Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
NAHUM
Up
1 2 3
Chapter 1
Nahu NorSMB 1:1  Framsegn um Nineve. Boki um syni hans Nahum, elkositen.
Nahu NorSMB 1:2  Herren er ein streng Gud og ein hemnar, ja, ein hemnar er Herren, og full av harm; Herren hemner seg på motmennerne sine og held på vreiden mot uvenerne sine.
Nahu NorSMB 1:3  Herren er sein til vreide, men han er stor i kraft, og slett ikkje let han nokon vera ustraffa. I uver og storm hev Herren sin veg, og skyerne er dumba um føterne hans.
Nahu NorSMB 1:4  Han trugar havet og turkar det ut, alle elvarne let han torna. Då folnar Basan og Karmel, og groren på Libanon folnar burt.
Nahu NorSMB 1:5  Bergi bivrar for honom, og haugarne brånar. Jordi lyftar seg for hans åsyn, jordriket med alle som i det bur.
Nahu NorSMB 1:6  Kven kann standa for hans trugsmål, og kven kann halda ut hans brennande harm? Vreiden hans gøyser fram som eld, og bergi brest i sund for honom.
Nahu NorSMB 1:7  Herren er god, ei vern på trengsledagen. Han kjenner deim som trøystar seg til honom.
Nahu NorSMB 1:8  Men ved ei sturtflod gjer han ende på staden der den byen stend, og uvenerne hans skal myrkret elta.
Nahu NorSMB 1:9  Ja, på dykkar uråder mot Herren gjer han ende. Ikkje tvo gonger tarv trengsla koma.
Nahu NorSMB 1:10  For um dei og er ihopfløkte som klungerbuska og so fulle av livssaft som deira drykk av vin, so skal dei like fullt verta uppbrende som fullturr halm.
Nahu NorSMB 1:11  Frå deg gjekk det ut ein mann som hadde ilt i hugen mot Herren. Nidingskap var det han etla seg til.
Nahu NorSMB 1:12  So segjer Herren: Kor sterke og mange dei og mun vera, so skal dei like vel verta avskorne og kverva burt. Og um eg fyrr hev plåga deg, so skal eg ikkje gjera det no meir.
Nahu NorSMB 1:13  For no vil eg brjota det oket han lagde på deg, og slita bandi dine.
Nahu NorSMB 1:14  Men um deg byd Herren so: Inkje avkjøme skal heretter koma frå namnet ditt. Or huset åt guden din vil eg rydja ut både skorne og støypte bilæte. Ei grav vil eg bu til åt deg. For du er funnen for lett.
Chapter 2
Nahu NorSMB 2:1  Sjå, yver fjelli føterne åt honom som ber fagnadbod, han som forkynner fred! Haldt dine høgtider, Juda, fullgjer dine lovnader! For aldri meir skal nidingen draga imot deg - mot rot han uppriven.
Nahu NorSMB 2:2  Ein folkeøydar fer upp imot deg. Vakta vollarne! Haldt utkik på vegen! Umgyrd lenderne, samla all di kraft!
Nahu NorSMB 2:3  For Herren vil reisa upp att stordomen åt Jakob liksom stordomen åt Israel, sidan ransmenner so hev øydt deim og tynt vintrei deira.
Nahu NorSMB 2:4  Skjoldarne åt kjemporne hans er raudlita, stridsmennerne er klædde i skarlak, vognerne i eld og stål når han herbur deim, og spjot vert svinga.
Nahu NorSMB 2:5  På vegarne rasar vognerne fram. Dei andferst på torgi. Dei er å sjå til som logar, som eldingar fer dei fram.
Nahu NorSMB 2:6  Han kjem i hug storfolket sitt, dei snåvar der dei gjeng, dei styrmer til bymuren, men skjoldtaket er reist.
Nahu NorSMB 2:7  Elve-portarne vert opna, og kongsgarden sig saman.
Nahu NorSMB 2:8  Ja, domen stend fast: ho vert nækt, dragsa burt. Ternorne hennar græt som duvor, dei slær seg for bringa.
Nahu NorSMB 2:9  I all si tid var Nineve lik ein dam, rik av vatn, men no flyr dei burt. Stogga! Stogga! - Nei, ingen snur seg.
Nahu NorSMB 2:10  Rana no sylv, rana no gull! Her tryt det ikkje på skattar, på nøgdi av allskyns dyrverdige ting.
Nahu NorSMB 2:11  Tomt, tomleik, tøming! - Hjartestøkk, kneskjelv og verk i alle mjødmar, og alle andlit skifter liter.
Nahu NorSMB 2:12  Kvar er no løvehiet, etar-staden åt ungløvorne, der løva og løvemori gjekk, og løve-ungen, og ingen skræmde deim?
Nahu NorSMB 2:13  Kvar er løva som rana so mykje som ungarne vilde hava, og drap åt løvemøderne, ja, fyllte upp holorne sine med ran og hii sine med det sundrivne? Sjå, eg skal venda mot deg, segjer Herren, allhers drott. Vognerne dine skal eg lata ganga upp i røyk, og dine unge løvor skal sverdet øyda. Eg skal rydja ditt rov ut frå jordi. Og ingen skal meir høyra røysti åt dine sendemenner.
Chapter 3
Nahu NorSMB 3:1  Usæl du blod-by, som all igjenom er full av lygn og vald, du som aldri held upp med å rana.
Nahu NorSMB 3:2  Høyr svepesmell og ramling av hjul og hestar i flog og hoppande vogner!
Nahu NorSMB 3:3  Ridar i tvisprang og logande sverd og blinkande spjot! Drepne i mengd og dungar av daude kroppar. Ingen ende er det på daude. Ein snåvar i lik.
Nahu NorSMB 3:4  Alt dette for den mangfelte hordomen som ho dreiv, ho, den fagre og trollkunnige skjøkja, som selde folkeslag ved hordomen sin og folke-ætter ved trolldomskunsterne sine.
Nahu NorSMB 3:5  Sjå, eg skal venda meg mot deg, segjer Herren, allhers drott. Eg skal lyfta kjolefalden din upp yver andlitet ditt og syna folkeslagi blygsli di og kongeriki skammi di.
Nahu NorSMB 3:6  Eg skal kasta saur på deg og svivyrda deg. Ja, til eit skodespel skal eg gjera deg.
Nahu NorSMB 3:7  Og kvar og ein som ser deg, skal fly frå deg og segja: «Nineve er lagt i øyde. Men kven kann tykkja synd i henne? Kvar skal eg søkja trøystarar åt deg?»
Nahu NorSMB 3:8  Er du betre enn No-Amon, som låg ved Nilelvi, umringa av vatn, med hav til vern, hav til mur?
Nahu NorSMB 3:9  Ætiopar i mengd og uteljande egyptarar; Put-menner og Libya-menner var hjelpeheren hennar.
Nahu NorSMB 3:10  Ho og laut ganga ut i utlægd, sitja fange. Småborni hennar vart krasa på alle gatehyrno. Um alle gjævingarne hennar kasta dei lut, og alle hennar stormenner vart sette i jarn.
Nahu NorSMB 3:11  Du skal og drikka og verta sanselaus. Du og skal søkja ei livd imot fienden.
Nahu NorSMB 3:12  Alle dine borger likjest på fiketre med snar-mogne fikor; ved minste skaking dett dei i munnen på den som vil eta.
Nahu NorSMB 3:13  Sjå, ditt mannskap er kvinnfolk midt i deg. Portarne til landet ditt stend vidopne for dine fiendar. Elden hev øydt upp dine portslåer.
Nahu NorSMB 3:14  Aus deg vatn til kringsetjingi! Vøl um dine skansar! Gakk ut gyrma og stampa leira! Triv tiglsteinsformi!
Nahu NorSMB 3:15  Der skal elden eta deg, sverdet øyda deg ut, ja, øyda deg som engspettor, um du og sjølv samlar skarar so tallause som engspettor, ei ovmengd som grashoppar.
Nahu NorSMB 3:16  Um du og hev kræmarar fleire enn stjernor på himmelen, so skal du vita: engspettor skyt hamen og flyg burt.
Nahu NorSMB 3:17  Ja, fyrstarne dine er som grashoppar og hovdingarne dine som svermar av engtytor; dei slær læger i hegni med det er svalt. Men når soli kjem fram, flyg dei burt, og ingen veit kvar det vert av deim.
Nahu NorSMB 3:18  Hyrdingarne dine blundar, du Assur-konge, gjævingarne dine søv. Folket ditt sundsprengt på fjelli, og ingen samlar det saman.
Nahu NorSMB 3:19  Ditt mein er ulækjande, ditt sår er til ulivs. Ved tiendi um deg klappar alle i handi. For kven hev ikkje din vondskap råka stødt og stendigt?