Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MATTHEW
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 9
Matt NorSMB 9:1  So gjekk han ut i båten og for yver og kom til sin eigen by.
Matt NorSMB 9:2  Då kom dei til honom med ein lam mann, som låg i ei seng. Då Jesus såg trui deira, sagde han til den lame: «Ver hugheil, son! Syndene dine er tilgjevne.»
Matt NorSMB 9:3  Då var det nokre av dei skriftlærde som tenkte med seg: «Denne spottar Gud!»
Matt NorSMB 9:4  Men Jesus såg tankarne deira og sagde: «Kvi hyser de so vonde tankar i hjarta?
Matt NorSMB 9:5  Kva er lettast å segja: «Synderne dine er tilgjevne,» eller: «Statt upp og gakk?»
Matt NorSMB 9:6  Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi» - so segjer han til den lame: «Statt upp, tak sengi og gakk heim att!»
Matt NorSMB 9:8  Og då folket såg det, vart dei ottefulle, og lova Gud som hadde gjeve menneskje slik magt.
Matt NorSMB 9:9  Då Jesus gjekk lenger fram, fekk han sjå ein mann som sat på tollbudi - Mattæus heitte han - og sagde til honom: «Fylg meg!» Og han stod upp og fylgde Jesus.
Matt NorSMB 9:10  Då han so heldt måltid heime i huset sitt, kom mange tollmenner og syndarar og sette seg til bords med Jesus og læresveinarne hans.
Matt NorSMB 9:11  Farisæarane såg det og sagde til læresveinarne: «Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollmenner og syndarar?»
Matt NorSMB 9:12  Då Jesus høyrde det, sagde han: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei som hev vondt.
Matt NorSMB 9:13  Gakk burt og lær kva som ligg i det ordet: «D’er miskunn, ikkje offer, eg hev hugnad i.» For eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»
Matt NorSMB 9:14  Då kom læresveinarne åt Johannes til honom og sagde: «Korleis hev det seg at me og farisæarane fastar so mykje, men dine læresveinar fastar ikkje?»
Matt NorSMB 9:15  Jesus svara: «Kann bryllaupsfolket syrgja medan dei hev brudgomen hjå seg? Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå deim; då skal dei fasta.
Matt NorSMB 9:16  Ingen set ein lapp av ustampa ty på eit gamalt klædeplagg; for boti riv med seg noko av sjølve plagget, og rifti vert større.
Matt NorSMB 9:17  Og ikkje hev dei ny vin i gamle lerflaskor; for då rivnar flaskorne, so vinen renn ned, og flaskorne forferst; ny vin hev dei i nye lerflaskor; då held dei seg båe.»
Matt NorSMB 9:18  Med han tala soleis til deim, kom ein synagoge-forstandar og fall på kne for honom og sagde: «Rett no hev dotter mi slokna; men kom og legg handi di på henne, so livnar ho att!»
Matt NorSMB 9:19  Jesus gjorde seg reidug og gjekk med honom, og læresveinarne og.
Matt NorSMB 9:20  Då kom det ei kvinna, som hadde havt blodflod i tolv år; ho gjekk innåt honom attantil og tok i ein av duskarne på kjolen hans,
Matt NorSMB 9:21  for ho tenkte med seg: «Kann eg berre få taka i kjolen hans, so er eg berga.»
Matt NorSMB 9:22  I det same snudde han seg og såg henne. Då sagde han: «Ver hugheil, dotter! Trui di hev hjelpt deg.» Og kvinna vart god att i same stundi.
Matt NorSMB 9:23  Då Jesus kom heim til synagoge-forstandaren og såg fløytelåtarane og hopen som ståka og våla, sagde han til deim:
Matt NorSMB 9:24  «Gakk burt! Gjenta er ikkje slokna; ho søv.» Men dei berre log åt honom.
Matt NorSMB 9:25  Då hopen var driven ut, gjekk han inn, og tok henne i handi, og gjenta stod upp.
Matt NorSMB 9:26  Og gjetordet um dette kom ut yver alle bygderne der ikring.
Matt NorSMB 9:27  Då Jesus gjekk burt att, fylgde tvo blinde etter honom og ropa: «Gjer sælebot på oss, du Davids son!»
Matt NorSMB 9:28  Og då han var komen heim, gjekk dei etter han inn. Jesus sagde til deim: «Trur de at eg kann gjera det?» «Ja, herre,» svara dei.
Matt NorSMB 9:29  Då tok han burtpå augo deira og sagde: «Det skal verta som de trur.»
Matt NorSMB 9:30  Og med ein gong kunde dei sjå. Jesus tala strengt til deim og sagde: «Sjå til at ingen fær vita det!»
Matt NorSMB 9:31  Men dei var ’kje fyrr komne ut, fyrr dei bar gjetordet hans ut yver alle bygder.
Matt NorSMB 9:32  Med same dei gjekk ut, kom det nokre folk til honom med ein mållaus mann som hadde ei vond ånd i seg.
Matt NorSMB 9:33  Då so den vonde åndi var drivi ut, tala den mållause. Og folk undra seg og sagde: «Aldri hev slikt vore set fyrr i Israel!»
Matt NorSMB 9:34  Men farisæarane sagde: «Det er djevlehovdingen sjølv som hjelper honom til å driva djevlarne ut.»
Matt NorSMB 9:35  Sidan gjekk Jesus kring i alle byar og bygder og lærde folket i synagogorne deira, og lyste ut evangeliet um Gudsriket, og lækte all sjukdom og vanhelsa.
Matt NorSMB 9:36  Og då han såg folkehopen, tykte han hjarteleg synd um deim; for dei var ille medfarne og nedforkomne, som ein saueflokk utan hyrding.
Matt NorSMB 9:37  Då sagde han til læresveinarne sine: «Grøda er stor, men onnefolki er få.
Matt NorSMB 9:38  Bed då honom som eig grøda at han vil senda arbeidsfolk til å hausta inn grøda si!»