LUKE
Chapter 3
Luke | NorSMB | 3:1 | I det femtande styringsåret åt keisar Tiberius, med Pontius Pilatus var landshovding i Judæa, og Herodes fylkeskonge i Galilæa, og Filip, bror hans, fylkeskonge i Ituræa- og Trakonitis-landet, og Lysanias fylkeskonge i Abilene, | |
Luke | NorSMB | 3:2 | og med Annas og Kajafas var øvsteprestar, kom Guds ord til Johannes, son åt Zakarja, i øydemarki. | |
Luke | NorSMB | 3:3 | Då for han kring i heile Jordan-kverven, og ropa ut umvendingsdåp til forlating for synderne, | |
Luke | NorSMB | 3:4 | som skrive stend i spådomsboki åt Jesaja, profeten: «Høyr han som ropar i heidi: «Rydje vegen for Herren, jamne stigarne hans! | |
Luke | NorSMB | 3:5 | Kvart djuv skal fyllast, kvart fjell skal lægjast, og kvar ein haug; beint skal det verta det som krokut var, staupute vegen han skal verta slett, | |
Luke | NorSMB | 3:7 | Som no folket kom ut og vilde få honom til å døypa seg, sagde han til deim: «Orme-ungar, kven lærde dykk å røma frå vreiden som skal koma? | |
Luke | NorSMB | 3:8 | Ber då frukter som høver med umvendingi, og gjev dykk ikkje til å tenkja som so: «Me hev Abraham til far!» for eg segjer dykk at Gud kann vekkja upp born åt Abraham av desse steinarne. | |
Luke | NorSMB | 3:9 | Øksi ligg alt innmed roti på treet; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.» | |
Luke | NorSMB | 3:11 | Han svara deim: «Den som hev tvo trøyor, skal skifta med den som ingi hev, og den som hev mat, skal gjera sameleis.» | |
Luke | NorSMB | 3:12 | Det kom og nokre tollmenner som vilde døypast, og sagde: «Meister, kva skal me gjera?» | |
Luke | NorSMB | 3:14 | Like eins var det nokre hermenner som spurde honom: «Kva skal då me gjera?» Då svara han: «De skal ikkje plåga folk eller truga pengar utav deim! De skal nøgja dykk med løni dykkar!» | |
Luke | NorSMB | 3:16 | Då tok han til ords og sagde til alle: «Eg døyper dykk med vatn; men det kjem ein som er sterkare enn eg - eg er ikkje verdig å løysa skobandet hans; han skal døypa dykk med den Heilage Ande og eld. | |
Luke | NorSMB | 3:17 | Han hev kasteskovli i handi, og skal gjera av låven sin, og samla kornet i stabburet sitt; men agnerne skal han brenna i ein eld som aldri sloknar.» | |
Luke | NorSMB | 3:19 | Men då han tala til Herodes, fylkeskongen, for giftarmålet med Herodias, brorkona hans, og for alt det vonde han hadde gjort, | |
Luke | NorSMB | 3:21 | Då no alt folket vart døypt, og Jesus og var døypt, då hende det, med han bad, at himmelen opna seg, | |
Luke | NorSMB | 3:22 | og den Heilage Ande dala ned yver honom i duveham, og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er son min, som eg elskar; deg hev eg hugnad i.» | |
Luke | NorSMB | 3:23 | Jesus var um lag tretti år då han stod fram, og var, etter som dei meinte, son åt Josef, son åt Eli, | |