Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next
Chapter 12
Prov NorSMB 12:1  Den som elskar age, elskar kunnskap, men den som hatar refsing, han er fåvis.
Prov NorSMB 12:2  Den gode vinn seg hugnad hjå Herren, men den meinsløge fordømer han.
Prov NorSMB 12:3  Ingen mann vert stød av gudløysa, men roti åt rettferdige kann ingen rikka.
Prov NorSMB 12:4  Ei fagna kona er ein krans for mannen sin, eit skjemda ting er fæl som ròt i beini hans.
Prov NorSMB 12:5  Tankar hjå rettferdige tenkjer er det som rett er, dei råder som ugudlege legg upp, er svik.
Prov NorSMB 12:6  Ordi hjå ugudlege gjeng ut på luring etter blod, men ærlege vert berga ved sin munn.
Prov NorSMB 12:7  Ugudlege vert kasta i koll, og so er det ute med deim, men rettferdige folks hus stend fast.
Prov NorSMB 12:8  Ein mann fær ros alt etter som vitet hans er, men den ranglyndte kjem i vanvyrdnad.
Prov NorSMB 12:9  Betre småmann med ein tenar enn låst vera storkar og ikkje ha mat.
Prov NorSMB 12:10  Den rettferdige veit korleis buskapen har det, men hardt er hjarta hjå ugudlege folk.
Prov NorSMB 12:11  Den som dyrkar si jord, fær mette av brød, den som fer etter fåfengde ting, er fåvis.
Prov NorSMB 12:12  Ein gudlaus hev hug til vonde folks garn, men roti åt rettferdige gjev frukt.
Prov NorSMB 12:13  Lippe-synd er snara vond, men den rettferdige slepp ut or trengsla.
Prov NorSMB 12:14  Av sin munns frukt fær ein mann sin gode mette, og eit menneskje fær att det han hev gjort med sine hender.
Prov NorSMB 12:15  Uvitingen held sin eigen veg for den rette, men den vise høyrer på råd.
Prov NorSMB 12:16  Når uvitingen er vreid, vert det kjent same dagen, men den kloke løyner skjemsla.
Prov NorSMB 12:17  Den som andar ærlegskap, segjer det som rett er, men det falske vitnet talar svik.
Prov NorSMB 12:18  Mang ein fer med svall som sverdstyng; men tunga åt dei vise, ho er lækjedom.
Prov NorSMB 12:19  Sanningslippa held seg æveleg, men falske tunga berre i ein augneblink.
Prov NorSMB 12:20  Svik er i deira hjarta som smider vondt i hop, men dei som rå’r til fred, hev gleda.
Prov NorSMB 12:21  Inkje vondt den rettferdige råkar, men gudlause fær ulukka i fullaste mål.
Prov NorSMB 12:22  Ei stygja for Herren er ljugarlippor, men han likar deim som fer fram med truskap.
Prov NorSMB 12:23  Ein klok mann løynar kunnskap, men dåre-hjarta ropar ut vitløysa.
Prov NorSMB 12:24  Strævsam hand kjem upp til herrevelde, men leta fører til trældom.
Prov NorSMB 12:25  Sorg i mannens hjarta bøygjer det ned, men eit godt ord gjev det gleda.
Prov NorSMB 12:26  Den rettferdige rettleider næsten sin, men vegen åt gudlause fører deim vilt.
Prov NorSMB 12:27  Letingen steikjer ikkje si veidn, men annsemd er rikdom so dyr for menneskja.
Prov NorSMB 12:28  På rettferds stig er liv, og gonga på vegen gjeng ikkje til dauden.