Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
DEUTERONOMY
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 32
Deut NorSMB 32:1  «Høyr himmel, på meg, med eg talar, lyd du jord, på ordi frå min munn!
Deut NorSMB 32:2  Som regnet rislar mitt kvæde, som doggi dryp mine ord, som skurer på grønan grode, som el på urter og gras;
Deut NorSMB 32:3  For Herrens namn vil eg prisa; høgt love de Herren, vår Gud!
Deut NorSMB 32:4  Eit fjell er han, stød i si framferd; for rett fylgjer alle hans fet - ein trufast Gud og truverdig; rettferdig og rettvis er han.
Deut NorSMB 32:5  Men borni hans dei var ’kje hans born; dei synda imot ham stygt, seg sjølve til skam og vanæra, ei rang og svikefull ætt.
Deut NorSMB 32:6  Er det soleis de løner Herren, du dårlege, fåvise folk! Er ’kje han din far og din fostrar? Han laga deg og gav deg liv.
Deut NorSMB 32:7  Hugs etter ævordoms dagar, gransk åri, ætt etter ætt! Spør far din, han gjev deg fråsegn, dine gamle, av deim fær du grein.
Deut NorSMB 32:8  Då den Høgste skifte ut heimen, og gav folki eiga og arv, då manneborni vart skilde og spreidde til kvar sin stad, då laga han landskili etter talet på Israels lyd;
Deut NorSMB 32:9  For Herrens folk er hans odel, Jakob er hans eiga og arv.
Deut NorSMB 32:10  Han fann han på aude viddi, med det ylte i villande heid; han verna han, og han vakta han vart, som ein augnestein.
Deut NorSMB 32:11  Som ørnen vekkjer sitt elde, og yver ungarne sviv, so breidd’ han ut flogfjørern’ sine, og bar han uppå sin veng.
Deut NorSMB 32:12  Det var Herren eine som førd’ han; ingen framand gud fylgde med.
Deut NorSMB 32:13  Då for du fram yver høgdern’, fekk eta av landsens avl; utor berget tappa du honning, og olje or hardaste stein;
Deut NorSMB 32:14  søtrjomen og sauemjølki saup du; lambe- og verefeitt, kjøt av uksar i Basan alne åt du og ungbukkekjøt, attåt feitaste kveitemergen, og druveblod drakk du, vin.
Deut NorSMB 32:15  Jesjurun vart feit, og slo bakut, feit vart han, foreten og stinn; han skaut ifrå seg sin skapar, mismætte sitt frelsande fjell.
Deut NorSMB 32:16  Dei arga han med avgudar, med ufryskje harma dei han.
Deut NorSMB 32:17  Dei blota til vonde vette, til gudar dei vankjende fyrr, nye og nyst uppkomne, som federne ikkje visst’ um.
Deut NorSMB 32:18  Du ansa ikkje fjellet, ditt upphav, du gløymde din skapar og Gud.
Deut NorSMB 32:19  Og Herren såg det, og støytte deim burt ifrå seg, sine born;
Deut NorSMB 32:20  og i sin harm sagde han dette: «Eg skal løyna mitt andlit for deim; eg undrast korleis det vil ganga, undrast kva ende dei fær; for dei er ei ætt av uvyrdor, born som ein aldri kann tru.
Deut NorSMB 32:21  Dei arga meg upp med u-gudar, eggja meg med sine skrymt; eg skal eggja deim med eit u-folk, ei uvitug heidningeborg.
Deut NorSMB 32:22  For ein eld er kveikt av min ande, og logar til djupt under jord; han øyder grunnen og grøda og fatar i fastaste fjell.
Deut NorSMB 32:23  Eg skal sanka i hop ulukkor og sleppa nedyver deim; kvar ei pil eg hev i mi eiga skal eg skjota av imot deim.
Deut NorSMB 32:24  Når svolt og svidande sotter hev soge mergen or deim, sender eg mot deim udyrtonni og eitr av krjupande orm.
Deut NorSMB 32:25  Ute herjar den kalde odden, og inne rædsla og støkk, tyner sveinar og tynar møyar, sylvherde og sugarborn.
Deut NorSMB 32:26  Eg hadde vilja blåse deim burt, so ingen mintest deim meir,
Deut NorSMB 32:27  ottast eg ikkje min eigen harm, når uvenern’ tydde det rangt, når valdsmennern’ sagde: «Stor er vår magt, dette er ikkje Herrens verk.»»
Deut NorSMB 32:28  For dei er eit folk forutan visdom; dei vantar båd’ klokskap og vit.
Deut NorSMB 32:29  Var det vit i deim, vara dei seg; for då visste dei kvar det bar av.
Deut NorSMB 32:30  Koss kunde ein mann elta tusund, og tvo slå ti tusund på flog, hadd’ ikkje hjelpi gjenge frå deim og Herren gjeve deim upp?
Deut NorSMB 32:31  For deira vern er ’kje som vår vern; det vitnar fienden sjølv.
Deut NorSMB 32:32  I Sodoma voks deira vintre, skaut upp av Gomorras grunn; druvorn’ dei ber, det er trollber, og beisk er kvar einaste krans;
Deut NorSMB 32:33  Vinen av deim er orme-eiter og øgjeleg drakefraud.
Deut NorSMB 32:34  «Ligg ’kje dette gøymt i mi stova, forsegla i mine skrin?
Deut NorSMB 32:35  Eg råder for hemn og for attgjeld når foten deira skrid ut. Alt lid det mot undergangsdagen, og forloga deira kjem fort.»
Deut NorSMB 32:36  Sine tenarar tykkjer Gud synd um, og tek deira sak i si hand, når han ser det er ende på magti og ute med gamall og ung.
Deut NorSMB 32:37  Han spør: «Kvar tru er deira gudar, den hjelpi dei trygde seg til,
Deut NorSMB 32:38  som slauk deira slagtofferfeita, og saup deira drykkoffervin? - Bed dei reinsa seg og dykk berga, bed deim vera vervegg for dykk!
Deut NorSMB 32:39  Ser de no at eg er sjølv eine: Det er ingen Gud utan eg! Eg drep, og eg vekkjer til live, eg helseslær og eg gjer heil; og ingen i vide verdi kann fria dykk or mitt vald.
Deut NorSMB 32:40  Sjå, eg lyfter handi mot himmelen: So visst eg hev ævelegt liv:
Deut NorSMB 32:41  Hev eg slipa det ljonande sverdet, og stend med domen i hand, tek eg hemn yver deim som meg hatar, valdsmannen fær det han er verd.
Deut NorSMB 32:42  Med kjøt vert sverdet mitt metta, mine piler drukne av blod - blodet av falne og fangar, av fiendehovdingen sjølv.»
Deut NorSMB 32:43  Love hans tenarar, lydar! Hemna vil han deira blod; mot valdsmannen vender han våpni, og løyser sitt land og sin lyd.»
Deut NorSMB 32:44  Då Moses hadde kvede alle versi i denne songen for folket, han og Hosea Nunsson,
Deut NorSMB 32:46  so sagde han til deim: «Agta no vel på alle dei ordi eg lysar for dykk i dag, so de kann læra borni dykkar å halda alle bodi i denne lovi og liva etter deim!
Deut NorSMB 32:47  For dette er ikkje noko tomt ord, som ikkje gjeld for dykk; livet dykkar ligg i dette ordet, og held de dykk etter det, so skal de få liva lenge i det landet de no fer yver til og skal leggja under dykk.»
Deut NorSMB 32:48  Denne same dagen tala Herren til Moses, og sagde:
Deut NorSMB 32:49  «Stig upp på Abarimfjellet her, på Nebotinden, som ligg i Moablandet, midt for Jeriko, so skal du få skoda Kana’ans-landet, som eg gjev Israels-borni til eigedom,
Deut NorSMB 32:50  og der uppå fjellet skal du døy og fara til federne dine, soleis som Aron, døydde på Horfjellet og for til federne sine,
Deut NorSMB 32:51  for di de ikkje for ærleg fram mot meg millom Israels-sønerne ved Meribakjelda i Kades i Sinøydemarki, og ikkje synte Israels-sønerne allmagti mi.
Deut NorSMB 32:52  Du skal få sjå landet framfyre deg, men inn skal du ikkje koma i det landet som eg vil gjeva Israels-sønerne.»