Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MARK
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 5
Mark NorSMB 5:1  So kom dei yver til hi sida av sjøen, til Gerasenarbygdi,
Mark NorSMB 5:2  og med det same han steig utor båten, kom ein mann med ei urein ånd imot honom frå gravholorne.
Mark NorSMB 5:3  Mannen hadde tilhald i graverne, og ingen kunde lenger få bunde honom, ikkje ein gong med lekkjor;
Mark NorSMB 5:4  for han hadde ofte vore bunden med fotjarn og lekkjor, men slite lekkjorne og brote sund fotjarni, og ingen var god til å døyva honom.
Mark NorSMB 5:5  Allstødt både natt og dag var han i graverne og på fjelli og hua og slo seg sjølv med steinar.
Mark NorSMB 5:6  Då han no såg Jesus langt burte, kom han springande og kasta seg ned for føterne hans,
Mark NorSMB 5:7  og ropa høgt: «Kva vil du meg, Jesus, son åt den høgste Gud? For Guds skuld: pin meg ikkje!»
Mark NorSMB 5:8  For Jesus sagde til honom: «Far ut or mannen, du ureine ånd!»
Mark NorSMB 5:9  «Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion er namnet mitt,» svara han; «for me er mange.»
Mark NorSMB 5:10  Og han naudbad Jesus, at han ikkje vilde driva deim ut or bygdi.
Mark NorSMB 5:11  No var det ein stor svineflokk som gjekk på beite der innmed fjellet;
Mark NorSMB 5:12  so bad dei honom: «Send oss burt i svineflokken, og lat oss få fara inn i deim!»
Mark NorSMB 5:13  Det gav han deim lov til. So for dei ureine åndene ut og for i svini. Og heile flokken, um lag tvo tusund svin, sette utyver stupet ned i sjøen og druknast.
Mark NorSMB 5:14  Dei som gjætte svini, rømde og sagde frå um det i byen og på gardarne, og folk tok ut og vilde sjå kva det var som hadde hendt.
Mark NorSMB 5:15  Då dei so kom til Jesus, fekk dei sjå at den forgjorde sat der klædd, og med sitt fulle vit, han som hadde havt djevleheren i seg. Og dei vart ottefulle.
Mark NorSMB 5:16  Og då dei som hadde set det, fortalde korleis det hadde gjenge med den forgjorde, og um svini,
Mark NorSMB 5:17  tok dei til å beda Jesus at han vilde fara burt frå grensorne deira.
Mark NorSMB 5:18  Då Jesus gjekk i båten, bad den forgjorde um han måtte vera med honom.
Mark NorSMB 5:19  Men Jesus let honom ikkje få lov, og sagde: «Gakk heim til folket ditt, og seg med deim kor mykje Herren hev gjort for deg, og kor god han hev vore med deg!»
Mark NorSMB 5:20  So gjekk mannen og tok til å gjera kunnigt kring i Dekapolis kor mykje Jesus hadde gjort for honom. Og alle undra seg.
Mark NorSMB 5:21  Då Jesus hadde fare yver til hi sida att med båten, og endå var nedmed sjøen, samla det seg ein stor folkehop kringum honom.
Mark NorSMB 5:22  Då kom ein av synagoge-forstandarane, som heitte Jairus, og med det same han såg Jesus, kasta han seg ned for føterne hans
Mark NorSMB 5:23  og bad honom mykje og sagde: «Vesle dotter mi ligg på det siste - um du vilde koma og leggja henderne på henne, so ho kann bergast og liva!»
Mark NorSMB 5:24  Jesus gjekk med honom, og ein stor folkehop fylgde etter, og trengde seg um honom.
Mark NorSMB 5:25  Millom deim var ei kvinna som hadde havt blodflod i tolv år.
Mark NorSMB 5:26  Ho hadde søkt mange lækjarar, og prøvt mange råder, og kosta ut alt ho åtte; men det hadde ikkje muna; ho var heller vorti verre.
Mark NorSMB 5:27  Ho hadde høyrt ordet um Jesus, og no kom ho midt i folkehopen og tok attantil i kjolen hans.
Mark NorSMB 5:28  «Kann eg få taka um so berre i klædi hans, vert eg god att,» tenkte ho.
Mark NorSMB 5:29  Og med ein gong stana blodflodi, og ho kjende det i likamen at ho var lækt for sjukdomen.
Mark NorSMB 5:30  Jesus kjende straks på seg at det for ei kraft ut ifrå honom; han snudde seg um i hopen og spurde: «Kven var det som tok i klædi mine?»
Mark NorSMB 5:31  «Du ser folket trengjer deg på alle kantar,» svara læresveinarne, «og so spør du kven det var som tok i deg!»
Mark NorSMB 5:32  Då såg han seg ikring etter den som hadde gjort det.
Mark NorSMB 5:33  Og kvinna, som var so rædd at ho skalv, av di ho visste kva som hadde hendt henne, ho kom og kasta seg ned for føterne hans, og sagde honom alt som det var.
Mark NorSMB 5:34  Då sagde han til henne: «Trui di hev hjelpt deg, dotter mi. Gakk heim og hav det godt, og ver fri sjukdomen din!»
Mark NorSMB 5:35  Fyrr han hadde tala ut, kom det folk frå huset åt synagoge-forstandaren og sagde: «Dotter di hev slokna. Umaka ikkje meisteren lenger!»
Mark NorSMB 5:36  Jesus høyrde kva dei tala um, og sagde til synagoge-forstandaren: «Ottast ikkje! Berre tru!»
Mark NorSMB 5:37  Han let ingen fylgja seg utan Peter og Jakob og Johannes, bror åt Jakob.
Mark NorSMB 5:38  Og då dei kom heim til synagoge-forstandaren, og han såg for eit ståk der var, og høyrde folk gret og våla,
Mark NorSMB 5:39  gjekk han inn og sagde: «Kva ståkar og græt de for? Barnet hev ikkje slokna; det søv.»
Mark NorSMB 5:40  Då log dei åt honom. Men han dreiv deim ut alle saman, og sjølv tok han med seg far og mor åt barnet, og fylgjesveinarne sine, og gjekk inn der barnet låg.
Mark NorSMB 5:41  Og han tok barnet i handi og sagde: «Talita kumi!» det er det same som: «Vesle gjenta, eg segjer deg: Ris upp!»
Mark NorSMB 5:42  Og straks reis veslegjenta upp og gjekk ikring; for ho var tolv år. Då vart dei straks reint som dei var frå seg.
Mark NorSMB 5:43  Men han forbaud deim strengt å lata nokon få vita det, og sagde dei skulde gjeva henne mat.