Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next
Chapter 40
Job NorSMB 40:2  «Spenn som mann ditt beltet på, gjev meg på mine spursmål svar:
Job NorSMB 40:3  Vil du forspille meg min rett, fordøma meg, so du fær rett?
Job NorSMB 40:4  Hev du vel slik ein arm som Gud? Kann du som han med røysti dundra?
Job NorSMB 40:5  Pryd deg med høgd og herredom, klæd deg i glans og herlegdom,
Job NorSMB 40:6  Lat so din vreide strøyma fram, sjå kvar ein stolt og audmyk han!
Job NorSMB 40:7  Så kvar ein stolt og bøyg han ned, og slå til jord dei gudlause!
Job NorSMB 40:8  Og gøym deim alle under jordi, bitt deira andlit fast i løynd!
Job NorSMB 40:9  So skal eg og lovprisa deg, som siger med di høgre vann.
Job NorSMB 40:10  Sjå elvhesten! Eg hev skapt han liksom deg; som ein ukse et han gras.
Job NorSMB 40:11  Sjå då krafti i hans lender, i bukmusklarne hans styrke!
Job NorSMB 40:12  Halen gjer han stiv som ceder, fast bogsenarne er tvinna.
Job NorSMB 40:13  Knokarne er koparrøyrer, beini som jarnstenger er.
Job NorSMB 40:14  Av Guds verk er han det fyrste, av sin skapar fekk han sverd.
Job NorSMB 40:15  Bergi ber åt honom for, alle villdyr leikar der.
Job NorSMB 40:16  Under lotusbusk han kviler, løyner seg i røyr og sev.
Job NorSMB 40:17  Lotusbusk gjev honom skugge, piletre umkransar honom.
Job NorSMB 40:18  Strid gjeng elvi, ei han ottast; trygg er han um so sjølve Jordan fossar imot hans gap.
Job NorSMB 40:19  Kann ein tak han so han ser det, draga snara gjenom snuten?
Job NorSMB 40:20  Kann du fiska krokodillen, binda tunga hans med taum,
Job NorSMB 40:21  Draga snor i gjenom nosi, hogga krok i kjaken hans?
Job NorSMB 40:22  Vil han tigga um nåde, tala mjuke ord til deg?
Job NorSMB 40:23  Tru han vil gjera samband med deg og din træl for alltid verta?
Job NorSMB 40:24  Kann du han som leikfugl halda for smågjentorne i band? Handlar fiskarlag med honom, skiftar ut til kræmarar? Kann hans hud med spjot du fylla, og hans hovud med harpunar? Berre prøv - du skal det minnast; enn ein gong du gjer det ikkje! Kvar og ein vil missa voni, verta feld ved syni av han.