I CHRONICLES
Chapter 4
I Ch | NorSMB | 4:2 | Og Reaja, son åt Sobal, vart far til Jahat, og Jahat vart far til Ahumai og Lahad; dette var soratit-ætterne. | |
I Ch | NorSMB | 4:3 | Og dette var sønerne åt Abi-Etam: Jizre’el og Jisma og Jidbas - og syster deira heitte Haslelponi - | |
I Ch | NorSMB | 4:4 | og dessutan Penuel, far åt Gedor, og Ezer, far åt Husa. Desse var søner åt Hur, eldste son hans Efrata, far åt Betlehem. | |
I Ch | NorSMB | 4:6 | Med Na’ara fekk han Ahuzzam og Hefer, og Temeni og ahastaritarne; dette var sønerne hennar Na’ara. | |
I Ch | NorSMB | 4:9 | Men Jabes var den gjævaste av brørne; mor hans hadde gjeve honom namnet Jabes, med di ho sagde: «Med verk og vande hev eg ått honom.» | |
I Ch | NorSMB | 4:10 | Og Jabes kalla på Israels Gud og sagde: «Um du vilde velsigna meg og auka landviddi mi og lata di hand vera med meg, og um du vilde bægja for det som vondt er, so eg slepp å kjenna nokon verk!» Og Gud let det verta soleis som han bad um. | |
I Ch | NorSMB | 4:12 | Og Eston var far til Bet-Rafa, Paseah og Tehinna, far åt Ir-Nahas. Dette var mennerne frå Reka. | |
I Ch | NorSMB | 4:14 | Og Meonotai fekk sonen Ofra, og Seraja fekk sonen Joab, far til ætti i Timbremannsdalen; for dei var timbremenner. | |
I Ch | NorSMB | 4:17 | Og sønerne hans Ezra var Jeter og Mered og Efer og Jalon. Og kvinna vart med barn og åtte Mirjam, Sammai og Jisbah, far åt Estemoa. | |
I Ch | NorSMB | 4:18 | Og jøde-kona hans åtte Jered, far hans Gedor, og Heber, far åt Soko, og Jekutiel, far åt Zanoah; men dei hine var søner åt Bitja, dotter åt Farao, som Mered hadde teke til kona. | |
I Ch | NorSMB | 4:19 | Og sønerne åt kona hans Hodia, syster hans Naham, var far åt Ke’ila, garmiten, og ma’akatiten Estemoa. | |
I Ch | NorSMB | 4:20 | Og sønerne hans Simon var Amnon og Rinna, Ben-Hanan og Tulon. Og sønerne hans Jisi var Zohet og son åt Zohet. | |
I Ch | NorSMB | 4:21 | Og sønerne hans Sela Judason var Er, far åt Leka, og Lada, far åt Maresa, og linarbeidar-ætterne av Asbea-huset, | |
I Ch | NorSMB | 4:22 | dessutan Jokim og mennerne i Kozeba og Joas og Saraf, som vart herre yver Moab, og dertil Jasubi-Lehem. Men dette høyrer til gamall tid. | |
I Ch | NorSMB | 4:23 | Dette var pottemakarane og folket Netajim og Gedera; dei budde der hjå kongen og var i hans arbeid. | |
I Ch | NorSMB | 4:27 | Og Sime’i hadde sekstan søner og seks døtter; men brørne hans hadde ikkje mange born. Og heile ætti deira aukast ikkje so mykje som Juda-sønerne. | |
I Ch | NorSMB | 4:31 | i Bet-Markabot, i Hasar-Susim, i Bet-Biri og i Sa’arajim. Dette var byarne deira alt til David vart konge. | |
I Ch | NorSMB | 4:33 | og dertil alle bygderne deira som låg ikring desse byarne, alt til Ba’al; dette var bustaderne deira, og dei hadde ei ættarlista for seg sjølve. | |
I Ch | NorSMB | 4:38 | Desse som no er nemnde, var hovdingar i ætterne sine, og ættgreinerne deira breidde seg ut og vart mangmente. | |
I Ch | NorSMB | 4:39 | Og dei drog fram mot Gedor alt til austsida av dalen og skulde finna beite åt buskapen sin. | |
I Ch | NorSMB | 4:40 | Og dei fann feitt og godt beite, og landet var vidt og romt, og det var stilt og fredsamt; for dei som budde der fyreåt, var ætta frå Kham. | |
I Ch | NorSMB | 4:41 | Men desse som her er uppskrivne med namn, kom då Hizkia var konge i Juda, og øydelagde tjeldbuderne deira og hogg ned dei me’unitarne som der var, og bannstøytte deim, so dei no ikkje meir er til, og dei slo seg ned der i staden deira; for der var det beite for buskapen deira. | |
I Ch | NorSMB | 4:42 | Og det var fem hundrad mann av deim, av Simeons-sønerne, som for til Se’irfjelli, og Pelatja og Nearja og Refaja og Uzziel, sønerne hans Jisi, var fyregangsmennerne deira. | |