Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 27
Job NorSMB 27:2  «So sant Gud liver, som meg sveik, og Allvalds som meg volde sorg
Job NorSMB 27:3  - for endå eg min ande dreg; i nosi mi er guddomspust -:
Job NorSMB 27:4  Urett ligg ei på mine lippor; mi tunga talar ikkje svik.
Job NorSMB 27:5  D’er langt frå meg å gje’ dykk rett, mi uskyld held eg fast til dauden.
Job NorSMB 27:6  Mi rettferd held eg fast uskjepla, eg ingen dag treng skjemmast ved.
Job NorSMB 27:7  Min fiend’ skal seg syna gudlaus, min motstandar som urettferdig.
Job NorSMB 27:8  Kva von hev en gudlaus att, når Gud vil sjæli or han draga?
Job NorSMB 27:9  Vil Gud vel høyra skriket hans, når trengsla bryt innyver honom?
Job NorSMB 27:10  Kann han i Allvald vel seg gleda? Kann han kvar tid påkalla Gud?
Job NorSMB 27:11  Eg um Guds hand vil læra dykk; kva Allvald vil, det dyl eg ikkje.
Job NorSMB 27:12  Sjå dette hev det alle set; kvi talar de då tome ord?
Job NorSMB 27:13  Den lut fær gudlause av Gud, den arven valdsmann fær av Allvald.
Job NorSMB 27:14  Til sverdet veks hans søner upp; hans avkom mettast ei med brød;
Job NorSMB 27:15  dei siste legst i grav ved pest, og enkjorne held ingi klaga.
Job NorSMB 27:16  Og um han dyngjer sylv som dust og samlar klæde liksom leir:
Job NorSMB 27:17  Den rettvise tek klædi på; skuldlause skifter sylvet hans.
Job NorSMB 27:18  Han byggjer huset sitt som molen, likt hytta vaktmannen set upp.
Job NorSMB 27:19  Rik legg han seg - men aldri meir; han opnar augo - og er burte.
Job NorSMB 27:20  Som vatsflaum rædsla honom tek, ved natt riv stormen honom burt.
Job NorSMB 27:21  Han driv av stad for austanvind, som blæs han frå hans heimstad burt.
Job NorSMB 27:22  Han utan miskunn på han skyt; frå handi hans han røma må.
Job NorSMB 27:23  Med hender klappar dei åt han og pip han frå hans heimstad burt.