Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 17
Prov NorSMB 17:1  Betre er ein turr brødmole med ro attåt enn huset fullt av høgtidskost med trætta til.
Prov NorSMB 17:2  Den kloke tenar skal råda yver ein uvisleg son, og millom brøder fær han skifta arv.
Prov NorSMB 17:3  Diglen røyner sylvet og omnen gullet, men den som røyner hjarto, det er Herren.
Prov NorSMB 17:4  Den vonde lyder på vondskapslippa, ljugaren lyder på tyningstunga.
Prov NorSMB 17:5  Spear du den fatige, so spottar du hans skapar, den som gled seg yver ulukka, skal få si refsing.
Prov NorSMB 17:6  Ein krans for dei gamle er barneborn, og ei æra for borni er federne deira.
Prov NorSMB 17:7  Det høver ikkje for ein dåre å tala store ord, enn mindre for ein fagnamann å ljuga.
Prov NorSMB 17:8  Gåva er ein glimestein for den som fær ho; kvar ho vender seg, der fær ho framgang.
Prov NorSMB 17:9  Søkjer du kjærleik, skyler du misgjerd, men riv du upp att ei sak, skil ven frå ven.
Prov NorSMB 17:10  Vondord gjer meir på den vituge enn hundrad hogg på dåren.
Prov NorSMB 17:11  Berre upprør søkjer den vonde, men ein hard bodberar vert send imot han.
Prov NorSMB 17:12  Møt heller ei binna som hev mist sine ungar enn ein dåre med narreskapen hans!
Prov NorSMB 17:13  Den som løner godt med vondt, frå hans hus skal ikkje det vonde vika.
Prov NorSMB 17:14  Å taka til med strid er som å sleppa vatn ut, haldt difor upp med trætta fyrr nokon gliser med tennerne!
Prov NorSMB 17:15  Den som frikjenner ein ugudleg og den som domfeller ein rettferdig, dei er båe tvo ein styggedom for Herren.
Prov NorSMB 17:16  Kva skal pengar i handi på dåren? Å kjøpa visdom hev han ’kje vit til.
Prov NorSMB 17:17  Venen elskar alltid, og bror vert fødd til hjelp i naud.
Prov NorSMB 17:18  Ein vitlaus mann er den som handtekst, som gjeng i borg hjå grannen sin.
Prov NorSMB 17:19  Den som elskar trætta, elskar misgjerning, den som byggjer døri si høg, søkjer fall.
Prov NorSMB 17:20  Den som hev eit rangt hjarta, vinn ikkje lukka, og den som forvender tunga si, fell i ulukka.
Prov NorSMB 17:21  Den som avlar eit narr, fær sorg, og ikkje gled seg far til ein dåre.
Prov NorSMB 17:22  Gladværugt hjarta gjev lækjedom god, men nedslege mod fær beini te visna.
Prov NorSMB 17:23  Gudlaus mann tek gåva i løynd til å bøygja rettargangen.
Prov NorSMB 17:24  Den vituge hev visdom for augo, men dåren hev augo ved heimsens ende.
Prov NorSMB 17:25  Uvitug son er til gremme for far sin, og beisk sorg for henne som fødde’n.
Prov NorSMB 17:26  Det er ’kje godt at og rettferdige fær refsing, og ei at fagna folk fær slag for det som rett er.
Prov NorSMB 17:27  Den skynsame sparer på ordi, og den vituge mann er kald i hugen.
Prov NorSMB 17:28  Um dåren tagde, gjekk han og for vismann, og for ein vitug mann når han heldt munn.