Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
LUKE
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 21
Luke NorSMB 21:1  Då han såg upp, vart han var at dei rike lagde gåvorne sine i templekista;
Luke NorSMB 21:2  og han vart var ei armodsleg enkja, som lagde tvo skjervar.
Luke NorSMB 21:3  Då sagde han: «Det segjer eg dykk for sant: Denne fatige enkja hev lagt meir enn dei alle.
Luke NorSMB 21:4  For det som desse gav, det gav dei alle av nøgdi si; men ho gav av si fatige råd - gav alt ho hadde til å livberga seg med.»
Luke NorSMB 21:5  Det var nokre som tala um templet, at det var prydt med fagre steinar og vigde gåvor. Då sagde han:
Luke NorSMB 21:6  «Dette som de skodar, um det skal de vita at det vil koma ei tid då her ikkje vert liggjande stein på stein, som ikkje skal rivast laus.»
Luke NorSMB 21:7  «Når skal då dette ganga fyre seg, meister,» spurde dei, «og kva er merket på at den tidi lid nær?»
Luke NorSMB 21:8  Då svara han: Sjå dykk fyre, so ingen fær ført dykk på villstig! For mange skal taka mitt namn og segja: «Det er eg!» og: «Det lid innpå tidi. Fylg ikkje etter deim!
Luke NorSMB 21:9  Og når de høyrer um ufred og upprør, so vert ikkje fælne! For fyrst lyt det henda; men enden kjem ikkje straks.»
Luke NorSMB 21:10  So sagde han til deim: «Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike;
Luke NorSMB 21:11  store jordskjelvar skal koma, og uår og sott kring i landi; og det skal syna seg skræmor og store teikn frå himmelen.
Luke NorSMB 21:12  Men fyrr alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfylgja dykk og draga dykk inn i synagogor og fangehus; og de skal førast fram for kongar og landshovdingar for mitt namn skuld.
Luke NorSMB 21:14  Legg dykk då på minne at de ikkje fyreåt tarv tenkja på korleis de skal svara for dykk!
Luke NorSMB 21:15  Eg skal gjeva dykk munn og visdom, som ingen av motmennerne dykkar skal kunna standa seg for eller segja imot.
Luke NorSMB 21:16  Jamvel foreldre og brør og skyldfolk og vener skal svika dykk og valda sume av dykk dauden,
Luke NorSMB 21:18  Men ikkje eit hår på hovudet dykkar skal forkomast.
Luke NorSMB 21:20  Når de ser at stridsherar kringset Jerusalem, då skal de vita at det ikkje er lenge fyrr han vert lagd i øyde.
Luke NorSMB 21:21  Då lyt dei som er i Judaland røma til fjells; dei som er inni byen, lyt flytja ut, og dei som er utpå landet, må ikkje koma inn.
Luke NorSMB 21:22  For dette er hemnardagarne; då skal det ganga fram alt det som stend skrive.
Luke NorSMB 21:23  Stakkars deim som gjeng med barn eller gjev brjost, i dei dagarne! For det skal vera stor naud i landet og vreide yver dette folket.
Luke NorSMB 21:24  Dei skal falla for sverdseggi og førast hertekne burt til alle heidningfolk, og Jerusalem skal heidningarne trøda under fot, til heidningtidi er ute.
Luke NorSMB 21:25  Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjernor, og på jordi skal folki fælast i vonløysa, når havet og brotsjøarne dyn.
Luke NorSMB 21:26  Folk skal uvita av rædsla og gru for det som kjem yver mannaheimen; for himmelkrafterne skal skakast.
Luke NorSMB 21:27  Då skal dei sjå Menneskjesonen koma i skyi med velde og stor herlegdom.
Luke NorSMB 21:28  Men når dette tek til å henda, då rett dykk upp, og lyft hovudet! for det lid mot utløysingi dykkar.»
Luke NorSMB 21:29  So sagde han deim ei likning: «Sjå på fiketreet og alle andre tre!
Luke NorSMB 21:30  So snart de ser dei hev sprotte, då veit de av dykk sjølve at no er sumaren nær.
Luke NorSMB 21:31  Soleis når de ser dette hender, då veit de at Guds rike er nær.
Luke NorSMB 21:32  Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt saman hev hendt.
Luke NorSMB 21:33  Himmel og jord skal forgangast, men mine ord skal aldri forgangast.
Luke NorSMB 21:34  Gjev agt på dykk sjølve, at de aldri let hjarta tyngjast av rus og ovdrykk og verdsleg sut, so den dagen kjem uventande på dykk!
Luke NorSMB 21:35  For som eit fuglenet skal han skal koma yver alle som bur kring i vidande verdi.
Luke NorSMB 21:36  Vak kvar tid og stund, og bed at de kann få styrk til å røma undan alt dette som koma skal, og standa dykk framfor Menneskjesonen!»
Luke NorSMB 21:37  Um dagarne lærde han i templet; men um kveldarne gjekk han ut or byen og var natti yver på den åsen dei kallar Oljeberget.
Luke NorSMB 21:38  Og alt folket kom tidleg um morgonen til honom i templet og lydde på honom.