Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 12
Job NorSMB 12:2  «Ja visst, de er dei rette folk, og visdomen døyr ut med dykk.
Job NorSMB 12:3  Men eg hev vit so vel som de; eg ei til atters stend for dykk; kven kjenner ikkje dette fyrr?
Job NorSMB 12:4  Til spott for venen min vert eg som bad til Gud og bønhøyrd vart. Til spott vert rettvis mann og ærleg.
Job NorSMB 12:5  Vanvyrd ulukka! tenkjer trygg mann, vanvyrdnad ventar deim som vinglar.
Job NorSMB 12:6  Valdsmenn bur roleg i sitt tjeld; trygge er dei som tergar Gud, dei som hev Gud i neven sin.
Job NorSMB 12:7  Spør bølingen, han skal deg læra, og fugl i luft, han segja skal,
Job NorSMB 12:8  og tal til jordi, ho skal læra, og fisk i hav, skal melda deg:
Job NorSMB 12:9  Kven skynar ei på alt i hop, at Herrens hand hev skapa det?
Job NorSMB 12:10  Kvar livand’ sjæl han hev i handi og åndi åt kvart menneskje.
Job NorSMB 12:11  Vert ordi ei med øyra prøvde, som du med gomen maten smakar?
Job NorSMB 12:12  Hjå folk med gråe hår er visdom, og vit hjå deim som liver lenge.
Job NorSMB 12:13  Hjå honom visdom er og kraft, hjå honom råd og dømekraft.
Job NorSMB 12:14  Når han riv ned, kven byggjer upp? Når han set fast, kven løyser ut?
Job NorSMB 12:15  Han stengjer vatnet, turkar det, slepper det, so det jordi øyder.
Job NorSMB 12:16  Hjå honom kraft og klokskap er; han eig båd’ vegvill og vill-leidar;
Job NorSMB 12:17  rådsherrar fører han som fangar, og domarar han gjer til dårar.
Job NorSMB 12:18  Han løyser konge-styring upp, legg reip kring livet på deim sjølve.
Job NorSMB 12:19  Han fører prestar plundra burt og øyder ut eld’-gamle ætter.
Job NorSMB 12:20  Han mælet tek frå øvde talar og vitet frå dei gamle menn,
Job NorSMB 12:21  og yver stormenn skam han øys og løyser beltet på dei sterke.
Job NorSMB 12:22  Han myrkret driv or holor ut og fører dimma fram i dagen.
Job NorSMB 12:23  Han aukar folk og tynar deim; han spreider folk og fører deim;
Job NorSMB 12:24  Han vitet tek frå jordheimsfyrstar og let veglaus heid deim vildra;
Job NorSMB 12:25  dei sviv i myrkret utan ljos, han let dei raga liksom drukne.