 7:15  Difor gjekk eg ut imot deg, vilde leita deg upp, og eg fann deg.
Prov NorSMB 7:16  Mi seng hev eg reidt med tæpe, med egyptiske roselakan.
Prov NorSMB 7:17  Eg hev skvett utyver mi lega myrra, aloe og kanel.
Prov NorSMB 7:18  Kom til ein kjærleiks rus alt til morgons, lat oss hyggja oss saman i elskhug!
Prov NorSMB 7:19  For mannen er ikkje heime, han er på ferd langt burte,
Prov NorSMB 7:20  pengepungen tok han med seg, ved fullmånetid kjem han heim.»
Prov NorSMB 7:21  Ho fekk lokka han med all si sterke fyreteljing, forførde han med sine sleipe lippor.
Prov NorSMB 7:22  Han fylgjer henne straks, som ein ukse gjeng til slagt, som i fotjarn til tukt for dåren,
Prov NorSMB 7:23  til dess pili kløyver hans livr, som fuglen skundar til snara og veit ikkje at det gjeld livet.
Prov NorSMB 7:24  Og no, søner, høyr på meg, og lyd på det munnen min talar!
Prov NorSMB 7:25  Ei vende du hjarta til hennar vegar, vimra ikkje på hennar stigar!
Prov NorSMB 7:26  For mange med ulivssår hev ho felt, og stort er talet på deim ho hev drepe.
Prov NorSMB 7:27  Hennar hus er vegar til helheim, dei gjeng ned til daudens kot.