MARK
Chapter 9
Mark | NorSMB | 9:1 | Det segjer eg dykk for sant,» sagde han: «Sume av deim som her stend, skal ikkje smaka dauden fyrr dei ser at Guds rike hev kome med velde.» | |
Mark | NorSMB | 9:2 | Seks dagar etter tok Jesus Peter og Jakob og Johannes med seg upp på eit høgt fjell; der var dei åleine for seg sjølve. Då vart han forklåra for augo deira, | |
Mark | NorSMB | 9:3 | og klædi hans vart skinande kvite, so ingen bleikjar i verdi kunde ha gjort deim so kvite. | |
Mark | NorSMB | 9:5 | Då tok Peter til ords og sagde til Jesus: «Meister, det er godt me er her! Lat oss gjera tri hytter, ei åt deg, og ei åt Moses, og ei åt Elia!» | |
Mark | NorSMB | 9:7 | So kom det ei sky og skygde yver deim, og or skyi kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr på honom!» | |
Mark | NorSMB | 9:8 | Men best dei skoda ikring seg, såg dei ingen meir utan Jesus - han var åleine hjå deim. | |
Mark | NorSMB | 9:9 | Då dei gjekk ned av fjellet, sagde han med deim at dei ikkje måtte tala til nokon um det dei hadde set, fyrr Menneskjesonen var staden upp frå dei daude. | |
Mark | NorSMB | 9:10 | Det ordet merka dei seg, men undrast seg imillom kva det skulde tyda: «standa upp frå dei daude». | |
Mark | NorSMB | 9:12 | Ja, fyrst kjem Elia og set alt i rett lag att, svara han; «og kva er det som stend skrive um Menneskjesonen? At han skal lida mykje og agtast for inkje! | |
Mark | NorSMB | 9:13 | Men eg segjer dykk at Elia og er komen, og dei gjorde med honom slikt dei vilde, som skrive er um honom.» | |
Mark | NorSMB | 9:14 | Då dei kom til læresveinarne, såg dei ein stor folkehop kringum deim, og nokre skriftlærde som var i ordkast med deim. | |
Mark | NorSMB | 9:15 | Og med same folkemengdi fekk sjå honom, vart dei reint forstøkte, og sprang imot honom og helsa. | |
Mark | NorSMB | 9:17 | Då svara ein av folket: «Meister, eg er komen til deg med son min. Han hev ei mållaus ånd i seg; | |
Mark | NorSMB | 9:18 | når ho tek honom, riv ho og slit i honom, so fraudi stend utor munnen, og han skjer tenner og visnar burt. Eg bad læresveinarne dine at dei vilde driva henne ut, men dei var ’kje god til.» | |
Mark | NorSMB | 9:19 | Då tok Jesus til ords og sagde: «Å, du vantrune ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg tola dykk? Kom hit til meg med honom!» | |
Mark | NorSMB | 9:20 | So leidde dei guten burt til honom, og med same han såg Jesus, reiv åndi i honom, so han stupte i marki og velte seg og togg fraud. | |
Mark | NorSMB | 9:21 | «Kor lenge hev han havt det so?» spurde Jesus. «Frå han var eit lite barn,» svara faren; | |
Mark | NorSMB | 9:22 | «og ofte hev åndi kasta honom både i elden og i vatnet, og vilja gjort ende på honom. Men er det mogelegt for deg, so gjer sælebot på oss og hjelp oss!» | |
Mark | NorSMB | 9:25 | Då Jesus såg at folket strøymde til, truga han den ureine åndi og sagde: «Du mållause og dauve ånd, far utor honom, segjer eg, og far aldri i honom meir!» | |
Mark | NorSMB | 9:26 | Då hua ho og reiv hardt i guten og for ut. Og han vart som eit lik, so dei fleste sagde: «Han hev slokna!» | |
Mark | NorSMB | 9:28 | Då Jesus var komen i hus, og læresveinarne var åleine med honom, spurde dei: «Kvi kunde ikkje me driva ut åndi?» | |
Mark | NorSMB | 9:30 | So tok dei ut derifrå og for gjenom Galilæa. Men han vilde ikkje nokon skulde vita det; | |
Mark | NorSMB | 9:31 | for han lærde sveinarne sine og sagde: Menneskjesonen skal gjevast yver i menneskjehender, og dei skal drepa honom; og tri dagar etter han er drepen, skal han standa upp att. | |
Mark | NorSMB | 9:33 | So kom dei til Kapernaum, og då han var heime att, spurde han deim: «Kva var det de tala um på vegen?» | |
Mark | NorSMB | 9:35 | Då sette han seg og kalla til seg dei tolv, og sagde med deim: «Vil nokon vera den fyrste, so skal han vera den siste av alle og tenar for alle!» | |
Mark | NorSMB | 9:36 | So tok han eit lite barn og sette midt imillom deim og tok det i fang og sagde til deim: | |
Mark | NorSMB | 9:37 | «Den som tek imot eit sovore barn for mitt namn skuld, han tek imot meg; og den som tek imot meg, tek ikkje imot meg, men den som sende meg.» | |
Mark | NorSMB | 9:38 | Johannes sagde til honom: «Meister, me såg at ein som ikkje er i fylgje med oss, dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og me forbaud honom det, for di han ikkje var i fylgje med oss.» | |
Mark | NorSMB | 9:39 | «De skal ikkje forbjoda honom det,» sagde Jesus, «for den som gjer eit under i mitt namn, kann ikkje so snart tala vondt um meg; | |
Mark | NorSMB | 9:41 | For den som gjev dykk ei skål med vatn for di de høyrer Kristus til, han skal ikkje missa si løn, det segjer eg dykk for visst. | |
Mark | NorSMB | 9:42 | Men den som legg ei snara for ein av desse små som trur, for honom var det mykje betre um det var lagt ein kvernstein um halsen hans, og han var kasta i havet. | |
Mark | NorSMB | 9:43 | Dersom handi di freistar deg, so hogg henne av! Det er betre du gjeng vanfør inn til livet, enn at du hev båe henderne dine og kjem i helvite, i den usløkkjande elden, | |
Mark | NorSMB | 9:45 | Og dersom foten din freistar deg, so hogg honom av! Det er betre du gjeng einføtt inn til livet, enn at du hev båe føterne dine og vert kasta i helvite, | |
Mark | NorSMB | 9:47 | Og dersom auga ditt freistar deg, so riv det ut! Det er betre du gjeng einøygd inn i Guds rike, enn at du hev tvo augo og vert kasta i helvite, | |